cover

Noble Beast

Andrew Bird

CD (2009) - Bella Union / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkrock / Kammerpop / Ambient / Folk / Neo-klassisk / Jazzpop

Spor:
Oh No
Masterswarm
Fitz and the Dizzyspells
Effigy
Tenuousness
Nomenclature
ouo
Not a Robot, But a Ghost
Unfolding Fans
Anonanimal
Natural Disaster
The Privateers
Souverian
On Ho

Referanser:
Joe Henry
Rufus Wainwright
Sufjan Stevens
Paul Simon
Wilco
The Shins

Vis flere data

Se også:
Break It Yourself - Andrew Bird (2012)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Nobel pop

Så fabelaktig kan popmusikk vere. Om ein slepp til ein Bird med riktige idear, fager røyst og nystemt fiolin.

Sjølvglødande hype eller uanstendige reklamebudsjett har aldri blitt Andrew Bird til del dei gongene han har hatt ei ny plate på trappene. Sakte men sikkert har det likevel vokse fram ein trufast fanskare som ser fram til hans neste framstøyt med von, og eit smått bankande hjerta. Det er det gode grunnar for. Andrew Bird har nemlig lagt seg til den fordelaktige vanen å servere popmusikk ein ikkje berre plasserer i hylla og gløymer. Så sjølv om hans plass i spaltene helst er av det diskret slaget, vil musikken hans leve lenge etter at førre vekes hype er på god veg inn i anonymitetens grå rekker.

Det er ikkje mykje grått over tonane til Andrew Bird. Tonar han har tappa frå mang slags kjelder. Og som derfor lyt finne seg i å dele rom med klangar og lydar dei ikkje har for vane å leve så altfor tett innpå. Men Bird fører dei saman med stø hand, og får det til å låte som om dei har vore dansepartnarar i ualminnelige tider.

Andrew Bird kom til popmusikken frå ein klassisk studert ståstad. Med fiolin som sitt hovudinstrument byrja han søke mot jazzige og folkfarga tonar av gammal årgang. Førkrigsårgang. Saman med eit band han døypte Bowl of Fire gav han på slutten av nittitalet ut albuma Thrill og Oh! The Grandeur. Før han fullendte bandsamarbeidet med meisterverket The Swimming Hour (i 2001). Eit album der han førte bluesen, soulen, jazzen, countryen og sigøynertonane saman til eit vitalt kraftpoputtrykk som var veldig hans eige.

Etter den spenstige symjetimen sa han farvel til bandet og byrja gje ut plater som berre Andrew Bird. Alle har dei dette eklektiske og idérike poputtrykket. Med den konsekvens at vegen inn til dei byr på visse utfordringar. Men langt i frå uoverkommelige utfordringar.

Berre ein fylgjer med.

Då vil ein rå med svingar ein ikkje er førebudd på, og kryssande tonar som er dårlig varsla. Og synst helst berre det er spennande at ei låt kan smalne til i enden av eit breitt refreng. For ein oppdagar at Bird sine soniske vegval ikkje har ei ekskluderande form. Han driv ikkje med skrudde ting for skrudde tings skuld. Han serverer tonar med ein hjertelig invitasjon til lyttaren om å bli med innafor. Og heile vegen tillendes.

Når det er sagt. Plata han nett nylig har levert frå seg, Noble Beast, er mindre forsynt av intrikat åtferd enn noko anna Bird-album. Den er i grunn ganske så lett å komme på talefot med. Ganske så lett å like. Utan at den mister glansen etter nokre rundar. Nei fanken, den skin berre meir og meir.

Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.

Eit av Andrew Bird sine varemerke er plystringa. Den er til stades på Noble Beast med. Ikkje i overdriven grad sjølvsagt. Mannen veit jo å avgrense seg. Han likar heller ikkje å virke repeterande. Det er vel kanskje derfor han ikkje bygger opp songane sine innafor heilt konvensjonelle popstrukturelle rammer. Joda, han har vers, han har refreng, og han har bruer. Men ver ikkje sikker på at han syng refrenget fleire gonger. Rekn med at han gjev versa litt forskjelligarta medfart. Sjå ikkje bort i frå at han kan ta ein liten Coltrane-runde med fiolinen. Og sjølvsagt kan det tenkast alternative måtar å forsere ei bru på.

Det er plystretonar som fører Noble Beast i gang. Om opningslåta Oh No har Bird sjølv sagt at inspirasjonen kom til han på ein flytur. Han satt i nærleiken av ei mor med eit lite barn som absolutt ikkje ville sitte på flyet. Barnet sitt gjentakande klagande og smått terroriserande "oh no" levde i øyregangane hans enno lenge etter at turen var over. At dette i neste omgang skulle føre til at han kom opp med eit suspekt sjarmerande sing-a-long refreng er på ingen måte sjølvsagt. Men det har han gjort:

Oh arm in arm we are the harmless sociopaths
Arm in arm with all the harmless sociopaths


Sjølve songen kan nok likevel tolkast å handle om heilt andre ting enn barns ulyst til å sitte i ro på eit flysete. Utan at eg kan seie eg sit med ei klar meining om kva det skulle vere. Verken når det gjeld denne, eller nokon som helst Birdsong. Han likar å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og omgrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar.

Slikt fordrar kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet. Det er heller ikkje på noko vis nødvendig med kunnskapar om kva ein Anthurium Lacrimae måtte vere, for å ha glede av Natural Disaster. Denne utsøkte songen der Bird får fram bilde av både evolusjon og undergang. Om våren som lurer under isen. Men også om utålelige dufter, og ein ulv med lungesjukdom. Økologisk popmusikk. Jepp. Både i ord og lyd.

Naturen, og det som lever, andar, døyr, og vaknar til liv att der, verkar vere eit slags gjennomgangstema på Noble Beast. Masterswarm til dømes, blir invadert av mikroskopiske skapningar med gode og mindre gode hensikter. At låta i tillegg har ein kriblande kravlande rytmikk dempar ikkje det inntrykket. Tittelen i mangefasetterte Anonanimal blir på si side fort til eit ikkje-dyr. Til ei vakker men lumsk sjø-anemone. Medan det i vemodige Nomenclature blir stilt spørsmål med om det ikkje er på tide å spørje havet, for å få eit litt anna perspektiv på tilstanden.

På sitt mest vemodstunge er Bird i balladen Effigy. Fiolinen let mest som ei fele, og det handlar om einsemd og ikkje heilt enkle mellommenneskelige tilhøve. Med bilde tilbake til tradisjonen å sette fyr på eksakte kopiar av personar ein ikkje hadde noko til overs for (- det vil i det minste halde flugene vekke, insinuerer songaren). Optimistiske tankar blir heller ikkje formidla i Souverian. Vakre Souverian. Det er noko vesentlig som er til hinder for det. For sjølv om våren er i emning og fuglane syng; "my lover won't return to me". Så då blir det vel heller til at tistlane rispar han opp.

I eit meir catchy hjørne finn ein Bird når han serverer smart pop i Fitz and the Dizzyspells, fortel om merkelige draumar, og gjer substantiv om til verb; "so soldier on, soldier on". Popdynamikk av det uimotståelige slaget er også kva The Privateers byr på. Håp har den også. Eit haustleg håp; "now all the leaves are fallen dear... so carry me to Mecca, with what you my divine".

Det lette blir aldri lettvint. Det tunge blir aldri trykkande. Og tonane dansar så elegant. Noble Beast er popmusikk så levande, og så feiande flott, at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

PS. I eit limitert opplag av albumet kan ein finne ein ekstra CD lagt ved. Ein ni-spors instrumentalsak titulert Useless Creatures, som Andrew Bird har spelt inn i trioformat, med Todd Sickafoose på kontrabass og Wilco-medlem Glenn Kotche på perkusjon. Det er kortare og lengre ambiente nummer. Det er ein kenyansk folkemelodi. Det er stoff som tenderer mot det klassiske lydfeltet. Og ikkje minst er det eit fint jazzgroove over mykje av stoffet. Høgdepunktet er det ti-minuttar lange kuttet Carrion Suite. Der Bird svingar bogen i både klassiske og jazza former, medan hans to medsamansvorne lar groovet gå.
Den er slett ikkje dum å ta med seg den heller.

comments powered by Disqus

 



Hallvard Sægrov
2009-02-23Interessant...

Fin anmeldelse. Jeg er blitt skikkelig glad i Armcair Apocrypha og dette høres jo veldig interesant ut. Gleder meg til å høre denne!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo