cover

Pearly Gate Music

Pearly Gate Music

CD (2010) - Bella Union / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Folkrock / Poprock / Lo-fi

Spor:
Golden Funeral
Big Escape
Navy Blues
Oh, What A Time!
I Woke Up
Daddy Wrote You Letters...
Gossamer Hair
I Was A River
Bad Nostalgia
Rejoice

Referanser:
Will Oldham
M. Ward
J. Tillman
Phil Elvrum/Elverum
Ray Davies
Leonard Cohen

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Upolerte perler

Med eit vakent instinkt, ved ein luftig port, skapar ein ung mann songar som blenkjer, på freidig vis.

Neidå, vi er ikkje direkte inne frå eit musikkstykke sett i scene av St. Peter, med engelen Gabriel på harpe og resten av englekoret i heftig hallelujakoring. Gud har heller ingenting med dette å gjere, sjølv om sonen Jesus er blitt tildelt ei lita birolle. Hovudrolla er det ein høgst jordisk jypling frå Seattle som har, Zach Tillman.

Det var noko kjent med det namnet, seier du då kanskje? Vel, det er nok han Josh du i så fall har i tankane. Josh Tillman, trommeslagar i Fleet Foxes, men også godt i gang med ein somber og melankolitufta solokarriere, som J. Tillman. Zach, det er hans yngre bror det. Og her er han ute med sitt første album på eiga hand. Vel, ikkje heilt på eiga hand, for storebror er med han, som rytmisk partnar og korist.

Zach Tillman har ein viss melankolsk hang han også. Det er songar på plata hans som tek seg fram i lendet der broderen har vore i sine soloframstøyt. Men det er også songar som går andre vegar. Han er verdt å fylgje langs dei fleste vegar.

Plata er i stor grad spelt inn, med enkle middel, innafor dei fire veggene som utgjer husværet til Zach Tillman. I tillegg til å synge både nennsamt og viljesterkt, trakterer han ein akustisk gitar og eit Casio keyboard, og han lar husets lydar spele med. Broderen hjelpe som sagt til på sin måte, kjærasten Jenna korar på ein song, og ein el-gitarist og ein bassist dukkar opp på eit par spor.

Sidan unge Tillman vel å halde seg med så få instrument som det han gjer, er det fort gjort å konkludere med at her har vi jammen meg endå ein singer/songwriter folkfyr du. Det skal eg ikkje gjere. Det ville det vere feil å gjere. For han gjer det ikkje like trongt som ein del av desse soveromstilverkarane kan ha ein tendens til å gjere det. Han varierer tonen, tempoet, og har langt meir enn eitt sonisk tyngdepunkt å vise til. Det er pop, det er grums, og det er takter.

Og det er luft, og det er rom. Og aller romslegast er Golden Funeral. Ein song der dei spelte tonane ikkje er mange, men ein song som like fullt har noko storslått over seg. Storslått og dystert i eit susande og regntungt bilde. "You turned your friends into lovers, and your lovers they are all gone" innleiar songaren, og fortel så ein besynderlig historie om ein einsam og merksemdssøkande gut som det nok ikkje går heilt vel med. Men som songaren meiner har gjort seg fortent til konklusjonen "good work, what a boy".

Folkfyren i han gjer seg til kjenne på litt ulikt vis. Folk'n roll kunne ein kanskje kalle det i drivande nummer som Big Escape og Bad Nostalgia. Medan sakterennande I Was A River og meir giftige Rejoice har mest av den spartanske og intime visa i seg.

Eit markant høgdepunkt er Gossamer Hair. Den har sine nedtona parti, den har sitt krakilske parti. "I know you noticed my clumsy hands, run through your head of gossamer hair" går som eit sårt og illevarslande mantra i den nedtona første delen. "Oh God, I'm an animal" konstaterer så songaren, brått og ille til mote. Og gitaren slit seg og går til psykisk åtak. Etterkvart blir den likevel overmanna, sett band på, og mantraet kan igjen få arenaen for seg sjølv. Nesten.

Og så var det Jesus då, og hans birolle. Oh, What A Time heiter låta der den fyren dukkar opp. Den knokkelarrangerte Oh, What A Time. "The only man I ever loved, died two tousand years before I could ask him to a show" syng vår mann. Eg trur eg anar eit litt lumpent glimt i augekroken hans idet han gjer det.

Ein skapar av den mest skarpsindige poesi kan eg vel vanskelig hevde at Zeth Tillman er. Men i uløyselig kompaniskap med dei på alle vis vitale tonane etterlet hans tidvis underfundige, tidvis likeframme, tidvis insisterande formuleringsåtferd eit visst inntrykk. Vel, eit freidig og saliggjerande inntrykk faktisk.

Slik det jo høver seg at Pearly Gate Music skal gjere.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Savages - Silence Yourself

PLATEOMTALE: Vår anmelder lar seg begeistre av debutalbumet til britiske Savages - som byr på postpunk med ekko fra Patti Smith, Bauhaus og Black Sabbath.

Low i Oslo
Minnesota-bandet feirer 20-årsjubileum med nytt album og turné som fører Low til Blå. Vi varmer opp til konserten med en fersk video som du kan sjekke her.

Jenteslipp
Øya med tre nye navn i dag, Cat Power, Laura Mvulah og Mona & Maria meldt klar for Middelalderparken i august.

Podium

Hovedsiden / Siste:

London folk ønsker å låne en...
13.05.13 - 21:04

Bassist søkes Oslo/Akershus
13.05.13 - 11:04

Vi soker øvingsrommet i Oslo...
05.05.13 - 20:55

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

()

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.

Tidligere: