cover

Nevermind: Glitterhouse Is 20

Diverse artister

3 x CD (2004) - Glitterhouse / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana / Folk / Singer/songwriter / Countrypop / Indierock

Spor:
Soft Hand
From Grace
Because Trees Can Fly
Sorry
Things Ain't What They Used to Be
2 Spades
Pelagic
All That I Can Hold Near
LSD Is Dead
Call Me In, Piccard
Masters of War
Beauty King
Befell (summer mix)
SAD.TXT
American Wheeze
Took


Electric Rain
Lochloosa
Dead River
Poor GW
Pick Up the Phone
No Shame
Sparrow
Secrets
Nowhere to Go
St. Christopher Street
Love Buys Love
Eveningland (Abendland)
Monorock
Sonic Reducer
Hefe
David's Portrait
Obsession


Big Sweet Life
Won't Be So Sad
Coney Island
No Mercy
Angela
Riding the Range
If You Were a Bluebird
Tarmac
Slack Key Blues
Lonesome Valley
Free Light of the Day
Sad But Familiar
Skyway to Alice
One Man Crusade
Swinger 500
Tornado Alley
Only a Mountain
Wade On the Water

Referanser:
The Go-Betweens
The Feelies
The Gun Club
The Associates

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Eit glitrande hus

Glitterhouse er tjue år og markerer det med ein trippel CD som viser at dei har mykje fint å by på.

Med kjærleiken til musikken som drivkraft har den tyske labelen Glitterhouse ført ei kompromisslaus linje, og servert oss ei rekke sterke utgjevingar frå små uavhengige plateselskap i USA, Australia, England, Tyskland og Skandinavia. Ja, i 20 år har Reinhard Holstein og hans medsamansvorne vore på denne misjonen for spreiing av musikk frå undergrunnen. Dette markerar dei i desse dagar mellom anna med ein trippel CD, der mange av artistane dei har eller har hatt i stallen blir presentert.

Å kalle utgjevinga Nevermind er slett ikkje det Nirvana-tjuveriet enkelte kanskje vil tru. Det var faktisk Glitterhouse som seint på 80-talet, som dei første i Europa, fatta interesse for musikken på den vesle Seattle-labelen SubPop. Før ei einaste sjel på vår sida av Atlanteren hadde teke ordet grunge i sin munn gav dei engasjerte tyskarane ut musikk av Green River, Mudhoney, Screaming Trees, Soundgarden og (ja nettopp) Nirvana.

Glitterhouse var først namnet på ei fanzine. Det var tidleg på 80-talet og unge Reinhard Holstein skreiv om band som The Associates, The Feelies, Go-Betweens og Gun Club. For å få alle dei australske gitarbanda han var fan av ut til folket, starta han så opp postordre butikken Glitterhouse. Fanzina vart no også eit nyhetsbrev for denne butikken. For å fylle fritida spelte Reinhard også i band, eit primitivt garasjerock band kalt The Chosen Monks. Rundt i Tyskland fanst det fleire band som svergja til same musikken. Reinhard og venene hans fekk dermed ideen å lage ein garasjerock-samling. Dei kalte den The Battles of the Band og gav den ut på kassett. Ikkje så lenge etter vidareførte dei ideen, og gav ut ei internasjonal samling av obskur garasjerock kalt Declaration of Fuzz. Denne gong på vinyl, dermed var Glitterhouse også blitt ein plate-label.

Plate nummer 31 på labelen var Green River sin Rehab Doll, og fleire SubPop-lisensierte utgjevingar fylgde. Men som vi veit, når musikk byrjar lukte pengar kjem forretningsmennene. Grunge var blitt eit begrep, men idealistane i Glitterhouse fekk ikkje vere med på den inntektsbringande perioden, den var det Warner, Sony og slikt noko som tok seg av. Holstein og kameratane byrja i staden å pushe eksplosive og hardtspelande band frå den amerikanske labelen Amphetamine Reptile (Helmet, Boss Hog og God Bullies). Ti år gamle hadde Glitterhouse 360 utgjevingar bak seg.

Sjølv om dei var blitt spelt utover grunge-sidelinja var dei ikkje heilt utan Seattle-band i stallen. The Walkabouts (og frontfigurane Chris Eckman og Carla Torgerson sine andre prosjekt) skulle utover nittitalet bli den kanskje fremste representanten for det "nye" Glitterhouse. Dei neste ti åra endra nemlig labelen profilen sin ganske så drastisk. Frå å vere ein heim for hardtslåande og gitar rockande band flytta dei no merksemda mot artistar i folk, country og americana segmentet. Samstundes auka dei aktiviteten i postordre-delen av huset.

The Walkabouts og deira utallige sideprosjekt har nok vore flaggskipet i Glitterhouse dei siste ti åra. Men dei har også distribuert lyden av band og artistar som 16 Horsepower (med sideprosjekt), Johnny Dowd, Califone, Willard Grant Conspiracy, Neal Casal, Knife In the Water og M. Ward. Dei aller fleste frå USA. Etter årtusenskiftet har det også kome fleire norske artistar i distribusjonsapparatet deira. Midnight Choir, Ricochets, Ai Phoenix, Thomas Dybdahl og Helldorado. Labelen har i tillegg vist ei noko meir eklektisk innstilling dei siste fem åra med å gje ut plater langt på sida av både det gitarbaserte og americanaspaserte. Til dømes norske Salvatore og The White Birch, og eksentrikaren David Thomas sine ulike prosjekt.

CD-trippelen dei markerer jubileet med hentar låtar berre frå den siste tiårsperioden til labelen. Litt merkelig, for skal ein fortelje historien ved hjelp av lydspor bør ein vel grave fram representantar frå heile lasset. Men kanskje det er meint vel så mykje som eit promoteringsprosjekt. Då er det jo greit å vise fram det som er mest aktuelt og som kan skaffast frå lageret. Litt forretningssans er det trass alt til stades hos Glitterhouse sine folk også.

Offisielle albumkutt er i fleirtal blant dei 51 låtane på samlingen, men her er også eit knapt dusin tidlegare uutgjevne spor. Frå sistnemnte kategori er det tre som er innspelt av Chris Eckman med venner. Befell var rett nok med på The Black Fields-albumet hans i fjor, men her er den å høyre i sommarmix. Dei to andre er heilt nye, men korkje den åtte minuttar lange collagen Eveningland (Abendland) under Walkabouts-monikoren, eller einstonige Monorock under signaturen S.Y.P.H vekker minner om Eckman & co sine beste stunder. Låta Swinger 500 henta frå klassiske Chris & Carla dagar er derimot ei vemodsfull stjernestund.

Av dei åtte norske som er tildelt speletid på utgjevinga er det vel inga overrasking at Midnight Choir utmerkar seg. Deira fine Electric Rain er med i ein litt anna, men ikkje dårligare, versjon enn den som er å finne på Unsung Heroine. Skarpe saker vert også servert frå både Ricochets og Salvatore sitt innspelte repertoar.

Ellers er David Eugene Edwards representert med to bevrande saker, Sparrow Falls i Woven Hand-handsaming og American Wheeze med 16 Horsepower. Av anna som glitrar bør eg vel også nemne Butch Hancock si vakre vise If You Were a Bluebird, Neal Casal sin triste Free Light of Day og Califone sitt spenstige gitarskarpe eventyr Wade On the Water.

Sånn alt i alt dokumenterer denne utgjevinga at det har komme mykje inspirert lyd frå Glitterhouse-depotet siste ti åra, men også at det har dukka opp eit og anna av det dvaskare og mindre interessante slaget. Kor som er har labelen gjort (og vil forhåpentlegvis fortsette å gjere) eit viktig arbeid for at god musikk frå kjellarar, garasjar, bakgårdar og andre dunkle avkrokar når ut til folk.

Gratulerer med jubileet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo