cover

I Believe in This

My Summer as a Salvation Soldier

CD (2005) - 12 Tónar / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Akustisk / Singer/songwriter

Spor:
….
Canada Oh Canada (V.2)
So Is This…
The Afterparty
Hey Ya
… So This Is
Bye Bye Robot
Balasco
Ip vs. the Big P
This Is a Long Drive for Someone with Too Much to Think About
Thousand Lies
Canada Oh Canada (V.1)

Referanser:
Teitur
José Gonzáles
Gisli
Mugison

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Island: trois points

Unge Þórir Georg Jónsson har gjort det lynskarpt på Island. No står det skandinaviske markedet for tur.

My Summer as a Salvation Soldier er det finurlege artist-aliaset til denne (for oss) umeritterte islendingen. Om 20 år gamle Þórir Georg Jónsson går med ynskje om å tilbringe meir enn ein sommar i den hjertevarme armeen er uvisst. Det spørs om tida strekk til, for her snakkar vi om ein aktiv kar med mange musikalske jarn i elden. Når den Reykjavik-baserte artisten ikkje puslar med dette soloprosjektet, figurerar han som gitarist i hardcorebanda Fighting Shit (for eit namn...) og Hrydjuverk, i tillegg til å vere medlem av ei hip-hop-gruppe. Men det er med eigne meir laidbacke greier det ser ut til å lausne for Þórir. På rekordfart har han fått seg eit namn blant sine landsmenn. I fjor kåra dei han likegodt til årets nykomar under Islandic Music Awards og Dotshop.se distribuerer gledeleg musikken vidare til Skandinavia.

Utan sjølvsagt å ha kunnskap om alt som rører seg i den islandske musikkfaunaen, verkar dette likevel som ein noko merkeleg utnemning. Denne demo-prega debutskiva, som det tok to dagar i studio å fullføre, inneheld nemleg ei innadvendt samling av lite fengande og tidvis naive popmelodiar som ikkje gjev meg særleg glede, sorg eller andre formar for livkjennande kjensler. Med hovudsakeleg kassegitar, piano, nokon spredte trommeslag og ein og annan banjo som lydskapande element, er det minimalt med variasjon å finne her. Þórir rører slik sett rundt i eit landskap der svenske José Gonzáles befinn seg (også han ein "ex-hardcore gone soft"-artist), men klarar på ingen måte å fremje den same entusiasmen. Mannen har riktignok eit brukbart vokalmessig uttrykk; den islandske engelsk-aksenten med sine rullande r'ar har ein sjarmerande klang som umiddelbart gjev merksemd til tekstar som spenner frå latterleg dårlege klisjear til småpussige og artige brotstykke (We're like mixing purple and green, with some red in between, we're a fashion disaster you and me). Dessverre blir tekst og melodi sjeldan knytt saman til ein fargerik og interessant bukett.

Alt er ikkje sorgen her. I byrjinga av skiva møter vi eit par friske og atmosfæriske melodiar i form av kjærleikshymnen Canada Oh Canada og den litt triste So is This...

Coverversjonen av Outkast-hiten "Hey Ya", er heller ikkje å forakte. Det var hovudsakeleg denne låta som gjorde
at Þórir-namnet (uttalast forøvrig Thorir) blei motteken og distribuert av islandske lepper i løpet av fjoråret. Denne versjonen skiljar seg derimot kraftig frå den svingande landeplaga til Andre 3000 og Big Boi. Nedtona, naken og akustisk oppfordrar den ikkje akkurat til sprelsk danseakrobatikk, men er likevel ei meget fin tolking og står fram som det mest behagelege bidraget på albumet. Generelt sett blir dette likevel for lo-fi, for demo og for spinkelt for min smak. Enkelte gode tonar og melodiar trekk derimot opp eit hakk.

Då sitt eg altså attende med eit enkelt spørsmål til slutt; er
feilstavinga av ordet "believe" på coverillustrasjonen gjort med viten og vilje eller er dette nok ein sløv skivebom?

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Monster Mike Welch - Cryin' Hey!

(DixieFrog)

Unge og lovende Mike Welch kommer ut av det blå og leverer fra seg noe så deilig som en komplett, moderne bluesplate.

Flere:

The Streets - Original Pirate Material
My Dying Bride - Songs of Darkness, Words of Light