cover

This is Not Sweden

Boschamaz

CD (2007) - Hecca / Division / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Ambient / Psykedelia / Country / Instrumental / Elektronika

Spor:
Boatman
Warthogs
Clint In Hawaii
Insole Pox
Tierra Del Fuego
Know Nun
Sifaka
Wonk Nun
Larches

Referanser:
Huntsville
Daniel Lanois
Brian Eno
Ennio Morricone

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Smal musikk i opne landskap

To unge karar har improvisert fram lydsporet til ei draumaktig reise i opne landskap.

Den norske duoen Boschamaz føler av ein eller annan grunn for å gjere det klart i tittelen at This Is Not Sweden. I presseskrivet blir det i staden snakka om eit smalt grenseland mellom acid og jazz. Eg veit ikkje om grenselandet blir så veldig mykje større om eg insisterer på å presse inn ambient og country også, men legg vi tonane deira til grunn ja så er det i alle fall golde og opne landskap som kjem til syne.

This Is Not Sweden er Boschamaz sitt debutalbum. Men det er ikkje første gongen Erland Dahlen spelar trommer på ei plate, han har vore medlem av Madrugada og spelt med både Hanne Hukkelberg og Kaada også. Det er heller ikkje første gongen Bjørn Charles Dreyer spelar gitar eller elektroniske instrument på ei plate, han har mellom anna spelt med Mari Boine, Wibutee og Jan Bang tidlegare. Så erfaring saknar dei ikkje. Ikkje utforskingstrong eller musikalsk djervskap heller.

I mitt forsøk på å plassere lyden av Boschamaz i ein større samanheng har dei heilt opplagte referansepunkta aldri komme verken flytande eller dansande mot meg. Så derfor kjem dei seg kanskje unna med følgjande friske utspel saksa frå presseskrivet; "If you have heard this before, you get a full refund".

La meg likevel gjere eit forsøk på å skildre det eg høyrer (og ser). Coverbildet viser ein dresskledd mann, med reiseveske i høgre hand og ein frakk slengt over venstre underarm. Han kjem vandrande einsam i eit goldt landskap. Kjem han frå havet? Er det ein sjømann som har mønstra av? Første spor på albumet heiter i alle fall Boatman. Det er eit slikt eit som sug deg inn i ei atmosfære og ikkje slepp taket før alt som fylgjer etter har stilna, og reisa er over.

Utan ord og utan bilde, men med klare gitartonar, bølgjande og svellande elektronikk og ledug og stødig rytmikk stryk tonane frå Boatman seg inntil ein og pirrar førestellingsevna. Coverbildet byrjar å leve. Ein film byrjar å rulle. Opningssekvens i Paris Texas, der Travis Henderson i Harry Dean Stanton sin skikkelse kjem inn frå si ørkenvandring blandar seg inn. Sola brenn vandraren ubarmhjertig i ryggen, sveitten sildrar, kroppen er trøtt, og alt han er og alt han har er det vi ser. Forresten ikkje ratt alt, som ein del andre avmønstrarar, som ein Espen Arnakke, som ein Lord Jim, ber han på ein imaginær ryggsekk der innhaldet slett ikkje berre er av styrkande karakter. Slik eg aktar å sjå det, er det deler av dette innhaldet dei to karane i Boschamaz legg fram for oss i dei åtte passasjane som fylgjer.

Med skisser, idear og ikkje altfor strengt utprøvde strukturar samlast dei kring kvar sine lydkjelder og lar det stå til i beste improvisatoriske ånd. For kvar gong dei har spelt seg ferdig går dei tilbake og gjer kvarandre ein sjanse til. Ein sjanse dei nyttar til å plassere kvar sin overdubs der det kjennes riktig, men berre ein kvar.

Det blir derfor ikkje låtar i tradisjonell tyding dei serverer, men meir stemningar og lydkulisser. Stort sett stillferdige og med eit tydelig melodisk vesen. Lengst unna å leve opp til den påstanden er Warthogs, der usymmetriske rytmar dominerer bildet, og så vidt tillet lyden av ein steelgitar å gjere seg til kjenne. Steelgitaren skal imidlertid dukke opp i sentrale roller utover albumet. Den er der som ein vemodig bris i den elles smått groovy og litt Morricone-aktige forteljinga om Clint in Hawaii. Det einaste sporet med snev av vokale utbrot, og det einaste sporet med ein gjestemusikar, Øyvind Storesund på kontrabass.

Eit vakkert høgdepunkt er det dvelande, varme og punktumfrie bildet som blir teikna av Tierra Del Fuego (Ildlandet). Den silkemjuke steelgitaren, den nennsame tromminga og den lengtande fløytelyden i Sifaka gjer også godt å lene seg mot. Medan det er meir rytmetungt og pågåande i dei to litt barskare "nonnestykka", Know Nun og Wonk Nun. Kan det vere dei litt mindre oppbyggelege sidene av sekken sitt innhald som blir undersøkt her?

Boschamaz gjer deg ingen svar, dei opnar berre for ein del mogelegheiter. Og så demonstrerer dei at det ikkje alltid er nødvendig å seie så mykje for å få sagt noko.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo