cover

No Witch

The Cave Singers

CD (2011) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Folk / Bluesrock / Psykedelia

Spor:
Gifts And The Raft
Swim Club
Black Leaf
Falls
Outer Realms
Haller Lake
All Land Crabs And Divinity Ghosts
Cleaver Creatures
Haystacks
Distant Sures
Faze Wave
No Prosecution If We Bail

Referanser:
Fleet Foxes
The Low Anthem
Lightning Dust
Pink Mountaintops
The Felice Brothers
Drivin'N'Cryin'

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ingen heksekunst

Eit ukomplisert og listig folkrockgroove kan vere godt nok det.



Det har blitt mykje folk dei siste åra. Folkrock og folkpop og frifolk og acid-folk og psykedelisk folk og antifolk og ... kort sagt all slags folk. Så å skape interesse, og markere særpreg, med den slags i 2011 er vel kanskje ikkje det enklaste å gje seg ut på. The Cave Singers har like fullt prøvd nokre år dei, og prøver igjen. Og sannelig, det er jo noko der.

Gitaren, det er noko med tonen til gitaren. Korleis den buktar seg listig strakaste vegen framover. Gjentakande og enkelt, ikkje brautande, ikkje virtuost. Forsiktig dyppa i psykedelia, absolutt ikkje dynka. Fokusert i si gjerning, suggererande i si utkome. Derek Fudesco heiter han som spelar på den gitaren. For nokre år sidan spelte han bassgitar i den energiske postpunkgjengen Pretty Girls Make Graves.

Så blei det altså folk. Saman med Marty Lund og Pete Quirk. Den første ein åndsnærverande trommeslagar, den andre ein songar med ei mildt raspande røyst. På sine to første plater baud dei på lettfattelige og organiske folktonar i eit popmelodisk ganglag. Dei utvidar repertoaret sitt litt her på si tredje plate.

Då dei skulle spele inn sine to første plater tok dei vegen frå heimbyen Seattle over grensa til Vancouver. Colin Stewart, som blant anna har jobba med Black Mountain, produserte (og eit par Black Mountain-folk teikna seg på deltakarlista). Randall Dunn har også jobba med Black Mountain, og med Sunn O))) og Boris. Han har produsert No Witch. Kanskje ikkje sensasjonelt at det då blir litt meir lyd over sakene denne gongen. Meir rock.

Meir, men ikkje av dimensjonar som skaper dei om til noko anna. I alle fall ikkje i første omgang. Opningssporet Gifts and the Raft er folkharmoni i frå gata til bysbarna Fleet Foxes. Swim Club er akustisk og trivelig countryrock. Det er når Black Leaf kjem seglande at noko anna er i emning. Ein sørstatsgruff med riff og orgelvrinsk. Falls bankar deretter på ei mektig dør og slepp til gospelkoret. Før Outer Realms i neste omgang viser seg som ein myndig rakkar, med eggande tablarytmikk og luft under tonane.

Djupast ned i det psykedeliske mudderet grev dei seg med Faze Wave, og uttalar linjer som "I ain't the man I am, no no no, I ain't the man I was". På sitt festligaste er dei i låvegospelsaken Haystacks. På sitt beste er dei i Haller Lake. Der gitaren buktar seg i sine listigaste former, og dei ganske så enkelt berre finn god-groovet, og held tak i det, og held tak i det. Nonchalant og glødande.

Dei er The Cave Singers frå USA sitt nordvestlige hjørne. Dei har krydra tonane med både litt Afrika og litt Asia. Litt. Dei har gjeve sakene ein liten injeksjon meir søle. Ein liten. For framleis er det nå folk dei helst er. Folk med evner til å mane fram noko medrivande frå tonane sine, utan å ty til hekseri av noko slag.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Senjafestivalen 2014

Strålende konserter, fantastiske omgivelser, sol og føling i fjæra tre dager til ende. Tragedien kom noen uker senere.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo