cover

The Hustler

Jeff Klein

CD (2005) - One Little Indian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folk / Americana / Singer/songwriter

Spor:
The Hustler
The 19th Hole
Nearly Motionless
Suzanne
Ironside
Stripped
All I Want
Cobalt Hue
Pity
Put You to Sleep
The Red Lantern
Nobody's Favourite Girl

Referanser:
Ryan Adams
Jesse Malin
Ed Harcourt
The Twilight Singers
Soul Asylum

Vis flere data

Se også:
Another Breakdown - Jeff Klein (2003)
Everybody Loves a Winner - Jeff Klein (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Meir kleint enn friskt

Tredje forsøk frå ein heller uspennande amerikansk songar og låtskrivar.

Med sigaretten i venstre hand, whiskyglaset i høgre og eit livstrøtt uttrykk under ein mørk hårmanke har den dekadent kledde unge mannen vendt dama ryggen. I lufta mellom dei heng den store kommunikasjonsgåta og dirrar.

Jeff Klein har laga si tredje plate. Denne, som tidlegare framstøyt, grev seg ned i, smyg seg rundt blant, og dveler ved mellommenneskelege samhandlingsproblem. Han har titulert den The Hustler. Skulle vere greitt nok det, for det kan nok vere visse bedragerske fakter som ligg til grunn for trøbbelet han skildrar. Han er forresten slett ikkje så verst til å formulere desse heller trasige erfaringane. Spesielt dukkar det opp ei handfull enkeltlinjer ein bit seg merke i. Det flokete er at han sjeldan pakkar orda sine inn i melodisk fascinerande vendingar. Desse har i staden ein tendens til å ende opp som lite originale og/eller anonyme og stilleståande.

Det opnar lovande. Tittelkuttet er historia om byen han spelte inn plata i. Heftige, fargerike, syndige, farlige og dekadente New Orleans. Til eit sparsamt komp konstaterer han umiddelbart at "The city is making love to itself", og han blir etterkvart dratt ytterligare inn i den rådande atmosfæren; "she's shaking her hips, and she's promising she'll make me come........ so I come". I frasering og melodisk løysing kan det heile minne litt om Ed Harcourt. The 19th Hole følgjer. På eit insisterande men melodisk omfamnande vis fortel Klein om trøblete tider. Ting var på sporet, men i jakta på det nittande holet byrjar det å gå på tverke både for den eine og den andre; "the world keeps on turning, mostly it's turning on you".

Men så vert det verre. No hamnar mannen brått ut i ei hengemyr av trøyttande poprock. Framført i det same lende som Ryan Adams søkte mot når skyggane av Soul Asylum omfamna han, og han gjekk seg vill og fant Jesse Malin. For riktig å understreke kor vegen går har Klein fått med seg Dave Pirner frå nettopp Soul Asylum til å kore på tre låtar. På eit par andre korar Ani DiFranco utan at det vert så veldig mykje betre. Greg Dulli (Afghan Whigs) og Mike Napolitano (Blind Melon) er ansvarlege for produksjonsjobben, men vel sjeldan dei mest løfterike løysingane. I eit presseskriv vert det tala om ein eklektisk innfallsvinkel. Vel, det skal meir til enn beats her, ein synth der og ein rå gitarsolo bak hjørna før ein bør snakke for høgt om slikt. Og uansett treng ein sterke komposisjonar, dei er det nok dessverre ikkje for mange av her. Faktisk er det vel berre den krypande og lett dysfunksjonelle Ironside, samt pianodrivne og Tweedy-infiserte Cobalt Hue som har litt å by på etter at dei to første låtane har gjort seg ferdig.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo