cover

Kultura Diktatura

Kultur Shock

CD (2004) - Kool Arrow / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Heavy metal / Reggae / Jazz / House / Punk

Spor:
Tutti Frutti
Morto
Horse Thief
Kamarage
Hashishi
Alma
Da Ye
Mustafa
Blagunyo Denche
Romana
Nightmare
Nano
Too Late To Fornicate

Referanser:
System of a Down
Turboneger
Gipsy Kings
Faith No More

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Det glade vanvidd

Multinasjonal tutti frutti; innhaldet er både sterkt, søtt, surt, salt og smaklaust.

Kor mange retningsskift kan ei låt tåle? Kor mange stilartar kan ein putte inn? Ja, kor eklektisk kan ein egentlig være, før ein går over grensa?

Årsaka til desse spørsmåla er at musikken eg her skal prøve å omtale, nok er veldig nær å passere ei slik grense. Visst er det kjekt med musikarar som gjev blaffen i alt som har med sjangeroppheng å gjere. Visst er det friskt når musikarar gjev seg sjølv heilt frie tøylar og berre lar det stå til. Visst er det kjekt med eit skikkelig kultursjokk. Men er det eit liv også etter sjokket? I tilfellet Kultur Shock er nok svaret ja, men det er ikkje eit ja av den rungande og voldsomt overbevisande sorten.

Kultur Shock sitt tredje album, Kultura Diktatura er ein tøyleslaus seanse. Drøyt femti minuttar på fri eksos, der dei involverte virkar å være fullstendig likesæle i høve til normal framferd. Leiar for banden er den bosniske serbaren Gino Yevdjevich, ein kar som på 80-talet var ein rimelig anerkjent popartist i sitt heimland. Under borgarkrigen der mista han i likhet med mange landsmenn det meste han eigde. I 1997 emigrerte han så til Seattle, og samla etterkvart i hop ein fargerik gjeng for musisering og galskap. Mario Butkovich er ein bosnisk kroat, med fartstid som gitarist i sigøynarband. Frå Bulgaria kjem endå ein gitarist, Val Kiossovski. Amerikanske Amy Denio spelar på dei fleste instrument, men spesielt gjer ho seg gjeldande på blåsarar som klarinett og saksofon. Frå Amerika kjem også trommis Chris Stromquist, medan japanske Masa Kobayashi på bass er siste ledd i sekstetten. Til å ta seg av innspeling og lyd har dei fått med seg den lokale legenda Jack Endino (Mudhoney, Nirvana, Soundgarden), samt Faith No More bassisten Billy Gould og nordmannen Ulf Holand (Motorpsycho, Gluecifer).

Åpningssporet Tutti Frutti har ingenting med Little Richard-klassikaren å gjere. Istaden er det Tutti Frutti i tydinga salig blanding. Før det har gått eit minutt har vi nemlig fått servert balkanske folketonar, System Of A Down-torden og heftig Mariachi-blås. Og slik held det fram, her blandast øst-europeiske og asiatiske folketonar av ulik art med heavy metal, punk, reggae, jazz og house. Kvar låt har fleire akter, nokre av forførande art, og nokre som haltar ein del. Til tider blir hoppinga frå det eine til det andre rett og slett for drøy, og låta sin progresjon og dynamikk blir vinglete. Av og til stiller eg også spørsmål ved om det heile er så frigjort og viltveksande som det kan virke, eller om det liksom blir eit poeng i seg sjølv å putte inn flest mulig variablar på kortast mulig tid. Nei, nå vart eg kanskje litt for negativ. Kultura Diktatura byr tross alt på mykje sprelsk moro, og mange fine tonar.

Her finn vi seige og tunge affærer som Morto og Alma i tett kompaniskap med sjarmerande house-nummer som Hashishi. Vi for oppleve ville ritt à la Horse Thief ("policia, policia you so fuckin' slow, I can take you anytime"), og litt tyrkisk punkjazz-galskap kalt Mustafa. Gino vekslar mellom å synge på serbokroatisk og engelsk (pluss eit par uidentifiserte språk). Kva tekstlig ærend han er ute i, har eg ingen aning om. Har likevel ei kjensle av at det er ein suspekt mikstur av politiske kommentarar, humor, pur galskap og sjølvsagt litt kjærleik og vitale lyster.

Ba-la-la-la-la-la-la-la-laikaaaaaaaaa.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo