cover

Nightfall

William Hut

CD (2006) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Kveldstonar

Han kjem mot oss med den milde og velkjente popmelankolske tonen sin. Men er den like bra denne gongen?

Etter å ha gitt ut to album i 2004, venta William Hut heilt til berre nokre få timar stod att av 2006 før han kom med sitt neste. Sitt fjerde. Den revolusjonerande endringsprosessen har han definitivt ikkje vore gjennom i løpet av denne tida. Med si lyse honningdraperte og i høgste grad karakteristiske røyst flyt han på elegant vis gjennom elleve låtar av den der popmelankolske sorten. Den han klarerte på eit så utsøkt vis på si første 2004-utgjeving, Versus the End of Fashion Park.

"I grew up to plainsong and this is the sea, I played all my sad songs in minor key"

Så heiter det i den første linja av Falling Star. Ei kortfatta sjølvmelding kan ein vel kanskje kalle det. Men vil presisere at eg høyrer langt meir Plainsong enn This Is the Sea i tonane til Hut. Eller meir The Cure enn Waterboys, for å sette det i eit litt større bilde. Og sidan vi først vandrar rundt i det seine åttitalet, kan ein jo kanskje plusse på med REM og Go-Betweens, berre sånn for å fylle ut bildet endå litt meir. Det finst saktens fleire toneskaparar ein kunne komme drassande med i same hensikt, både herifrå, derifrå og noifrå, men eg ser ikkje det store poenget, for Hut har skapt sin eigen vesle krok inni dette bildet. Der sit han og spelar sine mjuke og mollstemte tonar, og kjem vel til å gjere det så lenge det siv pust forbi leppene hans.

Nightfall, lyset blir brunt i kantane og natta er i emning. Det ligg til rette for ein seanse i velkjent Hut-ånd. Nightfall maktar likevel aldri å gripe eit like iherdig tak i meg som det Fashion Park seansen gjorde. Albumet har avgjort sine gyldne augeblikk, men glir også, oftare enn kva vanlig har vore hos Hut, inn i åndlause parti.

Det startar rett så flott. You Might Thrill Me er ei poptrillande låt fundert på ein utsøkt tone, med grasiøse overgangar. Hut syng om kva som verkelig betyr noko, og om inspirasjonen han har henta frå den andre sida av det store havet. Den ordspelande og ikkje så lite talande tekstlinja "it's a long way from Hank to William's desire" trur eg kan få stå att som det essensielle utsegne her.

Singelvalet Take It Easy fylgjer opp i tiltalande cellodrapert drakt, og med Lambchop-pianisten Tony Crow grasiøst klunkande på tangentane. Tittellåta kjem så smygane i hælane på denne som ein skumringsballade dragande på ei og anna smertelig røynsle. Med spørsmålet "have you ever seen the scars in mighty rainbows?" som si mest minneverdige linje.

Så kjem Echo og rotar det til. Med knitter, programmerte lydar og eit flatt vesen høyrest den ut som noko REM kunne ha brukt som ei skisse for eit eller anna på Reveal. Ikkje spesielt interessant, med andre ord. Av litt ulike årsaker er det fleire låtar etter denne som også glir heller anonymt forbi. Eit unntak er Eclipse, med sitt yppige, strykarsmektande og sing-a-long vesen.

Eit anna er Elected, her REM-referansen drar i Sweetness Follows retning, på eit slett ikkje ueffent vis. Medan avslutningssporet Passing Through, med sin twangy gitar og sitt desillusjonert men varme refreng, etterlate meg i ein vaken og velvillig innstilt tilstand.

Kvifor han er litt meir ujamn denne gongen?

Skyminga trur eg ikkje vi skal skulde på, for der har han vel strengt tatt alltid helde til. Flyttinga frå vesle Banana Party til store Universal blir vel også litt suspekt å halde opp som mulig årsak. Men kanskje han har glidd inn i eit litt for stringent Hut-mønster. Eit mønster som ikkje varslar om åndlause tonar, men lar dei i staden kritikklaust få bli ein del av bildet. Eller kanskje han berre har skjemt meg litt bort. For i rettferda og sanninga sitt namn er det jo, som eg allereie har nemnt, ei handfull låtar her som rammar sentrale kjenselfelt.

Så å la den store misnøya få komme sigande burde eg ikkje tillate. Absolutt ikkje.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo