cover

Garbageheads On Endless Stun

East River Pipe

CD (2003) - Merge / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indiepop / Singer/songwriter / Folk / Americana

Spor:
Where Does All the Money Go?
Monumental Freaks
I Won't Dream About the Girl
I Bought a Gun In Irvington
Girls On the Freeway
The Long Black Cloud
Arrival Pad #19
Streetwalkin' Jean
Stare the Graveyard Down
Millionaires of Doubt
It's Always Been This Way

Referanser:
Smog
The Magnetic Fields

Vis flere data

Se også:
Shining Hours in a Can - East River Pipe (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Monumental Freaks

Einmannsbandet East River Pipe serverer nye historiar frå vrangsida av den amerikanske draumen.

East River Pipe er F.M. Cornog, ein kar som ved hjelp av sitt Tascam 388 ministudio har spelt inn sitt femte album: Garbageheads On Endless Stun. Litt hjelp har han fått frå sin kjære Barbara Powers, her titulert "organizer of chaos". Det er ei oppgave ho har lykkast med, for så veldig kaotisk lyder ikkje dette. Dei elleve sangane på albumet har derimot det til felles at dei i større eller mindre grad blir vevd inn i eit teppe av lyd og tonar frå keyboards, samt forsynt med rytmer frå ei trommemaskin, og så suppleres det innimellom med litt gitar. Ut av dette lurer det seg fram fleire tiltalande sangar i eit slags krysningspunkt mellom indierock og country/folk. Skal eg gjere eit forsøk på å være meir konkret, så tenk deg ein hybrid mellom Smog og Leonard Cohen (men med ei lysare røyst) krydra med ein handfull Flaming Lips (Yoshmini Battles-era) og ein dæsj Magnetic Fields.

F.M. Cornog hadde ein heller vanskelig oppvekst i Summit, New Jersey. I ungdomsalderen fekk han store alkoholproblem og eit påfølgande psykisk samanbrot, og endte etterkvart opp som uteliggar. Møtet med før nevnte Barbara Powers brakte mannen smått om senn inn på den musikalske reisa han fortsatt er ute på. Ei reise han heile tida har gjort som einmannsbandet East River Pipe, med moralsk og produksjonsmessig støtte frå Barbara. Med den bakgrunnen han har, er det ikkje så unaturleg at sangane i stor grad handlar om individ som lever sitt liv eit godt stykke unna den sagnomsuste amerikanske draumen. Og frå ein slik ståstad er det vel også ganske adekvat å stille spørsmålet Where Does All the Money Go?, slik F.M. Cornog gjer i åpningssporet her. Ei problemstilling som blir ytterligare fulgt opp i den ironiske liketille countryfiserte sing-a-long saken Millionaires of Doubt.

Som sagt, sangane er befolka av ulike skikkelsar med ryggen mot veggen, og med lite meir å tape. Som psykoen i I Bought a Gun In Irvington, som etter å ha fortalt korleis han har "sent 'em both to Kingdom Come", supplerer med eit kortfatta men særdeles uttrykksfullt "oh yeah". Monumental Freaks velger eg å tolke som ein sang til og om alle som har opplevd ein ufortjent vanskelig barndom, der Cornog avsluttar med å stille følgande motlause spørsmål: "How long can a dog chase a fly? How long can a girl wave goodbye? How long can the drugs keep you high?". Temmelig tragisk er også historien om den prostituerte Streetwalkin' Jean: "Only 19, blow job supreme, my sweet machine, no self-esteem, but eyes that still gleam" - så er det kanskje eit ørlite håp tross alt, då.

Groteske historiar, tragiske skjebner, og mørke bilder som i stor grad blir teikna altså. Tonane som fargelegg derimot, er ikkje like tunge, for sjølv om dei har sine melankolske tendensar, ber dei også i seg mykje av popens livsglede og forhåpningar. Dermed skaper Cornog ein slags dualisme som gjer sitt til at albumet blir den givande opplevelsen det er.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo