cover

To Dreamers

Kelley Stoltz

CD (2011) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Rock / Post-punk

Spor:
Rock & Roll With Me
Pinecone
Keeping The Flame
Fire Escape
I Remember, You Were Wild
Ventriloquist
Baby I Got News For You
Little Girl
I Don't Get That
I Like, I Like
August
Love Let Me in Again
Bottle Up

Referanser:
The Kinks
Small Faces
Nick Lowe
David Bowie
The Minus 5
Robyn Hitchcock

Vis flere data

Se også:
Below the Branches - Kelley Stoltz (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Midt i poptradisjonen

Det var ikkje Kelley Stoltz som fant opp popsongen, men han prøver etter beste evne å nyte godt av den.

For lenge lenge sidan, på den tida då eg såg dagens lys for aller første gong, var det eit sekstital. Eit sekstital med musikk, med Beatles, med Kinks, med Small Faces. Kelley Stoltz kom til verda like etter at dette sekstitalet var over. Men dei er likevel sterkt til stades hos han, desse tonane derifrå, han blir ikkje kvitt dei, så han brukar dei ivrig.

Han held til i San Francisco, To Dreamers er hans sjette plate, og hans tredje på Sub Pop. Eg iler nå til og innrømmer at eg har høyrt særdeles lite av det han har presentert før årets utgjeving. Men ei lita oppdatering pluss eit par rykte seier meg at han har auka tempoet noko, kvessa lyden i den elektriske gitaren, og reindyrka sekstitalsfaktene endå ein tanke. Samstundes som fleire av låtane har såpass skarpe kantar og stramt driv at meir enn ei postpunkvibbe vaknar til liv. Og, I Like I Like er då David Bowie på veg frå Hunky Dory til Ziggy Stardust.

Men altså, først og fremst er Kelley Stoltz der sekstitalet held til. Og han er der med eigne låtar. Tolv i talet. Den trettande heiter Baby I Got News For You og vart verkelig til midt på sekstitalet. Den er komponert av Peter Miller, som du kanskje ikkje har høyrt om du heller. Han er ein engelskmann som var der då det skjedde, men som ikkje heilt nådde ut til den store hop. Dermed ikkje så at det ikkje finst skattar etter han. Det finst minst ein i alle fall, Baby I Got News For You. Originalsingelen frå 1965 går nå for 2-3000 dollar på eBay. Kelley Stoltz har funne fram både Miller og utstyret låta vart til med den gongen. Og laga sin versjon. Den er platas høgdepunkt.

Men Kelley Stoltz har såpass tak på låtsnekrarjobben at han har fått ihop ei håndfull godt dugande saker sjølv også. I Remember, You Were Wild syng han i attraktive former ein stad. Love Let Me In Again oppfordrar han til i vårpoppige melodiomgjevnader ein annan stad. Eller han tar vegen gjennom ein Fire Escape med både blues og driv i tråkket.

Det meste har han spelt ihop i sitt eige husvære, ganske på eigen hand. Stundom kan greia hans låte noko forsert og uledig, nett det kan vel vanskelig seiast å vere eit pluss. Ein noko vag signatur talar vel kanskje heller ikkje til mannens fordel. Det synst eg imidlertid varmen og den melodiske velstanden han sprøyter inn i største delen av stoffet gjer, så eg plasserer To Dreamers i hylla, eg slenger den ikkje inn i skammekroken på loftet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo