cover

The Guitar Song

Jamey Johnson

CD (2010) - Mercury / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Sørstatsrock / Countryrock

Spor:
DISK 1:
Lonely At The Top
Cover Your Eyes
Poor Man Blues
Set `Em Up Joe
Playing The Part
Baby Don't Cry
Heaven Bound
Can't Cash My Checks
That's How I Don't Love You
Heartache
Mental Revenge
Even The Skies Are Blue


DISK 2:
By The Seat Of Your Pants
California Riots
Dog In The Yard
The Guitar Song
That's Why I Write Songs
Macon
Thankful For The Rain
Good Morning Sunrise
Front Porch Swing Afternoon
I Remember You
Good Time Ain't What They Used To Be
For The Good Times
My Way To You

Referanser:
Waylon Jennings
Willie Nelson
Kris Kristofferson
Johnny Cash
Merle Haggard
Guy Clark
David Allan Coe
Lynyrd Skynyrd
Drive-By Truckers
Shooter Jennings

Vis flere data

Se også:
That Lonesome Song - Jamey Johnson (2008)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Country er groovy

Vår mann i Nashville er tilbake med endå lenger skjegg, og ei endå lenger plate. Røff, uredd, sentimental, og suveren.

Det finst ein fyr i Nashville som gjer det litt annleis. Han kom flyttande dit frå Alabama tidleg på 2000-talet. Prøvde livnære seg som låtskrivar, men måtte ty til ekstrajobbar innimellom. I 2006 hadde han ferdig sitt debutalbum. Eit ikkje spesielt annleis album. The Dollar var tittelen, men av nett det slaget skrapte albumet inn så få at plateselskapet gav han sparken. Ein utagerande livsstil førte til at han fekk sparken på heimefronten også.

Så vakna han opp ein dag. Bakrusen dansa med støvlar på, smerta var nådd inn til kjernen, angeren brann. "The high cost of living ain't nothing like the cost of living high" vart konklusjonen. The Lonesome Song heitte plata han nå laga. Plateselskapa i Nashville stilte seg ikkje akkurat i kø for å få gitt den ut. Ikkje utan å få løyve til å flikke og pynte litt på den først i alle fall. Ikkje faen, sa songaren, og gav ut plata på privat basis via nettet.

Ein dag kom Luke Lewis over plata. Luke Lewis, sjef for Mercury Records. Han kalla songaren inn på teppet for ein liten samtale. "Hello", sa Lewis, "I don't know what you guys are doing in that studio, I don't care. Just don't mess with that sound". "Hell, I came here to tell you that", repliserte songaren. Platekontrakt vart underteikna. To år seinare nærmar The Lonesome Song seg 1 million selde eksemplar.

"We're going to keep doing it wrong till we like it that way" sa gode gamle Willie Nelson ein gong. Jamey Johnson har teikna abonnement på det utsagnet. Ikkje det at han har funne opp noko nytt. Han er i countrymusikken. Ikkje i utkanten av den, eller på kant med den, men han gjer den med taggar. Med taggar, flekkar, tæl, og seg sjølv djupt involvert.

Men ikkje åleine. The Kent Hardly Playboys har han døypt den laust samansette gjengen han har samla rundt seg. Den lyden Luke Lewis snakkar om over, skal desse ha sin dugande del av æra for. Ein lyd som brenn, med eit groove som er grumt, med gitarar som både kan gråte audmjukt og glefse lumskt (både av typen akustisk, elektrisk og steel), eit orgel i varmblodig flyt, og eit piano som både luskar og trillar. Ein lyd som er likeså pålitelig (og upålitelig) tilstades når The Lonesome Song i desse dagar vert avløyst av The Guitar Song.

Ei countryplate plar ha ei lengd på sånn cirka halvtimen. Med ti songar, kor av 1 eller 2 er skrudd i hop slik at dei skal kunne fange merksemda via radiosignal. The Lonesome Song er 56 minuttar lang, og har 14 songar med kvar sin sterke personlegdom, men som likevel renn over i kvarandre som årene i blodsystemet. The Guitar Song doblar.

The Guitar Song er eit dobbeltalbum. 25 songar, 1 time og 45 minutt. Disk 1 er svart, disk 2 er kvit. Rykta sa det var slik fordi den første er eit mørkets og dei dunkle tankars album, mens det andre prøver fange livets lysare stunder. Det er vel ikkje heilt slik. Den svarte disken har absolutt sine strimer av lys, mens den kvite har fleire svarte flekkar. Mest er det vel ein songsyklus der tilstandar vert granska frå litt ulike vinklar, der kjensler vert kjent på, augeblikk fanga, og songen feira.

Men det er mørkare enn det er lyst. Svartare enn det er kvitt. Og det er Lonely At the Top. Songaren klagar sin nød i ein innleiande barsamtale. Hans noko meir medtatte samtalepartnar har mildt sagt vanskar med å føle medynk, og tar til motmæle; "it might be lonely at the top, but it's a bitch at the bottom". Songen er ført i penn av Keith Whitley, og er ein av fem her som Jamey Johnson sjølv ikkje har laga.

That's Why I Write Songs har Johnson skrive sjølv. Den er også den einaste songen på plata han gjer heilt åleine, med si baryton røyst, og sin akustiske gitar. Eit resiterande manifest over kvifor han har enda opp som låtskrivar, og ein hyllest til dei mindre kjente låtskrivarane i countryhistoria. Hank Cochran for eksempel. Ein Cochran som på si side er mannen bak Set 'Em Up Joe, også ein song som hyllar låtskrivarar frå countryhistoria.

Slik er det litt på Guitar Song. Eit tema i ei låt på det svarte albumet har gjerne sin tematiske partnar over hos det kvite albumet. Heaven Bound og Thankful For The Rain er to andre eg tenker har eit slikt band. Begge er forma i audmjuke ordelag, og snakkar vent om ei kvinne som var der, og som ein vemodstynga songar har eit usikkert håp om vil søke hans selskap på nytt. Det er ikkje audmjuke ordelag som bitt Playing The Part og California Riots i hop. Dei deler derimot eit noko negativt lada syn på Los Angeles. Eit syn som er blitt slik etter ein innspelingsseanse Johnson hadde i byen. "Taking a dip on the sunset strip in the morning, ain't nothing like the smell of tofu and high dollar wine", syng ein noko sarkastisk Johnson (samstundes som han stel litt frå ein vidgjeten one-liner av Robert Duvall). Nei då var det andre tider, og meir handterlige tider, den gongen "the only LA I knew was Lower Alabama". Og tonen, og groovet, det er sugande det, det er sørstat det.

Og endå meir sørstatsrock er det når bilen er på veg heim til Macon. Der "love all night" visstnok er i vente, og songaren får med seg to kvinner med etternamn Coppola i lysten og varmblodig harmonisong. Langt mindre lystefull er Can't Cash My Checks. Ein sakte brennande, og sju minuttar lang affære, der overlevingsinstinktet super etter luft, og ærligdomen blir utfordra. "You can take my word, but you can't cash my checks" kjem det frå ein hardt prøvd hovudperson. Og går du ut bakdøra hans og rett over haugen, kan du skode "all these plants that's been paying my bills".

Ja, "these are sad times, world gone mad times, men doing bad times". Så hevdar i alle fall songaren i det raffinerte countrysoulnummeret Even The Skies Are Blue. "God must be crying". Gud ja. Kanskje ein skulle tatt ein prat med han? I Remember You siterer nokre linjer frå denne praten.

Moral og umoral, tru og utru, Gud og Jack Daniels. Slik er countrymusikkens vesen. Frå Hank Williams til Johnny Cash til Jamey Johnson. Han skil seg ikkje ut på nokon måte sånn. Familien syng han om også. Ei trøystande voggevise til dottera si, titulert Baby Don't Cry. Eller han teiknar eit idyllisk bilde av barndomens langsame verd, i den tilbakelente visa Front Porch Swing Afternoon.

Ei tid som var handlar også tittelkuttet om. To gitarar heng på veggen hos pantelånaren. Dei startar ein samtale. Tidene har vore betre. Bill Anderson, ein gammal countrymann, er stemma til den eine. Han minnes (eller kanskje skryt på seg) tider då han var i henda til Haggard, Robbins og Cash. Den andre gitaren sukkar imponert, han har stort sett måtta nøye seg med å kurere "some heartaches" i mindre attraktive buler.

Og Heartache, den så ofte omsunge Heartache opptrer i personifisert form på plata, i den barskt truande songen som ber dens namn. Skildra i si evige jakt etter nokon å kødde med, nokon å plage. Ein fattig stakkar til dømes. Ved at den rike fysaken oppe på haugen lokkar til seg hans kjære. Då vert det Poor Man Blues. Då vert det hemn. "When he took her love away from me I had nothing else to lose. So I taught that rich man just what happens when a poor man gets the blues".

Frå hemngjerrige idear til audmjuk kjærleik, frå bitter anger til fagre minner, frå feil adresse til riktig veg. Det finst så mange slags songar på The Guitar Song. Men ikkje for mange. Jamey Johnson gapar ikkje over for mykje i dobbeltformat. Han leverer årets beste countryalbum, igjen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo