cover

I Often Dream of Trains in New York

Robyn Hitchcock

CD (2009) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Countryrock / Singer/songwriter / Poprock

Spor:
Sometimes I Wish I Was a Pretty Girl (Cassette Fragment)
Nocturne
Flavour of Light
Cathedral
Sounds Great When You're Dead
Uncorrected Personality Traits
I Used to Say I Love You
Winter Love
This Could Be the Day
Ye Sleeping Knights of Jesus
Trams of Old London
My Favourite Buildings
That's Fantastic, Mother Church
Heart Full of Leaves
Autumn Is Your Last Chance
I Often Dream of Trains
America
Up to Our Nex
Goodnight I Say


Intro
Soundcheck
Sometimes I Wish I Was a Pretty Girl (Cassette Fragment)
Nocturne
Flavour of Night
Cathedral
Sounds Great When You're Dead
Uncorrected Personality Traits
I Used to Say I Love You
Winter Love
This Could Be the Day
Ye Sleeping Knights of Jesus
Trams of Old London
My Favourite Buildings
That's Fantastic, Mother Church
Heart Full of Leaves
Autumn Is Your Last Chance
I Often Dream of Trains
I'm Falling
Up to Our Nex
Goodnight I Say / Credits

Referanser:
John Lennon
Syd Barrett
Ray Davies
Skip Spence
Neil Finn
The Soft Boys

Vis flere data

Se også:
Tromsø, Kaptein - Robyn Hitchcock (2011)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein engelskmann i New York

I over tretti år har Hitchcock navigert etter eige kart, ein novemberkveld i 2008 førte det han inn på ei scene i New York.

The Soft Boys heitte bandet. Dei kom frå universitetsbyen Cambridge. Underwater Moonlight var tittelen på ei plate dei gav ut, i 1980. Ei strålande plate. Full av kraftfull, gitarringande, psykedelisk popmusikk. Slett ikkje soft. Opningssporet I Wanna Destroy You kasta skånsellaust overbord alle førestillingar om noko slikt, og resten av albumet fylgde opp. Men punk var det heller ikkje, eller postpunk. Dei hoppa aldri på det toget. Dei var litt på sida av det som skjedde rundt dei. I England. Dei var litt annleis. Dei kunne spele. Dei kunne nyansere. Dei var litt sære, men meir fengande enn du skulle tru.

Robyn Hitchcock heitte songaren, og gitaristen, og låtskrivaren, og den som hadde visjonen om korleis The Soft Boys skulle låte. Ein visjon prega av ein fargerik tankegang og eit eksentriske sinn. Men ein visjon som absolutt ikkje kom dansande til han ut av det blå. Hovudtrekka henta han frå den Lennon-Beatleske poptonen, Byrds sine harmoniar og gitartonar, galskapen til Cpt. Beefheart, Bob Dylan sine poetiske ordstraumar frå det underbevisste, og Syd Barrett sin lunefulle psykedelia. Med sin friske og personlige mikstur av alt dette, og ein bunke sterke låtar i bagasjen skaffa bandet seg fans som Pete Buck, Steve Wynn og Paul Westerberg.

Underwater Moonlight var deira andre plate. Den var deira meisterverk. Den er deira meisterverk. Det veit eg sikkert, eg høyrde det igjen i går. Så mange andre enn Buck, Wynn, Westerberg og nokre av deira åndsfrendar høyrde ikkje det, i 1980. Så bandet sa takk for seg få månader etter at plata kom ut. Dei gjorde eit nytt forsøk i 2002, med ei tredje plate, Nextdoorland, men pakka saman på nytt att kort tid etter. I mellomtida, og etterpå, har Robyn Hitchcock helde ein solokarriere på skinnene. Litt på sida av der den store merksemda rettar lyset sitt, men veldig ofte inne på dei spora der attraktive poptonar gror.

I Often Dream of Trains heitte plata Robyn Hitchcock gav ut i 1984. Hans tredje under eige namn. Og denne var han sannelig ganske så aleine om. Hans to første soloutspel hadde vore nye turar inn i energien og psykedeliaen, dette var ein spartansk og semi-akustisk tur inn i hovudpersonens draumar. Utan rytmeseksjon, og nesten utan hjelp, spelte og skrudde Hitchcock i hop eit album der melankolien fekk rikelig med plass i hans ubereknelige bilde. Verken med denne, eller andre soloframstøyt nådde han Underwater Moonlight-nivå. Men god har han vore rett som det er, og sjeldan like ofte som på I Often Dream of Trains.

Nesten 25 år etter gav han plata ein seriøs gjenvisitt. Frå scena. Og ein novemberkveld på Symphony Space i New York var filmmakar John Edginton til stades, og filma. Det er dette konsertopptaket som no er ute i DVD-format, med den talande tittelen I Often Dream of Trains In New York. Og skulle ein ynskje konserten utan bilde er det generøst nok også ein CD i pakka, med nesten identisk innhald. Samt ein liten ekstra bonus; ein tolvminuttars kortfilm, som er Hitchcock på togtur for 25 år sidan. Til lyden av ambiente gitartonar og surrealistisk babbel. Tittel; Beyond Basingstoke.

Hitchcock er ikkje åleine på scena. Tim Keegan står ved hans side, og spelar akustisk gitar. Terry Edwards sit mykje ved pianoet, men reiser seg også opp og bles tonar i både trompet og saksofon. Og begge karane korar. Det gjer også ei dame med namn Gaida Hinnawi på eit par låtar, varleg og vakkert. Som på originalplata er her ingen rytmeseksjon, berre ein Edwards som ristar nokre egg her og der. Saman skapar dei eit ledug, pretensjonslaust og sympatisk New York-augeblikk. Saman spelar dei det aller meste av stoffet frå 1984-plata, og plussar på med nokre andre songar i same ånd, som ekstranummer.

Den engelske folktonen var ikkje ein framtredande tone hos Soft Boys. Men den var der som ein viktig faktor i Hitchcock sine pre-Soft Boys dagar. Og den er der i fleire av spora på I Often Dream of Trains. Den er der i den spartanske balladen Cathedral. Den er der i nydelig gitarplukka former i Autumn Is Your Last Chance. Den er der når Hitchcock skildrar ein sjeldan snøkvit Londonvinter på stemningsfullt vis i Winter Love. Alle tre låtar der vi møter Hitchcock i sitt mest vemodstemte leie. Eit leie der hans surrealistiske side blir tona ned.

Eit leie som pregar mange av låtane. Ein sår lengsel skrapar i songarens sjel i popvakre I Used to Say I Love You. Der han prøver overtyde seg sjølv om at ho som for lengst har vandra vidare utan han, eigentlig ikkje betydde det minste for han. Men vi trur han ikkje. Og han trur det nok ikkje sjølv heller. I tittelsporet er ikkje lengselen retta mot svunne tider, men mot tida som enno ikkje har vore. Om ein gong før siste stasjon er nådd, før altfor mange årstider har passert, å finne saman med ei kvinne, i ein draum, i ein korridor.

Den humoristiske sida til Hitchcock kjem fram når han saman med Keegan og Edwards opptrer i barbershop-skapnad i Uncorrected Personality Traits, der tematikken er ulike sexfiksjonar. Ei noko sveittare utgåve av hans humoristiske side dukkar opp i Sounds Great When You're Dead. Låta startar med ei lita skildring omkring dette å måtte ufrivillig overhøyre foreldras sexakt, for så eit par minutt seinare å ende med det evige dilemmaet "We're at our most together, when we're at our most apart". Eit smittsamt refreng gjer seg gjeldande fleire gonger undervegs:

Baby
It might sound dodgy now
But it sounds great when you're dead


Mellom fleire av låtane har filmregissøren lagt inn små sekvensar frå eit intervju med Hitchcock (sjølvsagt gjort ombord på eit tog i fart). Her fortel han litt om originalplatas historie, og går nærare inn på bakgrunnen for nokre av songane. Noko som har både ein opplysande og underhaldande misjon. For han er ein kar med spesielle evner når det kjem til dette å ordlegge seg, denne Hitchcock.

Såleis også frå scena, mellom songane. Nokre gonger hamnar han ut i det absurde, andre gonger viser han seg meir konsis, og stundom litt giftig. Men aller best er han no i songane sine. I Ye Sleeping Knights of Jesus til dømes. Ein country sing-a-long der ateisten i Hitchcock, etter å ha introdusert songen med eit ynskje om at framtida måtte bringe litt meir "good old unbelieve", hersar og raljerer med denne evinnelige trua;

Put your faith in God, he won't expect you

Put your faith in death because it's free

If you believe in nothing, honey, it believes in you

For God's sake don't waste any faith on me


Det skal vi nok ikkje gjere mr Hitchcock. Men finne hugnad i mange av desse songane dine, både frå denne sympatiske kvelden i New York, og frå dei tjuetals platene du har gitt ut, utan altfor mykje oppstyr, det vil vi framleis gjere. Både Buck, Westerberg, og eg. Og kanskje nokon til?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo