cover

Hollerin' At a Woodpecker

Ben Weaver

CD (2003) - 30/30 / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Americana / Countryrock / Folk / Bluesrock / Singer/songwriter

Spor:
The Ocean Ain't Blue
Sara
Blood
Pissin' In the Wind
Woodpecker Song
The Night Is a Coal Pit
Those Semis Sounded Like Thunder
More Than I Miss You
Horse Hair and Hay
Christian Demons
Sunshine Tonight
Don't Wanna Go Nowhere
Always Loved You
Nelson Mississippi

Referanser:
Townes Van Zandt
John Prine
Bob Dylan
Richard Buckner

Vis flere data

Se også:
Stories Under Nails - Ben Weaver (2004)
Blueslivinghollerin' - Ben Weaver (2006)
Paper Sky - Ben Weaver (2007)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ekte saker

Fast som fjellet. Mystisk som skogen. Einsam som prærien. Vill som elva.

Det finst eit stort glupsk monster der ute som kallar seg Musikkindustrien. De livnærer seg på levande musikk, og gjer den om til penger. For penger er det kjæraste Musikkindustrien veit om, og den kan aldri få nok av det. Musikkindustrien har og funne ut at jo meir markedstilpassa (les identitetslaus) den klarar å gjere musikken, jo meir penger er det å hente. Ein stad monsteret verkelig har funnet seg til rette er i Nashville, Tennessee. Herifrå har de spytta ut tallause mengder med markedstilpassa "countrymusikk".

Heldigvis finn vi iblant country/folk-musikarar som Musikkindustrien, avdeling Nashville ikkje har klart å få tak i og gjort om til vingeklipte pengemaskiner. Nokon av desse artistane har til og med ein så sterk identitet at monsteret ser det som ei håplaus oppgave å tilpasse dei.

Mannen som er avbilda på innercoveret på Hollerin' At A Woodpecker er eg overbevist om at Musikkindustrien aldri kjem til å røre. I ein smal korridor lent mot ei låst dør står ein røslig, skjeggkledd kar, med eit blikk som seier "berre ikkje kødd med meg!". Ut her ifrå er det berre ein veg, den går rett mot oss. Og det er nettopp den vegen Ben Weaver tar. Ja det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige.

Han pløyer ikkje ukjent mark denne Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota, men han pløyer med ein intensitet og smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

Weaver presenterer seg i ein slentrande men angrepsvillig tone gjennom åpningssporet The Ocean Ain't Blue, og vi skjønar fort at her er det ein mann som har ting på hjertet og ordet i sin makt. Det er ein sang som meir er ein beskrivelse av tilstandar enn ein streit historie, frå likegyldighet til ytterste mørke; "it gets so dark sometimes, I could forget I got eyes". I neste låt Sara møter vi ein rastlaus skikkelse som driv rundt og prøver nokså forgjeves å kvitte seg med forestillingane om ei dame som forlot han; "drivin' around all by myself, counting the stars up above". Eit tema som får eit endå mørkare ansikt i låta Blood, der vi møter ein tragisk fyr som opplever fortid, nåtid og framtid gjennom små flash som kjem til han.
"I went down to the river and saw my reflection, it made me want to dive right in and drown" slik startar den desperate Pissin' In the Wind, der Ben i selskap med ein myndig banjo og lengselsfulle munnspeltonar framfører eit manifest over einsemd og angst; "if you can't live by your heart, you're pissin' in the wind".

Det er altså slett ikkje dei lystigaste tema den unge Ben Weaver tar for seg. Der han på sitt direkte vis fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna. Han er heller ikkje redd for å bruke ord, mange ord, og stundom må tonane finne seg i at orda kjem i sentrum. Likevel klarar han å få melodiane til å bli luftige og absorberande, takka være ein spartansk produksjon som på samme tid er både primitiv og utsøkt.

Ein country-poet eg ofte høyrer spor av i musikken og historiane til Ben, er Townes van Zandt. I låtar som den hjerteskjærande The Night Is a Coal Pit, den vemodige valsen More Than I Miss You og vakre Sunshine Tonight er det som ein kan føle van Zandts ånd føre sangane avgårde på ei grå sky av melankoli.

Weaver går heller ikkje av vegen for å skape litt demoniske bluesvibrasjonar. Med eit munnspel som snor seg som ein klapperslange ropar Christian Demons på håp, tru og faenskap. Ganske så urovekkande er også den åtte minutter lange folkblues-affæren Nelson Mississippi, der den endar i død og fordervelse som eit munnspeldrevet ritt av kraftfulle dimensjonar.

Beretningane, og innsikten som ofte kjem til syne gjennom dei, skulle tyde på at vi har å gjere med ein erfaren mann. Litt overraska blir ein så når det viser seg at Weaver er så ung. Ein smule skeptisk vil ein kanskje lure på om han verkelig har opplevd nok til å kunne uttrykke seg som han gjer.

Det er då eg kjem i hug;
Bob Dylan: Highway 61 Revisited, 24 år gammal.
Neil Young: Everybody Knows This Is Nowhere, 23 år.
Gram Parsons: The Gilded Palace of Sin, 22 år.
Alle evige klassikarar som ein stadig sug næring ifrå. Då er det vel ingenting i vegen for at Ben Weaver, 23 år kan gjere noko liknande?

Kjør over Nashvilles glupske monster og gje heller Ben Weaver ein sjanse.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo