cover

Heaven

The Walkmen

CD (2012) - Bella Union / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Post-punk / Folkrock

Spor:
We Can't Be Beat
Love is Luck
Heartbreaker
The Witch
Southern Heart
Line By Line
Song For Leigh
Nightingales
Jerry Jr.'s Tune
The Love You Love
Heaven
No One Ever Sleeps
Dreamboat

Referanser:
Echo & the Bunnymen
U2
The Strokes
Arcade Fire
The National

Vis flere data

Se også:
Lisbon - The Walkmen (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Livet er herlig

Så er det blitt familiefedrar av The Walkmen også. Då lyt det roast litt ned.

Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på den nye plata til The Walkmen. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona. Ti år etter at det noko nedtrykt frå same leir blei hevda at Everyone Who Pretended To Like Me Is Gone. Åtte år etter at Hamilton Leithauser med si karakteristisk dirrande røyst snerra "you've got a nerve to be calling my number". Fire år etter at same mann konkluderte ein av dei finaste songane med "I'm almost home, I'll see you in the new year". To år etter at dei var i Lisboa, og song om Angela Surf City. Er dei i år i Heaven.

Der går dei litt stillare gjennom songane sine. Der tar veldig sjeldan Leithauser og hentar ut den fulle krafta av røysta si. Der dunkar Matt Barrick trommeskinna i stødige former. Der ringer og gnistrar den elektriske gitaren til Paul Maroon, som før kunne vere både kantete, kald og kynisk, i eit ganske så beherska og varmt lune, og nokre gonger er den byta ut med ein akustisk. 


I pressebilda som blir presentert i samband med utgjevinga kan vi sjå dei fem i bandet avbilda med kvinner og barn. Dei er fedrar, dei har familie, dei lever eit rimelig godt liv, og songane speglar det. ("We can't be beat". "This love is luck". "I'm not your heartbreaker". "Ooh you're my best friend". "These are the good years".) Utan svulst og pretensjonar, i grunn.

I eit sedvanlig romslig og vitalt lydbilde syng Leithauser sin Song For Leigh. Til ei dotter. Ein fengande liten sak i krysningspunktet mellom ein popsong og The National. We Can't Be Beat opererer på si side i eit krysningspunkt mellom visesong og doo-wop. Og songaren syng nokre sympatiske og forstandige linjer, om livet.

I don't need perfection, I love the whole
Oh give me a life, that needs correction
Nobody loves, loves perfection



Heartbreaker, som altså handlar om å ikkje vere ein som knuser hjerter, er ein fengande, ekspanderande godrocklåt. Frisk, optimistisk, og med eit lite mellomparti der Maroon får effektuert ein gunstig dose ekstravagante gitarutslepp. Noko annleis låte gitaren hans i Line By Line, der ringar den inn eit mønster som så blir gjentatt og gjentatt, og er flott, og Leithauser syng om at det er dei yngste som vil overleve, og han er urolig. Alt er ikkje heilt trygt. Det finst grunnar til å tvile, det finst saker å angre på. Også i Heaven.

Songaren minnest ei med eit Southern Heart. Blir varleg akkompagnert av ein akustisk gitar. Og spør kvinna om ho kan fortelje korleis ho kunne elske alle desse menna ho var etter. Han finn fram til krafta i røysta si i det drivande rockenummeret The Love You Love, og konstaterer "baby, it's the love you love, not me". For så i No One Ever Sleeps i harmonisk tospann med Robin Pecknold (Fleet Foxes) samle seg om nokre mellomkrigstonar og ei lita rekke med urolige tankar.

Heaven representerer på ingen måte eit anna The Walkmen. Dei har vore på veg hit desse ti åra. Frå det grumsete og uregjerlige til det melodisk medgjerlige og sonisk friserte. Ein kan saktens seie at The Rat er eit stykke unna Heaven, men Lisbon er ikkje så skrekkelig langt unna. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, synst no eg. Eit likandes band.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: