cover

Glitter in the Gutter

Jesse Malin

CD (2007) - One Little Indian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Americana

Spor:
Don't Let Them Take You Down
In the Modern World
Tomorrow Tonight
Broken Radio
Prisoners of Paradise
Black Haired Girl
Lucinda
Love Streams
Little Star
Bastards of Young
Happy Ever After (Since You're In Love 2007)
NY Nights
Aftermath

Referanser:
Ryan Adams
Paul Westerberg
Jess Klein
Pete Yorn
The Wallflowers
Marah
The Hold Steady
Cheap Trick
Johnny Thunders & the Heartbreakers

Vis flere data

Se også:
The Fine Art of Self Destruction - Jesse Malin (2002)
Wendy - Jesse Malin (2003)
The Heat - Jesse Malin (2004)
On Your Sleeve - Jesse Malin (2008)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Matt kopirock

Han har hatt kjentfolk på besøk, men det er ei tynn og preglaus suppe dei har hjelpt han med.

Oscar Wilde hevda ein gong at "we are all in the gutter, but some of us are looking at the stars".

På coverbildet på sitt nye album står Jesse Malin i hevdvunnen rock'n roll positur og stirer, ikkje mot stjernene men rett inn i kamera med eit nokså tomt blikk. Samstundes er det vel ikkje heilt utenkjeleg at det nett er dette Wilde-sitatet som har stått modell for tittelen Glitter in the Gutter. Det er i tilfelle ikkje det einaste som har stått modell for ting Malin har for seg her.

Med ein god Dose of Thunder rennande gjennom systemet har han vore sine turar oppover Thunder Road og nedover The Boulevard of Broken Dreams. Ved tidlegare høve har han der hevda å ha praktisert The Fine Art of Self Destruction og kjent på The Heat. I beste rennesteinromantiske ånd har han no funne fram til litt Glitter in the Gutter. Men eg veit ikkje heilt om eg trur på han. Eg trur helst han er ein posør.

Kledd i svart, med innhaldet frå ei flaske gele i håret og gitaren på hofta prøver han på eit vel affektert vis å overtyde oss om at han har noko å melde. Det har han ikkje. I alle fall ikkje noko andre ikkje har meldt langt meir minneverdig før. Lou Reed, Bruce Springsteen, Paul Westerberg, Johnny Thunders. Til samanlikning blir Malin ein etterplaprar. Ein som har lært seg knepa, men som aldri kjem med substansielle og eigenarta vendingar, verken i tekstlig eller tonal form.

For all del, hadde eg blitt utsett for ein blindtest av tekstane hans ser eg ikkje vekk i frå at eg hadde konkludert med at dette for så vidt er greitt nok. Ja, alle hans små tekstlige stikk til klassiske rockelåtar (frå Gimme Shelter, via River Deep Mountain High til American Pie) kan til og med seiast å vere litt artige. Ikkje noko for framtidige sitatbøker eller slikt, men med tonefølgje av melodivinnande og initiativrik karakter så skal du sjå det kunne fungert. Slikt tonefølgje får dei ikkje. Alldeles ikkje. Malin vartar opp med melodiar så svake og livlause at det heile kunne vore noko Ryan Adams hadde funne på i eit svakt augeblikk. Og då veit jo dei fleste at vi verkelig snakkar svakt augeblikk.

Ryan Adams, ja. Han er med her, slik han har hatt for vane når Malin spelar inn musikk. Jakob Dylan er med her også, og Josh Homme. Og sannelig dukkar ikkje Springsteen opp og duetterar med fyren i pianoballaden Broken Radio. "The angels love you more than you know, raised on robbery and rock'n roll" syng dei to i lag. Midt i Malin sitt tematiske nedslagsfelt, men framført med såpass pondus at eg nett her er villig til å devaluere den sterke misnøya mi eit lite hakk. Hadde situasjonen vore den at eg aldri hadde høyrt Bastards of Young i Replacements sin originalversjon så kan det vere at eg hadde hevda at den låta også hadde vore eit lite lyspunkt her, men pianoballadeversjonen til Malin blir no eigentlig særdeles spede saker målt mot originalen då.

Elles; anonyme vers strevar seg fram mot dusinvare-refreng, og den eine trøyttande rockelåta etter den andre fer forbi og blir borte, for alltid.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo