cover

Orphans: Brawlers, Bawlers and Bastards

Tom Waits

3 x CD (2006) - Anti / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Blues / Cabaret / Folk / Vaudeville / Country / Jazz / Avantgarde / Spoken word

Spor:
Lie to Me
LowDown
2:19
Fish in the Jailhouse
Bottom of the World
Lucinda
Ain't Goin' Down to the Well
Lord I've Been Changed
Puttin' on the Dog
Road to Peace
All the Time
The Return of Jackie and Judy
Walk Away
Sea of Love
Buzz Fledderjohn
Rains on Me


Bend Down the Branches
You Can Never Hold Back Spring
Long Way Home
Widow's Grove
Little Drop of Poison
Shiny Things
World Keeps Turning
Tell It to Me
Never Let Go
Fannin Street
Little Man
It's Over
If I Have To Go
Goodnight Irene
The Fall of Troy
Take Care of All My Children
Down There By The Train
Danny Says
Jayne's Blue Wish
Young At Heart


What Keeps Mankind Alive
Children's Story
Heigh Ho
Army Ants
Books of Moses
Bone Chain
Two Sisters
First Kiss
Dog Door
Redrum
Nirvana
Home I'll Never Be
Poor Little Lamb
Altar Boy
The Pontiac
Spidey's Wild Ride
King Kong
On the Road

Referanser:
Bob Dylan
Howlin' Wolf
Captain Beefheart
Kurt Weill
Charles Bukowski
Jack Kerouac
Chuck E. Weiss
Johnny Dowd

Vis flere data

Se også:
Nighthawks at the Diner - Tom Waits (1975)
Closing Time - Tom Waits (1973)
Closing Time - Tom Waits (1973)
The Heart of Saturday Night - Tom Waits (1974)
Small Change - Tom Waits (1976)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Fredlause tonar

Ein stor og omfattande dose Waits, men slett ingen overdose.

Sjå der ja, Good Ol' Tom har slengt på seg Bukowski-frakken sin igjen og kjem stegande nedover Fannin Street, med halve gatekoret sitt av syndarar, drankarar, foreldrelause, nedtrykte, bråkebøtter, bastardar, sjarmørar og lurendreiarar i hælane. One Eyed Jack, Jockey La Fayette, Peoria Johnson, Dirty Ol’ Joe, Blackjack Ruby, William The Pleaser, Buzz Fledderjohn, Corabell Lee, Molly, Young Nick og The Cross-legged Knight, dei er der alle i hop, og fleire med dei.

Det er ikkje småtteri han har på programmet denne gongen. 56 låtar spreidd utover tre CD'ar og tre timar. Ein kan få halskatarr, pustevanskar og sjelekvalar av mindre. Ja, eg skal innrømme at det kan vere ei utfordring å fylgje han med absolutt toppfokusert merksemd heile vandringa til endes. Men innimellom, og vel så det, vartar han opp med historier, kastar seg om halsen på melodiske vinnarar, kjem smygande med attraktive tonar, eller rett og slett utfører fantestrekar så alldeles på feil side av gata at ein instinktivt og med nøgd mine blir ståande og klappe ganske så energisk i henda.

Då Tom Waits gjorde 80-talet ei stor teneste med sine ustyrlege, eksentriske og høgst personlige meisterverk Swordfishtrombones og Rain Dogs omdefinerte han samstundes seg sjølv og retta sitt ikkje heilt pålitelige kompass i ein retning han stadig vandrar. Slentrande, hoppande, dansande, marsjerande, sparkande, galopperande, snublande og krypande. Framkomstmåtane han nyttar seg av kan vere så diverse. Blues, cabaret, folk, rock, vaudeville, country, jazz, avantgarde. Tonane kjem i mang slags former. Skrålande, brummande, haukande, kremtande, nynnande, pratande, syngande. Den sterkt røykskada røysta gjev seg til kjenne på mang slags vis.

Orphans er delt inn i tre soniske underkapittel. Brawlers, der ein nesten utan unntak møter Waits i ei eller anna bluesform. Bawlers, som siktar seg inn mot den meir beherska ballade-sida til fyren. Og Bastards, som er eksperimentelle utskot, monologar og anna som ikkje heilt fant seg tilrette i dei to første kapitla. Utgjevinga er også ein salig miks mellom eldre innspelingar som ikkje har vore på dei regulere Waits-albuma, og splitter nytt materiale frå Waits og fru Kathleen Brennan si hand. Etter ein fordelingsnøkkel på sånn cirka 50/50.

Det er få spor eg vil hevde ikkje fortener sin plass på Orphans. Samstundes er det vel heller ikkje så altfor mange som vil kjempe om ein framtredande plass i den etterkvart nokså fyldige Waits-kanonen. Men nokon er det, og då kanskje først og fremst Down There By the Train. I si tid gjort udødelig av Johnny Cash på hans første American Recordings-utgjeving. Her endelig å høyre med opphavsmannen i frontposisjon. Den er ikkje nemneverdig svakare slik heller. Ein seig og sakte eggande gospelsong som tar for seg syndeforlating av det verkelig storsinna slaget; "You can hear the whistle, you can hear the bell, from the halls of heaven to the gates of hell". Og så kjem dei, den eine meir syndig enn den andre og møtest nede ved elva der "the train goes slow". For der kan sjølv den mest hardhuda, den mest svikefulle, den mest skamfulle, den feigaste og den mest hjertelause blant drapsmenn få si tilgiving. Her kan ein sjå "Judas Iscariot carrying John Wilkes Booth" og ein kan ramla over massemordaren Charlie Whitman og gangsterdjevelen Gyp the Blood. Hadde songen vore laga i dag ser eg ikkje bort frå at den også hadde tatt opp ein nyleg hengt eks-diktator i sitt persongalleri. Definitivt ein Waits-klassikar.

Ei av gatene som fører ned til denne mystiske togstasjonen er ganske sikkert ei krokete ei i Houston kalt Fannin Street. I enden av fortauet der snublar vi over ein som sitt og forbannar dagen han gjekk av det der toget og trossa åtvaringa om å spasere nedover gata. Waits syng visa berre akkompagnert av ein akustisk gitar. Det er nok. Det er sårt. Det er vakkert. Det treff midt i hjerta.

Begge desse låtane er å finne i Bawlers-kapittelet. Eg skal ikkje nekte for at dette nok er favorittkapitlet mitt. Her finn vi også den Kurt Weillske cabaret-saken Little Drop Of Poison. Der hovudpersonen i ein nokså bitter tone syng om ho som "left in the fall" og stiller det kanskje ikkje heilt uefne spørsmålet "did the devil make the world while God was sleeping?". Elles crooner Waits seg gjennom jazzige piano-balladar, lar både fiolin og steel-gitar leie an i ledug valsetakt, og fører den over 25 år gamle Ramones-låta Danny Says vekk frå gabba-gabba strøket og inn i sitt eige kvartal.

Ei anna Ramones-låt, The Return Of Jackie and Judy (frå den same End Of the Century-plata), dukkar opp blant Brawlers-stoffet også. Med den stadfestar Waits at forskjellen mellom Joey Ramone og Howlin Wolf ikkje er meir ein spoonful (om nokon skulle ha tvilt på det). Andre Brawlers det er verdt å nemne er det perkussive skjebnedramaet Lucinda, den djuptrøskande keltiske balladen Bottom of the World, den blues-krypande historia om Buzz Fledderjohn og den skrålande country-balladen Rains On Me. Men songen ein legg mest merke til frå den bråkete avdelinga er utan tvil Road To Piece. Tematisk følgjer den ein heilt annan veg enn resten av kobbelet. I ein sorgtung tone rettar Waits her merksemda mot konflikten mellom Israel og Palestinarane. Hovudpersonen er den unge palestinaren Abdel Madi Shabneh. Ein "excellent student, he studied so hard, it was as if he had a future", men denne dagen fortalte han mora si at han "had a test out along the road to peace". Utkledd som ein ortodoks jøde og med eksplosivar festa til kroppen entrar han ein buss, og tar 17 stykke med seg i døden. Waits tar ikkje parti, han refererer, og han stiller spørsmål, før han konkluderer med å undre seg over om "God himself is lost upon the road to peace".

Så var det bastardane, då. Det er vel sant å seie det mest ujamne kapittelet på utgjevinga. Her kan vi høyre han i kjent stil danse seg gjennom Weill/Brecht-låta What Keeps Mankind Alive, på skranglete vis bla opp gammalt "stone news" i Skip Spence si gospel-vise Book of Moses, og gjere både ein folk-variant og ein bluesvariant av ein Jack Kerouac-song (Home I'll Never Be og On the Road). På sitt beste i denne delen er han når han med inderlig røyst tar for seg Daniel Johnston si sorgtunge gjendikting av King Kong-legenda. Blant dei mange monologane som dukkar opp her, finn vi også ein av Charles Bukowski, titulert Nirvana. Men eg lurer på om ikkje den avsluttande røvarhistoria Missing My Son gjer mest inntrykk. Der, kort fortalt, hovudpersonen blir lurt opp i stry av ei ikkje heilt uskyldig eldre dame.

Waits fører oss på ingen måte inn på nye spor med denne utgjevinga. Men så lenge han har såpass mykje interesseskapande å vise fram frå områda han har trakka dei siste 20 åra, som det han har her, er det heilt greitt å vandre saman med han desse tre timane også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo