cover

I Love You, Honeybear

Father John Misty

CD (2015) - Bella Union

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkpop / Psykedelia / Countryrock / Softrock

Spor:
I Love You, Honeybear
Chateau Lobby #4 (in C for Two Virgins)
True Affection
The Night Josh Tillman Came To Our Apt.
When You're Smiling and Astride Me
Nothing Good Ever Happens At the Goddamn Thirsty Crow
Strange Encounter
The Ideal Husband
Bored In The USA
Holy Shit
I Went To The Store One Day

Referanser:
Jonathan Wilson
Fleet Foxes
Gene Clark
Randy Newman
Bonnie Prince Billy
Harry Wilson
J. Tillman

Vis flere data

Se også:
Fear Fun - Father John Misty (2012)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Faderen, begjæret og kjærleiken

Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak.

Denne plata hadde ikkje skjedd utan at Josh Tillman hadde tatt ein tur til Laurel Canyon Country Store ein dag. Dagen etter ein fest, med gjenklangen av dårlig vin i både skalle og gane. Han skulle ikkje ha noko anna enn ein kopp kaffi og ei pakke sigarettar. På parkeringsplassen utanfor rann han inn i ei ung kvinne han hadde sett eit par gonger før. "I've seen you around, what's your name" spør han, og flyttar ein sigarett frå pakke til munn. "Emma" svarar kvinna. Nokre år seinare er dei to gift. Nokre år seinare har Father John Misty laga ei plate der dette forholdet er sentralt, og gitt den det banale namnet I Love You, Honeybear.

All 'cause I went to store one day.

Dette er altså ikkje på nokon måte Blood On the Tracks, men det er ikkje den direkte motsatsen heller. Platetittelen kan nok få ein til å tenke at her kjem ei sentimental innsirkling av den store kjærleiken, full av flosklar og pinlege deklarasjonar. Og jo, erklæringar som gjer til kjenne djup kjærleik til ei heilt spesiell kvinne dukkar opp. Og ja, det kjem utsegn undervegs som har element av det pinlege i seg. Men først og fremst blir det heile vevd inn i eit nett av kontrastar, surrealisme og hardkokt realisme som gjer at det samla resultatet handlar om nyanserikdom og ordmanøvrering av høg klasse.

Oh Honeybear, Honeybear, Honeybear
Mascara, blood, ash and cum
On the Rorschach sheets where we make love


Plata si opningslinje kan vel seiast å ikkje vere heilt som opningslinjer flest. I tillegg har den i seg alle dei tre elementa eg nettopp nemnte. Først i form av kontrasten mellom den søte kosedyrmetaforen og realitetens ubønhøyrlege flekkar. Når Misty så i neste andedrag presenterer eit Rorschach-laken som ein del av bildet, får han på plass litt surrealisme også. Kor vidt det finst noko slikt som eit Rorschach-laken er eg ikkje kjent med, det kan det godt hende det gjer. Det som heilt sikkert finst er ein psykoanalytisk test som blir kalla Rorschach-testen. Der pasienten ved hjelp av å assosiere kring nokre blekkflekkar skal komme i kontakt med sitt umedvitne sjeleliv. Så kan ein jo her då, i samband med denne avgjort fantastiske songen, surrealisere over kva Misty meiner med å plassere elskhugens flekkar i nærkontakt med ein test av det dulgte sjelelivet.

Korleis ein skal forstå forholdet mellom Josh Tillman og Father John Misty høyrer også til i dei meir surrealistiske sfærar. Med andre ord er det ikkje heilt til å forstå. Men det har i alle fall fått fram stoff i denne Tillman som ikkje kom fram tidlegare. Som ikkje var der då han som J. Tillman gjorde plate etter plate (sju stykk) som tungsindig trubadur. Ikkje det at dette er plater som fortener å bli snakka ned. Songar forsynt med ein dugande injeksjon av Nick Drake og Townes Van Zandt skulle jo ha stoff i seg til å skape interesse. Og gjer det, men utan at J. Tillman som ein særeigen artist skin skikkelig igjennom, eller vart oppdaga av så veldig mange velvillig innstilte lyttarar. Så han livnærte seg som trommeslagar for Fleet Foxes i tillegg. Til slutt forsvann den siste gnist, og han drog sørover. Frå Seattle til Los Angeles. Eit utal rusopplevingar, og nokre syner, seinare vakna så hans musiske sjølv oppatt som Father John Misty. Fear Fun blei skapt. Ei plate full av faen, bisarr humor, dunkle drifter og ein vitalitet som ikkje kan sporast tilbake til noko fyren hadde føretatt seg tidlegare. No viser det seg at han hadde meir enn ei plate av slikt kaliber i seg.

Jonathan Wilson er som sist den store medhjelpar. Tilliks med Misty har han eit sterkt forhold til Laurel Canyon, og saker som svirra rundt i lufta der for ein førti-femti år sidan. Fear Fun var sterkt farga av det. I Love You, Honeybear er absolutt ikkje mindre farga av det. Slik har plata altså sine linjer tilbake til det som har vore (kva plate har no eigentlig ikkje det forresten?). I den samanhengen kan eg jo komme drassande med eit par vanlege skuldige: Gene Clark, Harry Nilsson. Men det er ikkje så viktig. For dette er ei plate som først og fremst, ja eine og aleine, kallar på interesse for det den er, for det den gjer, og på ingen måte for det den slektar på.

Sonisk sett er I Love You, Honeybear ei meir kongruent plate enn Fear Fun. Vi møter denne gongen ein Misty som har samla seg. Som driv i ein retning. Ein folkpop-retning der strykarar har ei aktiv rolle, der varme og smidige vendingar blir gjort til ei hjertesak, og ustoppelig melodisk briljans er sjølve varemerket. Enten greiene blir mariachi-drapert (Chateau Lobby # 4), kjem som orgelkrydra countrysoul (When You're Smiling and Astride Me), tar eit groovy tak (Ideal Husband), er ein pianoballade (Bored In the USA), eller eit synthbasert popnummer (True Affection). Så grøderike er tonane her at dette hadde ført til full omfamning om så den tekstlige biten hadde vore fantasilaus svada. Kva då når den ikkje er det? Kva då når den er den rake motsatsen til nettopp det? Då er ein vel der oppe i lendet blant dei fullkomne platene då, er ein ikkje?

Men Josh Tillman er ikkje fullkomen. Verken som mann eller kjærast. Og rundt seg ser han andre ufullkomne. Kledd opp som Misty syng han om det. Sirklar inn sanninga med ein diktars fulle fridom, og treff sannsynlegvis både den eine og den andre heime. Han har anlegg for det kyniske, han kan vere sarkastisk og snerre frå sidelinja, men han kan også blottstille kjensler og plassere seg sjølv ganske så avkledd i lyset.

No er det slik fatt med meg at eg ikkje har komme fram til ei fullstendig og endelig forståing av songtekstane på plata. Eg er vel også av den oppfatning at det kjem eg aldri til å gjere, og at det er best slik. Ta no Chateau Lobby # 4 (In C for Two Virgins) til dømes, ein song som ikkje berre talar med ei tunge, som skildrar både varleg kjærleik, uhemma begjær og ugudelig åtferd. Parentesdelen av tittelen kan kanskje vere eit nikk til Lennon/Ono si eksperimentelle plate Two Virgins (den med eit cover av dei to splitter nakne). Men meir sannsynleg referer det til at songen omtalar den første kjærleiksakta mellom Emma og Josh som deira aller første av det slaget – "I've never done this, baby be gentle". I neste omgang handlar det så om å gjere det røft på kjøkkenet med bryllaupskjolen, som nokon sannsynlegvis er blitt drepen i, løfta godt oppunder livet. Og det etter at songaren innleiingsvis har teikna fylgjande bilde av seansen: "Emma eats bread and butter like a queen would have ostrich and cobra wine, we'll have Satanic Christmas Eve".

Eg er heller ikkje sikker på kva Strange Encounter handlar om, men eg trur det kan vere frigjering. Frigjering frå formålslaus fridom. Eller "so free and too easy, giving it away" som det så fengande blir uttalt i refrenget. Dette å vere i eit frigjeringsmodus anar eg for så vidt konturar av i fleire av songane. Frigjering frå sin eigen historie, frå ein angst for intimitet og frå ei skamkjensle. Det er mykje begjær som kjem til uttrykk i songane, både som ein del av djup kjærleik, men og som berre begjær. I tillegg blir det innimellom opponert litt mot religiøse førestillingar. I så måte opplever eg at plata har eit visst slektskap til Philip Roth sin klassiske roman Portnoys Besværlige Liv. Der Alexander Portnoy i skriftemålsform til sin terapeut på eit nådelaust sjølvransakande og til tider ustyrtelig morosamt vis fortel om sin strabasiøse kamp for å frigjere seg frå sin jødiske bakgrunn, og få kontroll over sine sexfiksjonar, sin uhorvelige appetitt på kvinner og sin intimitetsflukt. Ein fyr som Father John Misty nok kunne ha skildra som ein "aimless, fake drifter and the horny, man-child, Mamma's boy to boot". Forresten nøyaktig dei same orda som blir brukt om Josh Tillman i songen When You're Smiling and Astride Me.

Josh Tillman vaks opp i ein strengt kristen heim. Han fortel at det tidleg grodde fram ein skepsis i han. Han fortel om seansar med djevelutdriving, og legg lakonisk til "mine would never come out". Illustrasjonen på platecoveret viser ein unnselig og naken Father John Misty i armane til den trygge jomfrua, framfor ein stall, med all slags beist luskande rundt omkring. Eg har allereie nemnt hans ytring om ein satanisk julekveld. I frå det stadig like funklande fantastiske tittelkuttet klarar eg heller ikkje å la fylgjande stå usitert:

You're bent over the altar and the neighbors are complaining
that the misantrophes next door are probably conceiving a Damien

I det sentrale nummeret Holy Shit ramsar Misty opp verdshistoria i utvalt stikkordsform, for så å undre seg over korleis det store perspektivet står i relasjon til det vesle private perspektivet. Med poetisk diksjon og i ein viss orden nemner han (mellom anna): "Original sin … dead religions … age-old gender roles … satirical news … free energy … loveless sex … happiness … incest dreams … planet cancer … online friends". Før han til slutt stiller spørsmål med sjølvaste kjærleiken. "Maybe love is just an economy based on resource scarcity" spør han seg. Men grip i neste andedrag inn, grip ganske så inderlig inn og konkluderar slik: "But what I fail to see is what that's got to do with you and me".

Frå dagane før Josh trefte Emma har Misty tatt med to songar. Begge for så vidt minst like imponerande som titlane skulle tilseie. Nothing Good Ever Happens at the Goddamn Thirsty Crow er ein sak som frontar eit noko illusjonslaust syn på tilværet – "You may think like an animal, but if you try that cat-and-mouse shit you'll get bitten, Keep moving". Medan The Night Josh Tillman Came To Our Apt. er ein heller sarkastisk orientert countryrock-rakkar. Frå den slår an tonen med linja "I just love the kind of woman who can walk over a man, and I mean like a goddamn marching band" til songaren kjem med spydige utsegn mot kvite kvinner som syng med ein "soulful affection". Han er ikkje vidare nådig i Bored In the USA heller, den songen på plata som sannsynlegvis handlar minst om Tillman, og meir om overforbrukssamfunnet, dilletantsamfunnet og pillesamfunnet. "Keep my prescriptions filled … Save me president Jesus, I'm bored in the USA".

På Father John Misty si andre plate er det imidlertid lite, for ikkje å seie nothing og ingenting, som kjedar. Her lever kontrastane i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg har kapitulert.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo