cover

American Ride

Toby Keith

CD (2009) - Show Dog / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Sørstatsrock / Poprock

Spor:
American Ride
Gypsy Driftin'
Are You Feelin' Me
Every Dog Has Its Day
Woke Up on My Own
If You're Tryin' You Ain't
Cryin' for Me (Wayman's Song)
If I Had One
You Can't Read My Mind
Tender as I Wanna Be
Loaded
Ballad of Balad

Referanser:
Alan Jackson
Garth Brooks
Travis Tritt
Tim McGraw
Billy Ray Cyrus
Hank Williams jr.
Charlie Daniels

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Prototypen

Kapittel 13 i Toby Keith sitt velregisserte og uinteressante ritt langs toppen av hitlistene.

På baksida av coveret kan vi sjå Toby Keith i klassisk redneck-positur, sittande på ein Harley Davidson der bensintanken er drapert i det amerikanske flagget. I innleggsheftet står fylgjande å lese: "Don't apologize for being patriotic. Support the Troops". Hans takkseiingar går til "My Lord and Savior Jesus Christ", familien, og sponsorane. Sånn er Toby Keith. Ein countryartist dynka i amerikanske verdiar og mannemannmyter av det slaget ein sosialdemokratisk liberalist frå Norge kan finne det vanskelig å hanskast med. Ja, helst vil snu seg bort i frå, og så finne fram den der plata med Steve Earle i staden.

Den der med ein song som går slik:

I'm just an American boy raised on MTV 

And I've seen all those kids in the soda pop ads 

But none of 'em looked like me 

So I started lookin' around for a light out of the dim 

And the first thing I heard that made sense was the word 

of Mohammed, peace be upon him

A shadu la ilaha illa Allah 

There is no God but God


Toby Keith ville aldri ha funne på å ta slike ord i sin munn. Aldri. Kva då med det heilt motsette? Ikkje på American Ride. Det meste her handlar om tilstanden mellom han og henne, om gode venner, og mindre gode venner, og ein og anna barsituasjon med ein øl, eller tre for mykje. Samfunnskommentarar dukkar i grunn berre opp i to låtar. I den første (tittellåta), og i den siste (Ballad of Balad). Men det er ikkje eit fullt ut eindimensjonale bilde som blir malt. Faktisk ikkje.

Tittellåta er ein sonisk frisk og feiande countryrockar der den amerikanske livsstilen får vel så mange spark på leggen som klapp på skuldra. Kanskje fordi Keith og hans folk har stukke fingeren i veret og funne ut det er slikt det er klima for no. I same vindedrag kan dei også ha fått snusen i at det er blitt ei utbreitt meining at den der krigen nok ikkje er heilt svart-kvit. Avslutningssporet kan nemlig tolkast like mykje som ein kritikk til desse som går rundt og vervar fattige unge menn til krigen, som ein tributt til soldatane (sjølv om det er det siste også, så absolutt).

Så veldig godt synst eg no uansett ikkje om desse songane til Toby Keith. Ikkje dei han presenterer på American Ride, og ikkje dei eg har høyrt frå hans tidlegare plater. Årsak; det er ikkje songar med hjerte, blod og sjel, det er salsvarer. Det er songar han har laga på rein rutine. Forma og skapt i positurar han har erfart fungerer. Breibeinte, opportunistiske og melodisk heilt ufarlige positurar. Og i så måte kan dei sikkert skaffe Toby Keith endå større tal som han kan skryte av neste gong han skal fortelje om kor mange hits han har hatt, og kor mange millionar plater han har selt.

Før eller seinare vil eg no likevel tru dei fleste har fått sin dose av dette her, og mannen vil forsvinne inn i den store gløymeboka. Inntil dess må han berre drive på for min del. Ein sjeldan gong kjem han til og med opp med noko eg kjenner at eg likar litt.

Eg nemnte tittellåta. Den fenger meg, i all sin velkjente "country på rocketur"-skapnad. Toby Keith har ikkje laga låten sjølv. Kanskje derfor at den er utstyrt med ein tekst der formuleringane kjem i rimelig raffinerte former. For slik plar ikkje tekstane til Keith vere. Dei plar stort sett vere nokså flate og blodfattige kvardagsskildringar, eller barske og skrytande utgreiingar, av det slaget som fort kan bli heller plumpt.

Det er berre dette tittelsporet han ikkje har laga sjølv. Resten har han skrive enten på eige hand, eller i kompaniskap med Bobby Pinson. Cryin' For Me har han skrive åleine. Og lagt sjela si i. Den handlar om saknet av ein nylig avdød venn. Den er varleg forma, med duvande saksofontonar. Den er fin.

Fleire enn desse to klarar eg ikkje like. Resten stegar fram i ulikt tempo, og litt ulikt mønster, men utan å gje tilkjenne noko personlig eller vinnande vesen. Det er for så vidt bra spelt og bra arrangert. Men det manglar friksjon, og er altfor ... korrekt. Det er høyrt, og det er gløymt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo