cover

Voices In the Fog

Dennis Driscoll

CD (2002) - K Records / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkpop / Indiepop

Spor:
Sarah Jane Part II
I Know
Telepathic Birdcalls
Drive-In
Fall In Love
Waitress and Sailor
Where Did We Go Wrong?
Neptune's Daughter
Second Hand
Sunday Is Over
You're Both Alone
Stormy Weather
I'm In Love With a Ghost
Moon Patrol
Little Old Me
Roller-coaster
You Don't Know

Referanser:
Beat Happening
Little Wings
The Microphones

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Slett ikkje heilt i tåka

Ukomplisert og likefram folkpop skulle være ein grei beskrivelse på kva vi får på Voices In the Fog.

Ukomplisert og likefram folkpop skulle være ein grei beskrivelse på kva vi får på Voices In the Fog. Det er ingen overdrivelse å hevde at plata har eit spartansk lydbilde, der Dennis Driscoll sin akustiske gitar er det bærende instrumentet. Rett nok fylles det på med litt andre lydkjelder innimellom, men dei gjer stort sett sitt ærend på eit lågmælt vis.

Sangavleveringa til unge Driscoll kan virke både ubesluttsom og tilbakehalden, noko eg egentlig berre finn sjarmerande når ein tek i betraktning det relativt amatørmessige uttrykket her. Det eg imidlertid ikkje finn sjarmerande er knirkelydane som til stadighet dukkar opp, som om det skulle være ei gammal velspelt LP-plate. Dette virkar berre irriterande og kan få ein til å lure på om det bak det "ærlige og upretensiøse" bildet, ligg aldri så lite jåleri på lur.

Til tross for det enkle lydbildet, har Dennis Driscoll og hans medhjelparar klart å skape eit relativt variert album. Likevel har eg ein forestilling om at det kunne vore endå meir interessant, hvis det hadde blitt dratt inn litt fleire instrument. Der det blir gjort er det definitivt med å gje plata meir spenst, som for eksempel cello-kaskadane på Stormy Weather, eller Theremin-tonane på Moon Patrol. Det er også ubetinga vellykka dei gangene Dennis har fått med seg damer til å dele på vokaljobben, og det er nettopp dette som bidrar til å gjere Telepathic Birdcalls og I'm In Love With a Ghost til to av høgdepunktene på plata. At det avgjort kan fungere med kun akustisk gitar som akkompagnement også, beviser han på nydelige låtar som Sarah Jane Part II og Neptunes Daughter.

Voices of the Fog er gjort i eit gjennomført melankolsk og naivt formspråk. Det handlar mykje om den litt tafatte unge mannen sine lengsler og forhåpningar, følgende tekststrofe frå Stormy Weather er ganske illustrerande:

"Maybe I put my raincoat on, and my galoshes,
and go downtown to see what came in the mail,
maybe my baby sent a letter with kisses,
it says how much she misses me, and wants to be by my side".

K records sin grunnleggar og mentor Calvin Johnson har produsert, og ein kan spore ånden frå hans fordums Beat Happening ved fleire anledningar her.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo