cover

Short Movie

Laura Marling

CD (2015) - Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Visepop / Singer/songwriter / Folk / Blues

Spor:
Warrior
False Hope
I Feel Your Love
Walk Alone
Strange
Don't Let Me Bring You Down
Easy
Gurdjieff's Daughter
Divine
How Can I
Howl
Short Movie
Worship Me

Referanser:
PJ Harvey
Sharon Van Etten
Kristin Hersh
Cat Power
Josephine Foster
Jolie Holland

Vis flere data

Se også:
A Creature I Don't Know - Laura Marling (2011)
Once I Was An Eagle - Laura Marling (2013)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eksistensiell snerr

Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.

På ei reise rundt i USA, som i hovudsak handla om å vitja eit alternativt USA, hamna den engelske folkartisten Laura Marling ein ettermiddag på ein bar i Mount Shasta. Ein eldre hippiefyr slo seg etter ei tid ned ved sida av henne. Etter ein noko lunken start på samtalen lausna det litt om senn. Mannen kunne spele fløyte viste det seg, og budde i skogen og praktiserte som shaman. Til mangt og mykje av det som blei sagt rista han på hovudet og sa "it's a short fucking movie, man". Orda skulle bli med Marling vidare, og ha sin betydning når ho spelte inn si neste plate.

"It's a short fucking movie, man" syng Laura Marling gjentekne gonger i tittelkuttet. Eit ganske så fantastisk tittelkutt. Eit ledug og ekspanderande, røft og rett så groovy nummer, med eit ekstraordinært vakkert melodisk sinnelag. Denne filmen det er snakk om, det er nok sjølvaste livet det. Og det er jo som kjent ikkje så heilt enkelt å hanskast med. Ikkje for Laura Marling heller. Men ho legg no for dagen at ho prøver. "I'm paying for my mistake" startar ho med å erkjenne, "that's ok" legg ho raskt til, men ikkje så heilt smertefritt. Ho ser seg sjølv utanifrå, og spør seg, med sjølvironi i tonefallet, kven ho trur ho er. "Just a girl that can play guitar" lyde det nakne eksistensielle svaret. Ikkje noko større, ikkje noko meir, sånn er det. Ho er her i livet, og vandrar rundt som ein blant milliardar. Meiningsfullt og meiningslaust. Ei kort tid. "It's a short fucking movie, man".

Over akslane og i henda har Laura Marling denne gongen vel så ofte ein elektrisk som ein akustisk gitar. Ho sirklar seg vel så mykje inn mot eit snerrande rockeuttrykk som at ho står der open og sårbar med den tandre tone krinsane rundt seg. På si femte plate i ein alder av 26 år er ho nok påverka av at ho har budd dei to siste åra i USA. Meir det kanskje , at ho har budd i USA, enn at ho har budd i Los Angeles. Laurel Canyon, vestkyst, Joni Mitchell og slikt har ikkje ei spesielt framtredande rolle her. Derimot høyrer eg mykje blues. Om ikkje nødvendigvis i tradisjonell tonal form så er den der i blodet som straumar gjennom songane, i vibbene som omgjer dei, og i orda som klengjer seg til dei.

"You're not the warrior I've been looking for" blir det proklamert i opningssongen. I eit symbolikksterkt bilde strekar ho opp hesten og krigaren. Hesten fører ordet. Hesten er kvinna, krigaren er mannen. Han vil ikkje gå i striden aleine. Ho klarar ikkje sjå at han er krigaren ho vil døy for. Metallisk svevestøy og ein hutrande tone kallar fram tankar om ein apokalyptisk tilstand.

"Do your best to be a good man" blir det oppfordra til i Strange. Ein groovy rakkar av ein låt, som kan minne litt om noko Rickie Lee Jones knipsa fram tidleg på åttitalet. Ein song der kvinna er den handlekraftige og mannen den rådville.

"I've been up late with the night birds, begging the dawn not to come" innrømmer hovudpersonen i Howl, og skildrar ei morgonstund ho helst ikkje vil utav, i ei seng med ein ho helst ikkje vil forlate. Eit stumt skrik lada av pasjon og uro jagar gjennom henne. Tonen er elektrisk, melodien barmhjertig.

Short Movie er tretten glimt inn i kva livet kan ha å by på. Nokre gonger klarare framstilt enn andre gonger, men aldri klinkande klart. Poesien har luft i seg, tonane like så. I samspel har dei ei medrivande kraft. Fant eg ut etter kvart. Denne gongen også. For ein lyt ta seg litt tid om ein vil inn der det medrivande finn stad i songane til Laura Marling (i alle fall lyt eg det). Spele plata fleire gonger. Lytte. Verkelig lytte. Og så skjer det, for femte gong sidan 2008: Tilknepte knoppar blomstrar, og fargane viser seg å vere fleire.

"Well is it still OK that I don't know how to be alone?" spør songaren i False Hope. Riffrøffe og rocksnerrande False Hope. Ein song som blei til då Laura Marling budde i New York nokre veker, og stormen Sandy herja. Eg oppfattar spørsmålet som meir eksistensielt omfattande enn å berre handle om situasjonen der og då, i stormen, i straumbrotet, i søvnlausheita. Utan at det blir uttalt opplever eg at spørsmålet også ligg og gneg andre stader, i andre songar på plata. I Easy til dømes, der Marling akkompagnert av strengeplukking og strykargnissel forfektar at det mellommenneskelige var lettare i ungdomstida, at einsemda no har tatt eit sterkare tak, at "you can't be lost if you're not on your own". Eller i jazzrytmiske How Can I, der ho både tar for seg ein groande sjølvtillit og det ikkje heilt uvanlige spørsmålet "how can I live without you?"

Plata har ho produsert sjølv denne gongen, noko ho gjerne må gjenta neste gong også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo