cover

Solstice

The Brimstone Solar Radiation Band

CD (2005) - Big Dipper / Big Dipper

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Prog / Psykedelia / Hardrock

Spor:
Back in the Days
If Man Is Still Alive
Norwaii Five-0
The Spirit of the Airborne Hogweed
Under The Gaze of Gods
Neon Darkness
Brimstone For Sale
Back in the Days II
Where Is Your Love

Referanser:
King Crimson
Pink Floyd
Lynyrd Skynyrd
Love
Jefferson Airplane
Santana

Vis flere data

Se også:
Going Out EP - The Brimstone Solar Radiation Band (2002)
Solar Radiation Band - The Brimstone Solar Radiation Band (2004)
Smorgasbord - The Brimstone Solar Radiation Band (2009)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Back In The Days

Hårete hippiedraumar frå Bergen, med litt for lite psykedelisk moro.

I sin "offisielle" biografi omtalar Bergensbandet Brimstone musikken på sitt andre album som, eg siterer: "Hvis Lynyrd Skynyrd hadde vært heltene i Hair, i stedet for en gjeng dansende hippier, eller hvis Steve Earle hadde sunget i Jefferson Airplane". Slett ikkje heilt fjernt frå korleis underteikna opplever dei heller. Sjølv om ordspel omkring engelske innovatørar på prog/psykedelia feltet som King Crimson og Pink Floyd nok kunne komme i land med like så treffande karakteristikkar.

I konsertsamanheng er denne kvintetten ei energisk og ganske så fargerik oppleving. På plate viser dei seg fram i ei litt mindre frigjort og varmblodig drakt. Samstundes avslører grunntonen i nokre av låtane seg som ikkje altfor imponerande. Derfor vert bandet til tider stampande rundt i melodiske og arrangementmessige hengemyrer der dei drep sommarfuglar med revolver i staden for å fargelegge snodige krusedullar eller danse blant livgjevande solstrålar. Den grumsete røysta til vokalist R. Edwards (Rolf Edvardsen) kan då (og litt ellers også) opplevast som ein strabasiøs akilleshæl i staden for ei barsk drivkraft. Andre gonger friskar dei til med vitale instrumentalparti, og kan då føre heller ordinære låtar over mot meir spenningsfulle territorium. Fruktbart er det også når tangent-traktør Øyvind Grønner og strenge-forvaltar Erling Halsne Juvik smett innom og vokal-harmonerar litt. Men aller best er dei sjølvsagt når dei serverer låtar som held mål på alle vitale plan heile vegen. For dei gjer det også, fleire gonger til og med.

Opningssporet Back in the Days byggjer seg opp på ekko frå Echoes (Pink Floyd-låta, ja), for så å flukte inn i regnbogefarga og melodisk fager hippiepsykedelia der tonen er slik; "too many guns, not enough love". Då er dei rett så elskelige. Minst like forføreriske står dei fram som i nesten-instrumentalen Norwaii Five-0. Med særdeles god hjelp frå den friske fiolinisten Øystein Fosshagen vartar dei her opp med ei oppglødd ferd mot utklassing. Velplukkande lap-steel tonar frå Halsne Juvik samt nemnte fiolintraktør er med på å trekke Neon Darkness fram i eit dugande Byrds-psykedelisk lys. Lap-steeltonar gjer også gode ting for Brimstone For Sale. Ei låt som er eit forsøksvis humoristisk åtak på suspekte marknadsføringstriks i platebransjen. Der versa er litt på kant med velfundert tonebygging, mens refrenget til gjengjeld flyt av garde på psykedeliserte godtonar. Nærkontakt med fine tonar har dei også i det nennsame avslutningssporet Where Is Your Love.

Aukar dei graden av attraktiv tonebygging og lettar litt på trykket for å gje psykedeliaen friare arbeidsrom, samstundes som dei dempar ned dei mest baktunge prog-faktene kan dette fort bli veldig kjekt på plate også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo