cover

Now Breathe

Christer Knutsen

CD (2009) - CCAP / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkpop / Norwegian depression

Spor:
The Way it Will Always Be
Looking This Good
This Week's Next Big Thing
Main Street
Time
Your Fall
Small Star
To Hold On
Here She Comes
It's You I Want

Referanser:
Sgt. Petter
Thom Hell
Minor Majority
Chris Bell
Roger McGuinn
Gene Clark
Raspberries
Badfinger
Tom Petty and the Heartbreakers
The Jayhawks
Matthew Sweet
Rhett Miller

Vis flere data

Se også:
Would You Please Welcome - Christer Knutsen (2005)
Grand Hotel - Christer Knutsen (2006)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Anonym poppynt

Han har latt seg inspirere av mykje bra, denne Knutsen, men sjølv er han umogeleg å få auge på.

Med sine trauste steg kjem Christer Knutsen for tredje gong og leverer frå seg ei plate. Det er vel snart fem år sidan han kom i slikt eit ærend for første gong. Då med atskillig country i popopplegget sitt. Dette har han gradvis høvla vekk, til han i dag står att med ei ganske så glatt og flisfri popoverflate. Ei overflate der referansane står skrive, tett i tett - men Knutsen sin eigen signatur er umogeleg å finne.

Popreferansane går veldig mykje tilbake til desse som tok arven frå Beatles og Byrds med seg inn i syttiåra. Knutsen sjølv nemner Big Star som ei viktig inspirasjonskjelde. Eg høyrer veldig lite Chilton her, men avtrykka etter dei Chris Bell-signerte låtane er så absolutt til stades. Frå litt seinare tider kan vi blant mange andre kjenne att den poppige sida til Tom Petty, og tonen til Rhett Miller (Old 97's) og Matthew Sweet.

Kyrre Fritzner har produsert, deLillos-gitarist Lars Lundevall er blitt ein del av bandet The Sacred Hearts. Her er ein for så vidt funksjonell poptone, dugande harmonisong, og gitarane gjer sitt forventa. Det er habilt handverk. Ja eg trur til og med det kan ha blitt gjort med overskot og glede. Men det festar seg ikkje, det berre fer forbi. Det er som røykskya du blas av garde for litt sidan, den betyr ingenting lenger. Først og fremst vert det slik fordi låtane sviktar. Tonen, strukturen og orda. Dei har ingenting å by på, ingenting å seie, som ikkje er sagt før, utallige gonger, og betre, langt betre.

Låt kjem, og låt går, utan å gripe tak i meg. På to tålelig brukbare unntak nær. Pianoballaden You Fall, med sine små hint mot Wilco (Being There-æra). Utan at den vel kan karakteriserast som særlig mykje meir enn ein gjennomsnittleg lighterballade av den grunn. Det andre unntaket er den akustiske visa It's You I Want, som av ein eller annan grunn sender tankane mine i retning Lucinda Williams. Det finst verre tankar.

Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn. Og det gjer det. I eit gitarpopbilde kalla "sånn skal det lyde", eller kanskje The Way It Will Always Be. Og det er greitt det, om ein synst det er eit godt bilde å vere i. Om ein ikkje har dei store forventningane om å bli lagt merke til. Om ein vil vere venlegsinna radiopynt, eller gløymt i morgon.

comments powered by Disqus

 



Eigil Jansen
2009-10-12Kanonbra

Meiningslaust å halde mot Knutsen at det er mindre køntri nå enn før. Det bestemmer heldigvis ikkje du. Og går det verkeleg an å skrive "Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn."? Eit album er ein heilskap, det er vel ikkje negativt at noko passer inn i den heilskapen?

Plata er den første norske plata eg har kjøpt på 5 år.

Oddmund Berge
2009-10-13Fullstendig meiningslaust

1. Du har heilt rett i at det er meiningslaust å halde mot Knutsen at han er mindre country no enn før. Fullstendig meiningslaust. Og det har absolutt ikkje vore min intensjon heller. Ser likevel av teksten at det kan bli forstått slik. Det var litt dumt.

2. Jo, det går verkelig an å skrive "Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn". Men du drar utsagnet inn i ein samanheng eg slett ikkje hadde tenkt det. Har eg vore uklar her også? Hmmm......

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo