cover

From the Hills Below the City

Houndmouth

CD (2013) - Rough Trade / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Countryrock / Americana / Sørstatsrock

Spor:
On the Road
Come On Illinois
Penitentiary
Casino (Bad Things)
Ludlow
Hey Rose
Krampus
Long As You're at Home
Houston Train
Halfway to Hardinsburg
Comin' Round Again
Palmyra

Referanser:
The Band
Little Feat
The Rolling Stones
John Prine
Old 97's
Drive-By Truckers
The Felice Brothers
The Avett Brothers

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Heilt americana

Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte.

Den har noko urovekkande tiltrekkande med seg debutplata til Houndmouth. Allereie under den første runden i selskap med den fant eg meg vel tilrette. For vel? Ein liten mistanke byrja å murra langt der bak. Litt motstand viser seg jo som regel å vere av det gode. Så eg har gjort mine forsøk på å spele den av meg. Bli ferdig med den. Plassere den der den sannsynlegvis høyrer heime, i gløymeboka. Eg har enno ikkje lukkast.

Houndmouth er sjølvsagt ikkje spesielt originale. Hadde dei det vore hadde ovannemnte problemstilling vore fråverande. Kvartetten frå det sørlige Indiana held sonisk hus midt i eit landskap eg har funne det så altfor freistande å frekventere drøssevis av gonger. The Band, og deira røter, og deira møter med Dylan, og deira grep om den evige amerikanske grunntonen er eit essensielt element her. Frå ein annan kant kan eg høyre Rolling Stones søke Exile on Main Street. Frå ein sørlig kant kan eg høyre ein ung Lowell George synge Willin'. Borte i eit hjørne sitt John Prine og fabulerer om ein Quiet Man. Og frå nyare tider kjem The Felice Brothers veiftande med Frankie's Gun. Det er ikkje lett å gjere seg gjeldande her du.

Forunderlig nok klarar Houndmouth det. Eg tenker dei gjer det fordi dei ikkje strevar med å få det til. Dei gjer berre noko dei elskar. Og dei gjer det med glød, utan å skjele mot kva som tar seg best ut. Dei låner flittig, men leverer alltid stoffet tilbake med æra og livskrafta intakt.

Syng gjer dei alle fire. Både dei tre av hankjønn, og kvinna i gjengen. Med gitaristen Matt Myers som den som oftast har den leiande vokalrolla. Men ikkje ein song går forbi utan energisk harmonisong. Av det slaget som kanskje ikkje høyrer til i kategorien verdshistorias mest raffinerte, men som til gjengjeld minner sterkt om slikt som kjem strake vegen frå hjerta. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. I songar eg ikkje skal hevde dekkar eit vidt spekter av sonisk åtferd.

Tittelen, From the Hills Below the City, seier vel sitt om kor dette føregår. For å presisere: Dette er ikkje historier henta frå noko mansion on the hill. Skikkelsane i Houndmouth sine songar har så avgjort andre problem å slite med. Ein tredjerangs ransmann, udugelig svindlar, og evig fengselsfugl fortel sin historie i det mektig countrygroovande nummeret Penitentiary. Arbeidarar utan arbeid og lurendreiarar som veit å utnytte seg av slikt har rollene i den gitarsnerrande og melodisk listige Ludlow. Medan Comin' Round Again byr på eit fengande refreng og ein historie om ein doplangar, far og trøbbelmakar. Dei resterande 9 songane er ikkje av det spesielt oppbyggelige eller sorglause slaget dei heller.

On The Road heiter opningssporet. Og utan å klenge dette spesielt sterkt opp mot Jack Kerouac så blir det meir enn ein stad på plata referert til det å vere på farten. Av ulike grunnar. Ei hundsa jente set fyr på heimlege tomter og stikk (Come On, Illinois). Ei naiv jente hoppar på "the gypsy train to Houston", og kjem hardhuda tilbake. Ein raustlaus fyr køyrer inn i ein støvete by og ropar "hey there Rose, did you think I'll come all this way in vain". Medan andre er Halfway to Hardinsburg, eller var det halvvegs "to hell"?, idet dei høyrer "the sound of the organ's bitter swell".

Så det er den historia. Om å vere fortapt og kjempande i Amerika. Men dystert er likevel ikkje det første ordet som renn meg i hu når eg høyrer på Houndmouth. Det er eit løft og ein fest i tonane dei serverer. Og den varer, enno.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo