cover

Attica!

Wussy

CD (2014) - Damnably

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Poprock / Psykedelia / Countryrock

Spor:
Teenage Wasteland
Rainbows and Butterflies
Bug
North Sea Girls
Acetylene
To the Lightning
Halloween
Gene, I Dream
Attica!
Home
Beautiful

Referanser:
Ass Ponys
The Velvet Underground
The Who
Buffalo Springfield
R.E.M.
The Dream Syndicate
Divine Horsemen
Yo La Tengo
The New Pornographers

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Uforfalska lidenskap

Det er twang, det er pop, det er støy, det er reinspikka rock'n roll.

Eit gjentakande tema, spelt på eit elektrisk orgel, dansar seg tvers igjennom The Who sin Baba O'Riley. Ein vidgjeten song, eit vidgjete tema. Cincinnati-bandet Wussy er ikkje skvetnare enn at dei adopterer temaet, og gjer det til intro i opningssongen på sitt femte album, med den forskjell at det blir spelt på gitar. "Don't cry, don't raise your eye, it's only teenage wasteland" syng Pete Townshend midtvegs i Baba O'Riley. Teenage Wasteland er tittelen på opningssongen på Wussy sitt femte album. "Do you remember the moment you finally did something about it, When the kick of the drum lined up with the beat from your heart" syng Wussy-vokalist Lisa Walker, i songen si innleiande linje. Eg tenker at det er ein song som heidrar augeblikket då rock'n rollen sin heilage ande traff med evigvarande kraft. Kanskje gjennom ein song av The Who? Eit upretensiøst anthem, ein fantastisk song. Eg høyrer groovet gå, eg høyrer forstyrra og utemde tonar frå steel-gitaren til John Erhardt, eg høyrer Chuck Cleaver kalle fram el-gitaren sin ustabile demon, eg høyrer også at han syng med i nokre strofer. "Yeah, we heard you Pete, real clear, loud and clear on the last one" høyrer eg han og Lisa synge. Det er ein song som er 100 % rock'n roll. Full av levande nostalgi og pasjonert eksistens.

Wussy har vore eit band i over ti år. Utan at eg har klart å få det med meg, før altså denne Teenage Wasteland openbara seg. Noko eg nok burde har gjort, fått det med meg altså. Noko eg garantert hadde gjort om eg var ein ivrig lesar av den legendariske amerikanske musikkskribenten Robert Christgau. Mannen har, ser eg no, over fleire år prøvd å overtyde verda om at Wussy er det beste amerikanske bandet for tida, og gitt alle albuma deira ståande ovasjon. Utruleg nok er han inne på noko. Når eg no har dukka ned i heile backkatalogen deira, og hamna uforsvarleg djupt inn i Attica! er eg veldig nær med å gje han heilt rett. Sjølvsagt kan ein seie det litt meir snusfornuftig. Sjølvsagt kan ein seie at Wussy er eit av dei beste amerikanske banda for tida. Det er nok meir korrekt. Men du verden, det er både lett og kjekt å bli reven med. Spesielt når ein spreier eit bodskap om noko storarta som få har høyrt om.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock'n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

Songar som spenner frå sonisk brutalitet og nedharving av eit kjærleikstilhøve i Rainbows and Butterflies til meir truskyldig folkpop om badande jenter, iskrem og sommarleg sjel i North Sea Girl. Den første syng Chuck Cleaver, den andre syng Liza Walker. Cleaver er hovudvokalist i fire songar, Walker i seks, i ein song deler dei hovudrolla. Det er avslutningssporet Beautiful. Eit upretensiøst anthem, ein fabelaktig song. Den handlar om ein brann, som startar i ein lauvhaug, forårsaka av ein sigarett. Ting går tapt i brannen. Ting går tapt i livet. Ting har gått tapt mellom to stykk, mellom ho og han, men det starta med ein brann, ein fantastisk brann. Samstemt syng Cleaver og Walker eit tvitydig og fyrig refreng: "I'm not the monster that I once was, Twenty years ago I was more beautiful than I am today".

Det brenn forresten minst like sterkt i ein annan låt på plata, Acetylene. Den elektriske gitaren brenn, sakte, ulmande, og einslige strykarar glir innom i same ærend. Cleaver syng. "This is not a home, this is an appartment" startar han, og festar slik oppbrotstilstanden på tavla. "This is not a dream, this is disappointment" legg han snarleg til, og glir inn i ein historie om enno eit kjærleiksforhold som ikkje vart ein suksess. Slik han på ulikt vis gjer i mange av songane sine. Slik også resultatet vart då han og Lisa Walker hadde eit kjærleiksforhold i starten av Wussy-tida. Men då det tok slutt, og vart skrinlagt, gjekk det ikkje same vegen med bandet. Dei to må ha klart å kome fram til ei funksjonell forståing.

Ei forståing som kanskje er i samsvar med den dei to samstemt formidlar i avslutningsfasa av To The Lightning: "Bide your time, And when the time arises, rise and shine, and let me go". I ein song som tydeligare enn nokon andre på plata kan sporast tilbake til eit eksakt band; REM. Men det gjer ingenting, for det er ein popstorm av ein song. På ei plate som omfamnar mangt som har vore, men som først og fremst er. Som først og fremst er inderlig til stades i seg sjølv, og derfor vanskelig kan forvekslast med noko anna enn Attica!

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo