cover

By the Time You Hear This... We'll Be Gone

The Redlands Palomino Co.

CD (2004) - Laughing Outlaw

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Countryrock / Country / Folk

Spor:
Music's On
Temptation
Losing You
Goodbye Love
This One's For The Heartache
Get On the Train
Devil In My Head
Cold and Blue
Doin' It For The Country
If You're Down
Pony Song
Make Tonight Last
The Same Sky

Referanser:
Gram Parsons
The Byrds
The Jayhawks
The Arlenes
10 000 Maniacs

Vis flere data

Se også:
Take Me Home - The Redlands Palomino Co. (2007)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Doin' It For the Country

Countryrock-gjeng frå London, med mange fine låtar på programmet.

Ekteparet Hannah og Alex Elton-Wall er frontfigurane i The Redlands Palomino Co., eit countryrock-band med base i London. Ein by som på ingen måte gror over av den slags akter. Og med bakgrunn i korleis dette lyde kunne bandet vel så godt komme ifrå North Carolina. Slett ikkje verken spesielt heimlandstufta, originalt eller hipt altså. Kun fundert rundt gode låtar. Men det er vel, når alt kjem til alt, ikkje så heilt håplaust det heller. Underteikna ser i alle fall ingen grunn til å avskrive bandet på slike premissar.

Vel, egentlig er det der North Carolina-utsagnet nokså tåpelig. For kva er gale med å spele countryrock sjølv om ein lever i sjølvaste hippaste London. Det er vel ikkje så mykje verre enn å spele andre musikkformer frå USA, slike som jazz, blues og rock'n'roll. Faktisk er det vel slik at countrymusikken har fleire røter tilbake til Europa enn nokon av desse sjangerane. Så derfor trur eg vi glatt berre godtar at The Redlands Palomino Co. twang-infiserer tonane sine, sjølv om bandmedlemmene sannsynlegvis er betre kjent i King's Cross og Notting Hill enn i sumpane i Louisiana og bakgatene i Tulsa.

Hannah og Alex vart introdusert for kvar andre på ein bar i Portsmouth. Alex var då allereie ein fan av Gram Parsons, Neil Young og alle desse amerikanarane som blandar country i rockebrygget sitt (eller omvendt). Hannah var, som ho syng i bonuskuttet på plata, "a fan of Joni Mitchell and not a friend of Gram". Ho hadde aldri merka seg verken Gram Parsons, Gene Clark eller Hank Williams. Og Roger McGuinn hadde ho for første gong høyrt om då ho varma opp for han på ein konsert nokre månader tidlegare. Så meldinga ho fekk frå Alex då dei byrja å samarbeide var; "you're gonna have to country it up". Og det har ho gjort.

Dei to har delt sånn cirka 50/50 på låtskrivinga og vokaljobben. Hannah sine låtar turnerer stort sett rundt i eit nennsomt country/folk landskap, medan Alex sine ofte har eit meir rufsete preg. Stemmene deires har også noko ulik karakter, Hannah si er grasiøs i Natalie Merchant (10 000 Maniacs) lende, medan Alex si er grov og hes i Patterson Hood (Drive-by Truckers) lende. Vekslinga mellom desse to sine bidrag er med på å gje plata eit variert uttrykk, samstundes som den absolutt heng fint i hop.

Men Redlands Palomino er ingen duo. Dei er ein kvintett, og særlig viktig for lydbildet er steel gitaren til David Rothon. Ei lydkjelde som flyt inn og ut av bildet, men heile tida som eit friskt tilskot. Enten den dansar rundt blant Skynyrd-liknande rocketakter i Temptation, eller smyg seg innimellom countryfagre Lucinda Williams-slekta tonar i Cold and Blue.

Som nemnt har Redlands Palomino ingen einsarta stil, men hovedtyngda i uttrykket deires ligg endå nærare Gram Parsons/The Byrds trakter enn kva kontemporære artistar som Richmond Fontaine, The Sadies og London naboane i The Vessels gjer. Det være seg både når Hannah leiar an i kjærleiksattesten Get On the Train eller i den innleiande oppbruddsvisa Music's On. Eller når Alex er i det empatiske hjørnet i If You're Down. Men kanskje aller mest når dei saman syng om anger, nye sjansar og håp i Make Tonight Last. Ved eit par tilfelle (Losing You og Pony Song) kan det nok bli litt tafatt og fargelaust. Og litt vel djupt inn i klisjeane fell dei i den tungt trakkande Doin' It For the Country; "Got to go back to this crazy life of cigarettes, women and beer". Sjølv om nett denne låta også står fram som ei plausibel hylling til bandet sine inspirasjonskjelder. Medan This One's for the Heartache byr på friske taktar og vital melankoli. Det gjer jo heller ingen ting at låta får meg til å tenke på det fine, men dessverre altfor neglisjerte Minneapolis-bandet Gear Daddies.

Jodå, Redlands Palomino Co. har avgjort ein god del å by på. Så får vi berre håpe at platetittelen sin pessimistiske spådom ikkje slår til.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo