cover

There's a Hole in Heaven Where Some Sin Slips Through

Diverse artister

CD (2007) - Glitterhouse / S2

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Singer/songwriter

Spor:
Two Girls
Lungs
If I Needed You
Kathleen
Brand New Companion
Waiting Around to Die
St. John the Gambler
Nothin'
Heavenly Houseboat Blues
You Are Not Needed Now
Snake Mountain Blues
To Live Is to Fly
Que Te Vaya Bien, Miss Carrusel
White Freightline Blues
Highway Kind
Snowin' on Raton
Sanitarium Blues

Referanser:
Townes Van Zandt

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein himmelsk syndar

Denne gongen er det venner av Glitterhouse som heidrar Van Zandt. Det blir mykje fin heider utav det.

Det finst songar som kjem til å leve evig. Townes van Zandt har skrive fleire av dei. Det er no 10 år sidan den magre texanaren fant det der holet i himmelen og smaug inn. I åra som har fylgt har det blitt helde tribute-konsertar og dukka opp tribute-plater i eit kvanta få andre plar bli til del.

Då Townes van Zandt dukka opp på slutten av 60-talet vart han ikkje på noko vis skjenka den store merksemda, verken av musikkjournalistar eller den gjengse lyttar. Men etterkvart som tida gjekk skulle det vekse fram ein skare av verkelig dedikerte fans. Folk som utan blygsel plasserte han der opp saman med dei største av låtskrivarar. Ikkje utan grunn.

Poet er tittelen på ein Townes-tribute som dukka opp for nokre år sidan. Ein av dei som deltek der er Nanci Griffith. Ho seier dette om Townes Van Zandt: " Some of us songwriters are just lyricists, but he was definitely a poet".

It's plain to see, the sun won't shine today
but I ain't in the mood for sunshine anyway
maybe I'll go insane
I got to stop the pain
Or maybe I'll go down to see Kathleen

Kathleen er definitivt ein av desse songane med evig liv. Kathleen er sannsynlegvis også den Van Zandt songen som har fått den sterkaste coverversjon-handsaminga, ever. Versjonen dukka opp i 1994. Som tittelspor på ein EP, av Tindersticks. Det er ikkje mange songar der ute like dirrande av smertefull desperasjon som Kathleen. Det veit Stuart Staples og hans kompanjongar, og dei grip fatt i den. Med eit overtydande grep. Bandet lar den steike på ei mørk sonisk grunnflate, medan Staples si kjenslevare stemme, og dramatiske strykarparti, lirkar seg inn frå kvar sin kant. Og manar slik fram bildet av denne hutrande skikkelsen med blodet drivande i rastlause former frå eit skjelvande hjerte. Ein sterk utfordrar til tittelen Tindersticks finaste augeblikk er den også. Skulle du vere i den situasjonen at du ikkje har tilgang på desse seks sublime minuttane i heimen, bør du handle. EP'en er då sjølvsagt eit utmerka val. Men det er ikkje eit dårlig alternativ å skaffe seg denne samlinga heller. For i tillegg til Kathleen får ein servert mykje anna dugande Van Zandt fortolking.

Fleirtalet av dei 17 spora på albumet er gjort eksklusivt for denne utgjevinga. Eit av unntaka er Paal Flaata sin versjon av Waiting Around To Die. Den er spelt inn i 1999, og er ein seanse som sannsynlegvis kan få karakteristikken; det beste han har gjort utan midnattskoret i ryggen. Skitten og med djupfølt blueskraft. Ei meir nennsam tilnærming har den andre skandinaven som er representert her, Christian Kjellvander, når han aleine med sin akustiske gitar syng seg igjennom Heavenly Houseboat Blues.

Artistutvalet på albumet er nok sterkt prega av at det er ei Glitterhouse-utgjeving. Dei fleste artistane som deltek her har fått distribuert fleire av platene sine nettopp gjennom kanalane til desse tyske entusiastane. Eit slags husband i den stallen må vel vere The Walkabouts. Dei gjorde sin definitive Van Zandt tolking då dei i høgelektriske former gjekk til åtak på djevelske Snake Mountain Blues. Den er med her i ei remiksa utgåve. Straumnettet blir også solid nytta når Steve Wynn og ein liten bande harvar over Lungs. Willard Grant Conspiracy tar det derimot langt rolegare, og gjer ein sakte nesten hymneaktig versjon av If I Needed You. Medan Knife In the Water harmonisyng og finn ein passe lunefull tone saman med Two Girls. Min nestfavoritt på samlinga trur eg likevel må vere Jim White & Mike Ferrio sin nennsame og djupfølte omgang med To Live Is To Fly. Men den er heller ikkje å forakte Ben Weaver sin strippa versjon av den marginalt melodiske Highway Kind (ei stemme og eit piano).

Som rimelig er dukkar det opp ein og annan mindre interessant sak også. Marah er og blir eit middelmåtig band, same kva dei tar tak i, og Jon Langford har nok hatt eit betre grep om blyanten når han teikna coverbildet, enn kva han og hans medsamansvorne har om White Freightliner Blues.

Hovudinntrykket er like fullt at her får vi servert nok ein velkvalifisert Van Zandt-hyllest. Det treng slett ikkje vere den siste.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo