cover

Seven Angels On a Bicycle

Carrie Rodriguez

CD (2006) - Train Wreck / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Americana / Bluegrass

Spor:
Seven Angels on a Bicycle
Never Gonna Be Your Bride
Dirty Leather
He Ain't Jesus
Waterbound
'50s French Movie
I Don't Wanna Play House Anymore
Before You Say Another Word
Big Kiss
Got Your Name On It
He's Already Gone
St. Peter's

Referanser:
Chip Taylor
Lucinda Williams
Robinella
Rosanne Cash
Julie Miller

Vis flere data

Se også:
Angel of the Morning - Chip Taylor & Carrie Rodriguez (2004)
Red Dog Tracks - Chip Taylor & Carrie Rodriguez (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Englar og demonar, sakn og synd

Med sin tidlegare partner in crime, Chip Taylor, luskande i bakgrunnen, solo-debuterer Carrie Rodriguez med countrytonar det er verdt å lytte til.

Etter å ha stått ved sida av Chip Taylor gjennom tre album sidan 2002, har Carrie Rodriguez no funne tida moden til å gje ut si første plate under eige namn. Med god hjelp frå folk som Bill Frisell (den sjangervandrande gitaristen), Greg Leisz (som har spelt gitar, dobro og ikkje minst steelgitar med alt frå Bad Religion og Brian Wilson til Wilco og Lucinda Williams), Victor Krauss (den litt uortodokse kontrabassistbroderen til Alison) og ikkje minst Chip Taylor, presenterer ho seg i absolutt probate former.

Neidå, Chip Taylor er ikkje så langt unna denne gongen heller. Han står oppført som opphavsmann til dei aller fleste låtane her. Nokre skrivne saman med Carrie, men fleire aleine. Og han har sett sin velsigna leduge, modeste og organiske produsentsignatur på sakene (saman med Carrie).

På platene ho gjorde med Chip var Carrie vel så mykje felespelar som duettpartnar. Her er ho mykje meir songar enn felespelar. Litt dumt, kanskje, for hennar forfriskande omgang med felestrengene har nok meir karakter og særpreg enn det stemma hennar har. Utan at albumet flatar ut og forsvinn inn i anonymiteten sitt grå rike av den grunn. Slett ikkje.

Dette er countrymusikk som er blitt til langt unna Nashville sitt velsmurte maskineri. Det er countrymusikk som trør nærare der Lucinda Williams og Nanci Griffith har vandra enn der Shania Twain og hennar oljeglatte søstrer svevar rundt. Det er countrymusikk som kanskje ikkje alltid berre er countrymusikk, men også litt folksy, litt jazzy og litt funky.

Tittelkuttet kjem først, og kan vel seiast å vere albumet sitt høgdepunkt. Det er lengsel, men også lidenskap i røysta til Carrie når ho her heidrar minnet etter ein venn som omkom i ei trafikkulykke førre året; "Brooklyn Bridge on a bicycle, don't he look good?"

Instrumenta snakkar med kvarandre, gjer plass for kvarandre, og skaper ei sindig og næringsrik samværsform. Ei form som også gjer opningar for at ein av dei kan stikke hovudet litt fram innimellom og vere i fokus. Som når Carrie sin ektemann Javier Vercher malar det siste minuttet av tittellåta med varme blåtonar frå saksofonen sin.

Med eit lite unnatak for den ertande og bluegrass-influerte Never Gonna Be Your Bride og den småsveitte og eggande '50s French Movies held Carrie det stort sett gåande i eit makelig tempo. Seigt bakoverlent i bluesy I Don't Want to Play House Anymore, eller med varleg strengetouching i melankolivakre He's Already Gone.

Nokre av låtane har ein attråverdig og gruggen miks av religion, synd, lengsel og forakt. I den varleg dampande He Ain't Jesus hevdar Carrie at elskaren er ingen frelsar og ho er ingen jomfru Maria, og at alle orda for kjærleik har ho pugga i ordboka berre for å tilfredsstille han. Medan ho i den ikkje heilt syndefrie St. Peter's fortel at ho "went down to St. Peter's last night, and throw myself on the knees in the dark".

Når ho avslutningsvis, i eit uannonsert ekstraspor, lar fela spele ei like viktig rolle som stemma, kjenner eg på meg at eg nok kunne tenkt meg litt meir av den sorten. Kanskje neste gong. Til dess kan det godt vere at eg slenger meg på baksetet og blir med Carrie og englane nokre turar til.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo