cover

Balls

Elizabeth Cook

CD (2007) - 31 Tigers / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Folk / Rock'n'Roll

Spor:
Times Are Tough in Rock N' Roll
Don't Go Borrowin' Trouble
Sometimes It Takes Balls to Be a Woman
Rest Your Weary Mind
He Got No Heart
Mama's Prayers
Sunday Morning
What Do I Do
Down Girl
Gonna Be
Always Tomorrow

Referanser:
Loretta Lynn
Dolly Parton
Kelly Willis
Rosie Flores
Katy Moffat
Maria McKee
Kasey Chambers

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Heimebrennarens dotter

Ei countryfrisk sørstatsdame det verkelig osar vilje, mot og attityde av.

Med famnen full av forboden frukt, ein myndig sørstatsaksent, og utan spor av nøling i blikket kjem Elizabeth Cook dansande mot ein. Sometimes It Takes Balls to Be a Woman syng ho på albumets sentrale kutt. Og det er ingen tvil om at ho har det. Har det som skal til for å føre arven etter Loretta Lynn og Dolly Parton vidare. Vidare med ei låtskrivarkraft og ei twangy og ektefølt åtferd ein ikkje treff altfor ofte på i countrykretsar no til dags.

Eg trudde lenge at Balls var hennar debutalbum. Det falt meg sjølvsagt ikkje inn at noko så friskt og freidig kunne ha passert meg uhøyrt over fleire år. Men det har det. Balls er Elizabeth Cook sitt fjerde album. Dei tre første har enten blitt gitt ut på små uavhengige selskap med skrantande distribusjonsordningar eller blitt latt i stikken hos eit omstrukturerande større selskap. Beklagelig, for denne dama har langt meir å by på enn all verdens Shania Twainer og Faith Hiller. Ikkje skulle det vere nokon grunn til å gøyme henne i garderoben heller, for folk med same tvilsame idear som den kinesiske OL-komiteen, berre ta ein kikk på coveret.

Ho har ein bakgrunn av det slaget ein lagar countrysongar om. Født (i 1972) og oppvokse under fattige kår i dei rurale strøk av Florida, som den yngste av 11 halvsøstrer og halvbrør. Mora var ein songar og mandolinspelar frå ei åsside i West Virginia, faren hadde lært seg å spele kontrabass i fengsel, der han sona ein elleve år lang dom for organisert heimebrenning. Ho stod på ei scene første gong fire år gammal, og song songar mora hadde skrive. Does My Daddy Love the Bottle More Than He Loves Me heitte ein av dei. Faren slutta visstnok å drikke ikkje så lenge etter at han hadde høyrt den.

Ni år gammal hadde Elizabeth sitt eige band. I 1996 forlot ho eit universitet i Georgia med dugande eksamenspapirer både i rekneskapsføring og informasjonsteknologi. Ho fekk ein kontorjobb i Nashville. Men ho ville ikkje berre jobbe på kontor. Ho ville spele. Og spelte gjorde ho. På scener rundt i landet, og i utlandet. Ein julidag i 2004, seier rykta, stod ho på scena under Seljord Countryfestival. Det var visstnok fleire tusen der. Eg kan ikkje skjønne anna enn at ho må ha gjort inntrykk, i alle fall på den oppegåande delen av forsamlinga.

Til å produsere Balls har dama fått tak på ringreven Rodney Crowell. Ein kar som har hatt fingrane sine bort på mang ei aktverdig countryplate dei siste tretti åra. Albumet er etter seiande i stor grad spelt inn live i studio. Og du verden så levande det er. Frå det innleiingsvis, til swingande tonar, vert proklamert at Times Are Tough In Rock'n Roll og fram til det ein dryg halvtime etterpå vert slått fast på håpefullt vis, akkompagnert av mellom anna nydelige feletonar, at det alltid kjem ein morgondag med nye sjansar. Always Tomorrow (som den låta då sjølvsagt heiter) er ikkje komponert av Alf Prøysen, men av Elizabeth sin ektemann Tim Carroll. Og er ein av to låtar på albumet som ikkje dama har komponert sjølv. Den andre heiter Sunday Morning. Og ja, det er sjølvaste Velvet Underground-klassikaren vi snakkar om. Eit modig val. Men full seier. For ho gjer den heilt og fullt om til sin eigen vare vakre trøystefulle countryballade; "Watch out, the world's behind you, there's always someone around you who will call, it's nothing at all".

Sidan vi først er inne i balladeavdelinga. Down Girl, med finfin koringsinnsats frå Rodney Crowell og Nanci Griffith fortel ein skilsettande historie om jenta som "used to take chances" men som no sit der som ein skygge av seg sjølv og stirer i golvet. Litt meir up-tempo, men framleis i eit melankolsk hjørne finn vi også den sterkt Dolly Parton-slekta Mama's Prayers. "I'm not in the hall of fame, I'm not on the wall of shame", men livet er strevsamt like fullt, godt då å vite at ein er til stades i mammas kveldsbønn.

Det er ikkje balladar som dominerer albumet. Meir framtredande er ein twangy rockin' stil med visse aner mot 50-talet, men definitivt ikkje mosegrodd. Førnemnte Sometimes It Takes Balls to Be a Woman er nok stjerna i den avdelinga. Som ein hardbarka motsats til ærverdige Stand By Your Man etterlet den inga tvil om at her er ei dame som slett ikkje lar seg tyne av sjølvgode og tåpelige mannebein. Medan tittelen til den likeså livfulle He Got No Heart skulle seie det meste om kva den handlar om. Vår dame er ikkje innstilt på å vise nokon nåde; "he treats me like I play some kinda game, I'd shoot him down if I knew where to aim".

Frå kategorien sitatfreistande kraftutsagn lyt eg også berre sakse denne her frå Times Are Tough in Rock'n Roll; "all my feelings, all my fears, were confirmed with Britney Spears". Minuttet etterpå, i den feleflotte Don't Go Borrowing Trouble, kjem ho så opp med friske og velformulerte råd om at ein ikkje akkurat treng oppsøke trøbbel ein ikkje har opphavsretten til. Dama står heller ikkje med henda dinglande usikkert og arbeidsledige i lause lufta i den sprudlande Gonna Be. Der omkvedet er av det særs så optimistiske slaget; "I'm not a has been, I'm still a gonna be".

Eg trur deg Elizabeth. Og ikkje minst, eg håpar sterkt du har rett.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo