cover

The Future Embrace

Billy Corgan

CD (2005) - Reprise / WEA / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Synth / Alternativ / Poprock

Spor:
All Things Change
Mina Loy (M.O.H.)
The Cameraey
Tolovesomebody
A100
DIA
Now (And Then)
I'm Ready
Walking Shade
Sorrows (In Blue)
Pretty, Pretty Star
Strayz

Referanser:
Smashing Pumpkins
Zwan
Nine Inch Nails
Nitzer Ebb

Vis flere data


Ikkje heilt smashing

Solodebuten syner ein ganske harmonisk og noko grå Billy Corgan.

Zwan.

Denne singulære termen plukkar ut fem individ som addert skulle og burde resultere i eit eksepsjonelt ensemble. David Pajo er ei levande legende i undergrunnen; på Spiderland serverte han saman med Slint banebrytande eksperimentell indierock, og med Tortoise gav han ut postrock-klassikaren Millions Now Living Will Never Die. I den seinare tida har Pajo plassert seg i eit landskap likt Will Oldham sitt med folk-inspirert visesong (og samarbeid dei to imellom). Matt Sweeney har også jobba saman med dei to nemnde, men har hovudsakleg laga kompleks, rå indie-rock med blant andre Skunk og Chavez.

Paz Lenchantin si fortid er derimot i hovudstraumen, i stadion-gothbandet A Perfect Circle. Jimmy Chamberlin har manifestert seg som ein av rocken sine store trommeslagarar med arbeidet sitt i The Smashing Pumpkins. Initiativtakar Billy Corgan var primus motor i The Smashing Pumpkins, og burde med det ikkje trenge meir omtale.

Men det formidable potensialet let seg ikkje realisere. Mary Star of the Sea vart både ein kommersiell fiasko og eit kunstnarisk vonbrot. Og etter vonbrotet kom brotet. Skuldingar vart kasta hit og dit; pengekrangel, intern sex, bruk og smugling av narkotika, umedgjerleg Corgan, manglande forplikting frå enkelte, osb. Sett utanfrå kan ein berre peike ei mislukka plate. Men splittinga av den lovande konstellasjonen var ikkje eintydig negativ – Zwan har så langt hatt eit svært produktivt år individuelt sett. Matt Sweeney og Will Oldham sameina krefter på Superwolf. Syntesen denne gongen var vellukka; Sweeney serverte Oldham bittersøt gitarplukking og Oldham repliserte smakfullt. Tjuefemte juni slapp Pajo si sjølvtitulerte plate, ei samling sentimentale lavfideliske og folk-aktige ballader. Sjølv Chamberlin har prøvd seg på eiga hand (dvs, med ein handfull gode hjelparar), og slapp i januar Life Begins Again. Lyrisk sett like ny-religiøs som tittelen impliserer, musikalsk sett tilbakelent fusjon av rock og jazz. Lenchantin droppar innom her og der; på turné med RTX og på dei komande platene til Silver Jews og BrightBlack.

Og så var det altså Billy Corgan sin tur. Etter om lag femten år som ein av forgrunnsfigurane innan den moderne rocken gir han ut si første soloplate. Det er kanskje på tide, ettersom mannen er kjent (og illgjeten) for å vere kategorisk uviljug til å gå på akkord med prinsippa sine, og kompromisslaus på grensa til det sosiopatiske. For som han sjølv påpeiker på sistesporet; "I wasn't born to follow". Slikt gir ein person eit dårleg omdømme, og slik skapar eit visjonært geni stor musikk.

Det første eg legg merke til med TheFutureEmbrace er produksjonen. Billy Corgan har sagt at det er han sjølv og Jimmy Chamberlin som er The Smashing Pumpkins, at lyden av dei to saman nødvendigvis er lyden av The Smashing Pumpkins. Når Corgan no debuterer som soloartist ynskjer han å gjere noko anna enn det han sjølv og alle andre veit han kan, så eit viktig element som distanserer han frå fortida og forventningane den fører med seg, er trommene. Som ein slags resignasjon over fråveret av den trufaste våpendragaren sine vitale og virtuose trommeslag, tyr Corgan her til detaljfattige elektroniske trommer. (Kanskje ser kontrollfriken dette som eit greit kompromiss; den forståinga Corgan og Chamberlin har vil han aldri finne hos andre; men med programmerte trommer sit han i det minste med den heile og fulle kontrollen.)

Så trommene er smålåtne, men utan subtiliteten som pregar resten av lydbilete, og stikk seg difor noko ut. For også i resten av produksjonen har Corgan unngått den alternative gitarrocken han sjølv var den fremste føregangsmannen for på nittitalet. Ofte krev den underfundige produksjonen konsentrasjon frå lyttaren for å avsløre detaljane i arrangementa.

Dei utbroderande melodiane er sjeldan gitt forrang i presentasjonen, og eit teppe av flytande, ulande synth og gitar ligg over mesteparten av plata – noko som leiar tankane til Pumpkins si uutgjevne Machina II / Friends and Enemies of Modern Music der denne gitarbruken var omfattande. Ikkje berre er dei ulike instrumentale delane rimeleg samanflytande innad i songane, men den kjenneteiknande dynamikken mellom hardt og roleg, sakte og hurtig, er vekke, slik at det generelle lyd- og spaningsnivået er jamt gjennom heile plata.

Den vage, noko grumsete produksjonen av instrumenta kan på sett og vis minne om My Bloody Valentine, men særleg vidtrekkande er ikkje likskapane. TheFutureEmbrace er meir elektronisk, og både vokal og trommer er klåre og tydelege. Det kan likevel nemnast at Loveless-produsent Alan Moulder er involvert i produksjonen her, slik han har for vane på Corgan sine utgjevingar.

Det må riktig nok understrekast at sjølv om dei mest intime, stillferdige augneblinka og dei grandiose klimaksa ikkje er til stades, er det ikkje tale om ei fullstendig flat dramaturgisk kurve. Høyr berre Bee Gees-coveren To Love Somebody (originalt i dur - her i moll). Verset er ei avdempa affære; mange lag synth og gitar flyt utover, ein tilbakehalden beat og Corgan si sentimentale kjærleikserklæring. Så refrenget; endringane er minimale, Robert Smith frå The Cure syng med, og dei to skrålar saman for full hals, sårt og inderleg i eit forsiktig men uimotståeleg klimaks. Herleg.

Produksjonsmessig utforskingslyst er ikkje noko nytt ved Billy Corgan. Etter gigantsuksessen med dobbeltplata Mellon Collie and the Infinite Sadness (som somme kritiserte for å vere overprodusert) vart det gjort visse trekk som føregrip TheFutureEmbrace - dels fordi Jimmy Chamberlin vart sparka grunna narkotikamisbruk, og dels fordi Corgan ville frigjere seg frå det storslagne formatet han hadde arbeida innan og utvikla og utnytta til det maksimale. Utan å heilt forkaste dei episke tilbøyelegheitene var Adore langt meir avmålt og mindre dynamisk. Elektroniske element vart i stor grad ein del av plata, særleg innan rytmeseksjonen.

Det eksperimentelle tiltok med neste album, Machina / Machines of God. Her var det ikkje lenger mykje plass til det tilbakelente, forsiktige; kvar einskild millimeter og millihertz var fylt med lyd. Anten det var kjenslevare balladar eller slagkraftig rock var songane plasserte under tjukke dyner av lyd, synth, gitar og gitar og synth. (Og igjen klaga somme; "overproduksjon!" Slike påstandar bommar sjølvsagt på målet sidan dei underforstår ein ekvivalens mellom vektlegging av produksjon og dårleg produksjon, noko som sjølvsagt er nonsens.)

Den innovative lydveggproduksjonen gjer Machines of God til eit overdådig rockepos som heller lid av nokre få svake songar enn dårleg produksjon. Eg finn produksjonen på Adore meir problematisk. Her gir den utprega synthbruken plata eit kunstig preg, noko som underminerer det som i basis er eit svært personleg arbeid. Denne raude tråden i produksjonen frå Adore via Machina til TheFutureEmbrace er stadfesta av og dels grunna Bjørn Thorsrud og Bon Harris (eks-Nitzer Ebb, forferdeleg kvasitysk synthindustri) si gradvise overtaking av Flood si rolle som viktigaste medprodusentar/samarbeidspartnarar.

Men det skal leggast til at utforskingslyst ikkje nødvendigvis har gjort Corgan nyskapande. TheFutureEmbrace må snarare seiast å vere retro. Det luktar sterkt av åttital, og band som New Order og Depeche Mode er naturlege referansar. Poenget understrekast av turnéensamblet sin habitus som grip attende mot synth-tiåret si flørting med fascistismen sitt visuelle uttrykk. Knelange frakkar, militæraktige snitt, brunt og grått og skinn. Åttitalssvermeriet gir albumet sin tittel ein ironisk smak, intendert eller ei.

Med den atmosfæriske, samanfiltra instrumentasjonen er plata bygd kringom vokalen - dei fengande og dynamiske elementa er fråverande, og stemma får vere det einsame midtpunktet. Det er ikkje tilfeldig; me har nemleg å gjere med ein Billy Corgan som ynskjer å vere opnare og ærlegare, skal me tru signala han sender frå ulike hald.

På omslaget ser me ein tilsynelatande naken Corgan som blottlegg sitt famøse fødemerke. I nylege intervju har han stadig uttrykt eit ønske om å berre vere seg sjølv, i motsetning til teikneseriefiguren han nærast vart til som sjef for The Smashing Pumpkins. Dette ønsket ser me att i Corgan sine nettlege aktivitetar. På heimesida si publiserer han med ujamne mellomrom memoarar, der han utan å legge noko i mellom gir eit fascinerande innblikk i eit hendingsrikt liv; om musikkmessig suksess og turbulens, om den tragiske barndommen sin, om kjærleikslivet, osb. Tidlegare i år la han attpåtil hovudet sitt på hoggestabben ved å gi ut diktsamling, Blinking With Fists - ein tanke uventa frå nokon som har sitt suverene føremon som musikar, og ikkje som tekstforfattar.

Og nettopp dette manifesterer seg også på plata. The Camera Eye kan stå som eit døme. Corgan har sjølv sagt om denne teksten at han vagt veit kva den formidlar, men utan å heilt kunne forklare det. "Listen!", ber han oss, for "this is the name I cannot speak". Corgan meistrar nemleg musikken sitt språk best, og det er ofte meir å hente i stemningane og kjenslene han kommuniserer gjennom dette, heller enn i vage metaforar og banale rim presentert i tilnærma stikkordsform. Me vert oppfordra til å omfamne lagnaden ("whoever I was wanting to be/ I already am" - han ser det som sin gudgitte lagnad å lage musikk) til å leite etter meining i det omkring oss, og til å håpe og kjempe for noko betre, trass motstand og motgang. Noko slikt.

Corgan er altså meir harmonisk enn nokon gong, men ein kan spørje seg om det er kunstnarisk heldig; plata sitt kanskje mest positive spor, I'm Ready, er også det desidert verste. Samstundes er den mørke og apokalyptiske Mina Loy (M.O.H.) eit av dei mest vellukka spora. Hylande gitarar og pumpande synthbass og trommer manar fram ei paranoid stemning.

Det er alt i alt ei fin plate, dette, men ikkje noko meir. Og det er skuffande. Eg tillet meg å avslutte med ein appell til den godaste Billy Corgan. Heilt sidan det seine åttitalet har Corgan lefla med singer/songwriter-formatet. Desse produksjonane har som regel vorte gøymd vekk på b-sider, demoar og konsertframføringar, men heldigvis har nokre funne vegen til albumutgjevingar (Stumbleine frå Mellon Collie, Blank Page frå Adore, Of a Broken Heart frå Mary Star of the Sea, osb).

Ynsket mitt er at Corgan endeleg tør å lage eit heilt album i denne forma, heller enn å bruke energien på å leite etter Det Nye. Noko slikt kunne me ha fått frå Zwan, då dei gjorde ein rekke akustiske konsertar med eit imponerande folk-inspirert repertoar.

Diverre kom det, som sagt, i staden eit uinteressant rockealbum med påfølgjande brot. Heldigvis er ikkje alt håp ute. For ei stund sidan skreiv Corgan eit knippe akustiske songar med heimbyen Chicago som tema. Desse vart framførte på ein konsert som vart filma, og meininga er at dette materialet, før eller sidan, skal kome ut på DVD.

Verda ventar i spaning.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Watch - Vacuum

(Lizard)

Førsteklasses progrock som svinger fra det skjønneste og mest henrivende vakre til de mørkeste og mest skremmende understrømmene i følelsesregisteret.

Flere:

Andrew Bird - Noble Beast
Rumble In Rhodos - Signs Of Fervent Devotion