cover

The River & The Thread

Rosanne Cash

CD (2014) - Blue Note

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Folk / Blues / Americana

Spor:
A Feather's Not A Bird
The Sunken Lands
Etta's Tune
Modern Blue
Tell Heaven
The Long Way Home
World Of Strange Design
Night School
50,000 Watts
When The Master Calls The Roll
Money Road

Referanser:
Lucinda Williams
Emmylou Harris
Mary Chapin Carpenter
Patty Griffin
Gillian Welch
Carlene Carter

Vis flere data

Se også:
Black Cadillac - Rosanne Cash (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ho reiste sør

Ei dotter, ei kvinne, elva som renn igjennom henne, og tråden ho prøver å lære seg å elske.

Ein draum: "I was dreaming of the Tallahatchie Bridge, a thousand miles from where we live". Det blei ikkje berre med draumen. Rosanne Cash og ektemannen drog dit. Til brua. Han tok eit bilde av henne der ho stod og skoda nedover elva. Bildet er blitt til coverframside på dama sitt tolvte album. Ein stoisk ro pregar bildet, og eit mystisismens skjær.

"You can cross the bridge and carve your name, but the river stays the same". Ho nærmar seg slutten av siste song, Money Road. Og vegen er verkelig nok den. Du finn den nede ved Mississippi-deltaet. Den går forbi staden der den 14-årige afroamerikanaren Emmett Till vart drepen (i 1955), etter at han flørta med ei kvit dame. Nokre steg seinare passerer den grava til Robert Johnson. Før den ganske så sikkert når fram til eit vegkryss. Rosanne Cash har oppsøkt sine røter.

The River & The Thread er elleve songar der dei amerikanske sørstatane på ulikt vis kjem til syne. Songane er blitt til i løpet av turar som Rosanne Cash og mannen hennar John Leventhal har gjort ned dit dei siste åra. Ned dit både hennar mor og far vaks opp. Men ikkje ho. Rosanne sin barndom fann stad i solfylte California, og dei siste tjue åra har ho budd i New York City. Når ho no er der nede ved Deltaet, eller i Dyess, Arkansas, eller i Memphis, Tennesse, er det ikkje slik at ho kjenner seg 100 % heime, trur eg. Eg anar ei viss avstandstaking. Men også ein kjærleik, og ein varme.

Aller varmast opplever eg henne i Etta's Tune. Ein song om han som spelte bassgitar i Johnny Cash sitt legendariske backingband (The Tennessee Three), Marshall Grant, og hans kone gjennom 65 år, Etta Grant. Med dei to viktigaste ingrediensane for ein klassisk countrysong trygt på plass – ein medrivande melodi og ein uttrykksfull tekst – grip den tak i meg. "What's the temperature, darlin'?". Det var hans spørsmål kvar morgon han kom inn på kjøkkenet til sin kjære. Så lite, så stort. Rosanne Cash gjer spørsmålet til gjennomgangsstrofa i songen sin. Så enkelt, så vakkert. Alt den rommar. Om det å leve, om å reise, om å elske, om det å komme heim.

Og det er vel det det stort sett handlar om. Det vere seg å reise "like spies in paradise", slik ho formulerer det i den blå visa Night School. Eller det kan dreie seg om å finne vegen frå Barcelona til Memphis, om ein skal tru det som vert uttrykt i den raffinert countryrockande Modern Blue. I den vagt jazzige The Long Way Home blir vi presentert for flyktningen som eigentlig har brukt all si tid på å finne ut "how to take the long way home". Medan det i sumpblues-saken A Feather's Not A Bird vert slått eit slag for å ta "the long way home just to end up in your arms"?.

Sjølvsagt handlar det om litt andre saker også. Det kan til dømes handle om å sjå på verda med ei langt meir sekulær innstilling enn det ein vel kanskje forbind med sørstatane. Og endåtil gjere det i ei gospelvise titulert Tell Heaven. Eller det kan vere å inkorporere ein dose skrudd røyndomsoppfatning, fundere over om det kunne ha vore slik at "Jesus came from Mississippi", og gje det heile eit groovy bastarduttrykk. Slik Rosanne, hennar mann, og nokre til gjer det i World of Strange Design.

Alle songane har Rosanne laga i kompaniskap med mannen sin. Han melodi, ho tekst. Så nær som ein, der har eksmannen hennar, Rodney Crowell, også vore involvert. Då er vi komme til den episke countrysongen When The Master Calls The Roll, der Rosanne formidlar ein historie frå den gongen det var borgarkrig i USA. Ein historie med dei klassiske elementa av kjærleik, sakn og død. Der ei ung kvinne (Amy Helm) og ein tilårskomen bande (Rodney Crowell, Kris Kristoffersen, John Prine og Tony Joe White) har tilrive seg namnet The Master's Choir og bidrar med koring av det særdeles romslige slaget.

Eg skal ikkje hevde at The River & The Thread er den tredje plata i ein trilogi. For det trur eg Rosanne Cash vil protestere på. Men eg føler likevel at dei høyrer litt i hop dei tre siste platene hennar. Black Cadillac (2006) – om tapet av ein far, ei mor, og ei stemor. The List (2009) – full av faren sine favorittsongar. Og så denne då, der ho søker dit det starta. Der livet hennar vart til. Skal eg rangere dei tre vil eg nok hevde at Black Cadillac er den beste, men du verden den er god denne også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo