cover

Her om natta

Erlend Ropstad

CD (2014) - Later Gator

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Singer/songwriter

Spor:
Vise Om Sverige
Maria
Ikkje Syng
Æ Er En Av De
Idiot
Her Om Natta
Du Skulle Ha Dansa
Elisabeth
Sorgenfri
Vintervindene

Referanser:
Lars Winnerbäck
Ulf Lundell
Thåström
Stein Torleif Bjella
Roy Lønhøiden
Trond Granlund

Vis flere data

Se også:
Hva om det ikke er sånn som du tror at det er - Erlend Ropstad (2013)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Slik det er

Norsk visesongar, svensk klang, personleg stemme, minneverdige viser.

Svenske visesongarar har eit bra renommé her til lands. Underteikna er ein av mange som har flust av den slags i platehylla. Ja skulle eg ha laga ei liste over dei ti beste viseplatene frå Norden, ville fleirtalet av platene garantert ha vore av svensk opphav. Erlend Ropstad likar også svenske visesongarar. Han har endåtil laga ein song om det. Med ein porsjon beundring, ein porsjon skråblikk, ein porsjon humor, og ein porsjon sjølvironi, serverer han ei fornøyelig vise om tilhøvet. Vise Om Sverige. Ropstad og hans akustiske gitar, og smålåtne funderingar kring dei mangelfulle genane han har fått "frå de flekkerøyfiskarane" kontra mystikken og refleksjonsevna til trubadurane på andre sida av kjølen. Også kalla "svensk attityd". Kapitulasjon er det like fullt ikkje snakk om. Han tek det helst med eit smil, eit lunt smil om munnen, og gjer som førebilda, syng "refrenget litt på skrå", og slår skjemtande fast at det er "en ting som æ må gjør før æ dør, og det er å være en gammel svensk visesanger, det er det ingen nordmenn som har klart før, men æ har ikke prøvd meir enn et par ganger".

Med denne kostelige songen startar Ropstad si nye plate, og gjer eit slags varsel om det som skal komme etterpå, samstundes som songen er ganske så annleis enn det som fylgjer.

Sist Erlend Ropstad var her satt han i vindaugskarmen og formidla, ganske så varleg, minner frå ein oppvekst. Med lite anna selskap enn ein akustisk gitar. Slik er det ikkje denne gongen. Han er ikkje åleine, han sitt slett ikkje i nokon vindaugskarm, og det handlar på ingen måte om barndomsminner. Han er i eit studio i Sverige, i de Värmlandske skogar. Han har med seg folk som koplar instrumenta sine til straumnettet. Det kan vel knapt nok kallast viser dette her vil sikkert fleire seie, idet bassen brumlar på det mest brutale. Men det var det ikkje eg som sa. For kan ikkje viser få lov å ha litt bråk i seg då? Det var det eg som sa.

Slik eg oppfatta det fant Erlend Ropstad fram til noko som gjorde han spesiell på den førre plata si. Den med den lange tittelen og det essensielle spørsmålet – Hva om det ikke er sånn som du tror at det er?. Den første der han nytta morsmålet. Det gjorde nok sitt. Men først og fremst vart plata det den vart gjennom formuleringar med ein poetisk og naturlig klang, og ein tone som var varm og menneskelig. Element som på ingen måte har dunsta bort. Dei har blitt med han til Sverige, og bidreg til at Her Om Natta er ei like rik oppleving som den førre.

Den klassiske instrumenttroikaen elektrisk gitar, bassgitar og trommer er ryggrada til fleirtalet av songane på plata. Opningssporet har knapt nok stilna hen før denne treeinigheita går tungt til verks. Til eit knurrande riffbrygg av nærast southern-kaliber kjem den tvilrådige songen til Maria. Og det er vel der, blant instrument som knurrar, og ein songar som fører si rue røyst i litt meir kraftfulle former enn sist, at plata lever sitt liv. Eit godt liv. Med nokre brot, sterke brot, og nokre injeksjonar av andre saker. I ein sonisk eim frå karar som Ulf Lundell, Thåström og ikkje minst Lars Winnerbäck.

Tittelkuttet er det mykje Winnerbäck i. Ein song om stjernelysets magi kontra kjærleikens noko sviktande magi. Servert i eit enkelt og effektfullt driv. Du Skulle Ha Dansa fylgjer, for så vidt i same lei, men med eit meir ettertenksamt vesen, og idear om at det absolutt ikkje er for seint å få kjærleiken til å blomstre att. Med feletonar frå Erlend Viken som yppig ingrediens. Ved eit par andre høve trekke Ropstad inn ein synthesizer. Spesielt minneverdig i så måte er opningssekvensen på Vintervindene. Kranglete synthtonar kring ein manande puls, som så blir avløyst av nokre frodige pianoakkordar og ein songar som føler trong til å erkjenne at han "har ikkje kjent noe sånn siden 95". I dei seinare partia av songen dukkar Hanne Kolstø opp og gjer fruktbar vokalhjelp. I ein song med eit optimistisk åsyn, som forkynner trua på den store kjærleiken, og at den derfor er verd å verne om og legge "i lé for vintervindene". Men før Ropstad er komme dit har han vore gjennom ein og annan vanske. Ein og annan song som fortel at det ikkje berre er lett dette livet, og denne kjærleiken.

"Det der er ikke lett Elisabeth" er mantraet i ein av songane. Felespelar Erlend Viken har her sin andre opptreden, og gjer låta eit skarpt folkloristisk uttrykk, medan songaren halvsyng og heilsyng, hjertelig og tvilande, om vegen vidare med denne Elisabeth, eller kanskje utan henne, han ser det ikkje klart føre seg, og eigentlig vil han ikkje snakke meir om det, "for det her er ikke lett Elisabeth". Endå meir problematisk har hovudpersonen i songen som kort og ugreitt heiter Idiot det. Her sit Ropstad åleine med pianoet, og knirk frå golv og stol (og kven veit) er effektfulle element i framstillinga av songens nakne vesen. Temaet er anger, tung anger, og kor vanskelig den er å målbere. Heilt umogeleg i grunn. "Det er ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, æ kan si".

Erlend Ropstad seier det ikkje med komplekse og vanskelige ord. Ikkje med mystiske bilde eller svevande metaforar. Visene hans har eit enkelt språk. Men dei rommar mykje. Livet, slik songaren har blitt kjent med det, og slik mange kjenner det. Eg merkar at det har ein verdi å støtte skuldra til songar som desse.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo