cover

Versus the End of Fashion Park

William Hut

CD (2004) - Banana Party / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Singer/songwriter

Spor:
King Of
It's the Breeze
Twin Town
In Your Division
Blame
Black
There's Another Girl
For the First Time
Path
I Remember, Late December
End (Fashion Park Station)

Referanser:
Poor Rich Ones
Magnet
Thomas Dybdahl
R.E.M.

Vis flere data

Se også:
Road Star Doolittle - William Hut (2001)
Days to Remember - William Hut (2004)
Nightfall - William Hut (2006)
Silent Hum - William Hut (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Ein melankolsk bris

Du verden så treffsikker han er i sin melodiførsel, denne vemodige vestlending.

Så langt eg har fått gjort meg kjent med musikken deires, virka Poor Rich Ones å være eit heilt ålreit poprock-band. På ingen måte grensesprengande, men som ein sympatisk aspirant frå R.E.M.- og Radiohead-skulen. Var det nokon som ymta frampå med Travis og Coldplay også? Tja, nei, dei var nå betre enn som så.

Eg nyttar fortid, for det kan virke som om Bergensbandet nå er historie. Eller kanskje dei berre har gått i opplag, på ubestemt tid? Uansett, bandet sin vokalist Willy Marhaug er i desse dagar klar med sitt andre framstøt som soloartist under signaturen William Hut. Og det er blitt ei storarta foredling av dei fine tendensene han viste fram på 2001 debuten Road Star Doolittle. Litt av REM-legninga er fortsatt tilstades hos den godaste Hut. Likevel synest eg uttrykket han har funne fram til på Fashion Park ber preg av eit langt meir personlig formspråk enn kva som til tider var tilfelle tidlegare.

Iøyrefallande låtar har William alltid vore ein kløppar til å sy i hop. Men det han får til denne gang har han berre unntaksvis vore innom før. Faktisk finst det ikkje ein einaste låt på Fashion Park som ikkje har si rot i tiltalande melodiførsel. Frå det sparsomt arrangerte åpningsnummeret King Of til han avsluttar med ei lita vise omkransa av lydar frå endestasjonen Fashion Park Station er det særdeles lite som påkallar apati. Det einaste sporet eg har litt vanskar å hanskast med er For the First Time, mest på grunn av eit arrangement eg ikkje blir heilt komfortabel med, à la Reveal på det svakaste. Men ellers er dette uklanderleg Bergens-melankoli i engelsk språkdrakt og utvungen melodiprakt.

Hut har nok eit visst slektskap med andre vestlendingar som Thomas Dybdahl og Magnet, men er langt meir fiksert på, og flinkare til å finne, den ukompliserte poplåt enn desse to. I samme åndedrag kan ein kanskje og trekke fram nokre relative ferskingar frå øyene på andre sida av Nordsjøen; Tom McRae, Damien Rice og Ed Harcourt. Hut har vel ikkje heilt den samme snodige meloditeften som sistnevnte, til gjengjeld har han i mine auger langt meir å fare med enn både kritikarroste McRae og Rice. Først og fremst fordi han lagar mykje betre låtar. Låtar han i neste omgang gjer ein smakfull behandling, upretensiøst og naturlig, ikkje strabasiøst og utstudert. Han kler dei i drakter som passar perfekt. Ingen monstrøse frakkar når det greier seg med ei lita jakke, ingen ullen genser der ei skjorte høver betre. Og i dei tilfellene der det blir spandert litt kraftfull lyd, veit William og hans medhjelparar å stoppe mens leiken er god (veldig god).

Poor Rich Ones keyboardisten Bjørn Bunes er for øvrig også sterkt involvert her. I tillegg til å traktere ymse tangentar, er han oppført som både medkomponist og medprodusent. Produsert har også Bjørn Ivar Tysse (ex. Chocolate Overdose) gjort, og han har jo faktisk blitt veteran i det faget etterkvart. Ein av jobbane han gjorde i fjor var debut EPen til Sissy Wish (Siri Wålberg). Ei dame som er involvert med si fagre røyst på to av låtane på Fashion Park. Spesielt vekselsangen ho og William har føre seg på praktfulle Path setter spor i mang ei sjel, vil eg tru. Noko Hut nok også klarer både med den vekselsvis dvelande og spretne It's the Breeze og den meir nedpå In Your Division. Twin Town er smittande godpop, der vennskapsby-avtalen mellom Bergen og Seattle blir eit fiffig bakteppe for litt vemodsfull filosofering omkring livets gang; "In the twin town of Seattle, in a silent bedroom battle, I'm growing old".

På tekstplanet er det aldri samanhengande skildringar William presenterer, det blir meir som bukettar av stemningskapande ord og setningar. Diskret retningsgivande men aldri forklarande. Nokon ganger til og med uforståelig. Men uforståelig er ikkje den melankolske tilstanden Hut set lyttaren i, den er berre god (veldig god).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo