cover

Trading Snakeoil for Wolftickets

Gary Jules

CD (2001) - Down Up Down / Sanctuary / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Softrock / Singer/songwriter / Poprock

Spor:
Broke Window
No Poetry
Dtla
Unlucky
Something Else
Pills
Boat Song
Umbilical Town
The Pincess of Hollywood Way
Patchwork g
Mad World

Referanser:
James Taylor
Simon & Garfunkel
Cat Stevens
Nick Drake
Bob Dylan

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Jules hit og 10 til

Visesangaren frå California som gjorde furore i England ved juletider.

Rundt juletider i 2003 var det ein coverversjon av ein over 20 år gammal synth-pop låt som toppa hitlistene i England. Mad World som låta heiter vart i si tid komponert og framførd av duoen Tears For Fears. I 2001 dukkar den så opp igjen som ein sørgmodig pianoballade i filmen Donnie Darko. Mannen som tolkar låta på dette viset er ein heller ukjent californisk visesangar med navn Gary Jules. Korleis det så kunne gå til at Mad World i denne versjonen vart julehit i England to år etter er vel i grunnen ikkje anna enn eit nytt lite musikkhistorisk mysterium, på kant med dei fleste trendar som den vel egentlig er. Men vakker er den, veldig vakker, og kanskje det av og til er nok?

Mad World er avslutningslåta på Gary Jules sitt andre og foreløpig siste album. Spektakulert nok titulert Trading Snakeoil For Wolftickets. Ein tittel som kanskje skulle bære bud om musikk i Warren Zevon eller Tom Waits terreng, det er det ikkje. Fleire pianoballader er det også dårlig med. Istaden får vi servert 10 låtar i ein akustisk gitar drapert og sangharmonisk visetradisjon. Tenk Simon & Garfunkel, James Taylor og Cat Stevens, så er du nok på sporet.

Med ei stemme som kan minne om Michael Stipe si velkjente røyst, og ein hang til å ramle innom tonar ein liksom har høyrt før, framstår kanskje ikkje Gary Jules som verdens mest særeigne artist. Men Stipe har jo ei flott stemme, og tonane Jules låner er stort sett av det tiltalande slaget, så det går absolutt an å ha kjekke stunder i selskap med det han har å by på.

Broke Window, som er første låt ut, kunne nesten ha vore ein Gene Clark-komposisjon som ikkje kom med på Turn! Turn! Turn!, men istaden blei rappa av Simon & Garfunkel, før den på mystisk vis spratt opp av skrivebordskuffen til Gary Jules. No Poetry og Umbilical Town har sine Dylanske koblingar med linjer som "there's no poetry between us, said the paper to the pen", men og toneskjørleik meir i Nick Drake si ånd. Skjør er også den beste av Jules sine ti komposisjonar her, Something Else. Ein sang som startar ut i eit moderat Wilco-landskap, før den varleg og elegant tryllar seg inn i veldreia refrenglinjer. I møtet med The Princess Of Hollywood prøver han seg som historieforteljar, og snikrar med det saman plata sin beste tekst. Medan Patchwork G på si side minnar om noko REM kunne kokt i hop hvis dei hadde prøvd seg i country-farvatn.

Ikkje så veldig spennande, kanskje, men dovent og behagelig på eit ålreit vis.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo