cover

Ghost on the Motorway

Michael J. Sheehy

CD (2007) - Glitterhouse / S2

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Gospel / Singer/songwriter

Spor:
Break in the Clouds
Curse the Day
Crawling Back to the Church
Retread the Dry Bony Ground
Bloody Nose
New Orleans
Torriano Avenue
Song for Davy
Company Man
Ghost on the Motorway
So Long Sorrow Town
Son of Blue Moon

Referanser:
Townes Van Zandt
Nick Cave
Midnight Choir
Tom Waits

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Der trøbbel gror

Han syng om det trøblete i livet, Sheehy også, men han er vel verdt å høyre på.

Det er noko som seier meg at eg burde ha høyrt på Michael J. Sheehy tidlegare. Lenge før Ghost on the Highway gav seg til kjenne no heilt nyleg. Det er noko med Ghost on the Highway som seier meg dette. Ganske mykje, faktisk.

Ein liten tur innom All Music Guide fortel meg at Sheehy på nittitalet var den fremste drivkrafta i Dream City Film Club. Ikkje ein filmklubb for urbane drøymarar, men eit London-basert rockeband med ein sterk hang til å vandre i dei ganske så mørklagte irrgangar. Tre plater spelte dei inn, før Sheehy ved overgangen til det nye årtusenet tok til å spele musikk under eige namn. Tre soloplater på tre år var frekvensen, i ein meir dempa og skjør singer/songwriter tradisjon enn kva han hadde gjort saman med filmklubben. Men så vart det stille. I fem år. Utan at verken Pitchforkmedia, Dagbladet eller underteikna har etterlyst han.

Alle hans tidlegare utgjevingar har komme ut på Beggars Banquet, denne gongen er det tyske Glitterhouse som har tatt på seg å spreie tonane hans utover det europeiske kontinentet. Tonar som definitivt har mykje til felles med fleire av hans stallkameratar hos Glitterhouse. Desse som synst Townes Van Zandt er minst like stor som Bob Dylan, og som veit at lenge før ein Van Morrison og ein Nick Cave, var det ein Hank Williams, ein Leadbelly og ein Son House. Desse som ikkje har vanskar med å innrømme at dei opererer innafor ein mangeårig tradisjon, men som likevel klarer å gje si eiga røyst eit særpreg.

Hos Sheehy finn vi spor etter såvel country som blues, gospel, rock og engelsk folktradisjon. Skjenka i ei sonisk form som langt oftare heller mot det varlige enn mot det elektrifiserte og frenetiske. Ukompliserte låtar i eit organisk og luftig lydbilde, og med ei spenning i seg som gjer dei vel verdt å fylgje.

Det er flokane ein sjeldan for løyst, opplevingane som har satt sine arr, og tankane ein tenker når hjerta er på sitt mørkaste, Sheehy finn mest grunn til å dvele ved. "A life without trouble really ain't no life at all" gjentar han fleire gonger i den vakre gospelvisa Bloody Nose. Eg trur ikkje eg er veldig på villspor om eg utropar den påstanden til eit slags valspråk for den 35 år gamle engelskmannen.

Albumet startar med den dystre værmeldinga Break in the Clouds. Ei einsam sjel sit og hutrar under eit piletre i ein gudsforlaten kystlandsby. Uværet kjem nærmare og nærmare, og bønna han sender mot oven lyde slik; "lightning strike this tree, weepin' conductor electrify me". Kompet er spartansk, og Sheehy si røyst er produsert i fleire lag. Ei oppskrift som blir gjentatt på fleire av spora. I ei attraktiv crescendo form når han forbannar dagen han første gongen høyrte namnet til ei viss dame i Curse the Day. Og i eit vemodsfullt Midnight Choir tilsnitt når han i Son of Blue Moon skildrar nattevandraren sine ustødige skritt heimatt.

I før nemnte Bloody Nose får han verknadsfull vokalstøtte av ei kvinne, Sandy Mills. Ho tar på seg same rolla også når Sheehy kort og skånsellaust skildrar ei bilulykke i det hymneaktige tittelkuttet. Frå ein noko anna sonisk vinkel, den skranglete Waits-blues vinkelen, uttrykke han seg når han syng om ein kar sine alt anna enn sunne opplevingar i New Orleans. Medan det er gospelblues av det ikkje heilt stillfarande slaget som er opplegget når han skildrar ein bortkomen son sin anger og sine demonar i Crawling Back to the Church.

Det er mykje som talar for at eg ikkje har høyrt på Michael J. Sheehy for siste gong. Veldig mykje.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo