cover

When I Said I Wanted to Be Your Dog

Jens Lekman

CD (2004) - Racing Junior

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Kammerpop / Indiepop / Psykedelia

Spor:
Tram #7 to Heaven
Do You Remember the Riots?
You Are the light
If You Ever Need a Stranger
Maple Leaves
Silvia
The Cold Swedish Winter
Julie
Happy birthday, Dear Friend Lisa
Psychogirl
When I Said I Wanted to be Your Dog
A Higher Power

Referanser:
Morrissey
Belle & Sebastian
Harry Nilsson
Scott Walker
The Magnetic Fields

Vis flere data

Se også:
Night Falls over Kortedala - Jens Lekman (2007)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Rocky er død, lenge leve Jens

Når crooner-debutant Jens Lekman disker opp med småtrist pop-psykedelia er det lov å vere glad... jätteglad.

For den store plateindustrien må historia om vår mann Jens Lekman framstå som ein vond drøm. I desse dager då fildeling blir sidestilt med uaktsomt drap, er det nok ein provoserande nyheit at sirkulasjon av mp3-filer kan ha visse positive følger for artisten involvert. Så var i alle fall tilfelle med Gøteborg-artisten denne anmeldinga skal ta føre seg. Under sitt kunstneriske alias "Rocky Dennis" var han eit svært ettertrakta nedlastingsobjekt på mangt eit guterom og gjennom ein særs aktiv jungeltelegraf gjekk snart store delar av Sveriges befolkning rundt i gatene og jalla til slagerar henta frå ein vinylsingel som kom i knappe 100 eksemplar. Nåja, muligens var det ikkje heilt slike euforiske tilstander, men likevel oppstod det raskt eit behov etter å høyre meir frå den lovande svensken.

Resultat kom i form av to offisielle EPar: Maple Leaves utgjeven i heimlandet i 2003 og Rocky Dennis in Heaven som kom i starten av 2004. Med denne siste utgjevinga tok han då, som navnet galant påpeiker, livet av sitt alter-ego og gikk tilbake til sitt opprinelige fødenamn Jens Lekman. Med albumet When I Said I Wanted to Be Your Dog, som er ein er kuliminasjonen av eit fire år langt musikalskt eksperiment, viser Lekman at genial popmusikk likegodt kan oppstå frå einsame kveldar på soverommet som under demonstrasjonar mot eit utvida EU.

Jens Lekman har ei kraftfull men samstundes glatt og rein røyst som omslynga som den er av store orkestrerte arrangement, har medført at svensken av enkelte har blitt omtala som ein moderne pop-crooner. Ingen dårleg karakteristikk, må eg tilføye. Mine første assosiasjoner når eg hørte denne plata gikk omtrent som følgjer: "Belle & Sebastian møter Morrissey og Harry Nilsson i finfin allsang". Og for meg personleg kan det nevnast at dette var utvetydig ein positiv kombinasjon. La meg likevel gå litt meir detaljert til verks. Tram #7 to Heaven er første spor ut på albumet. Ei lun vinylknitring i bakgrunnen høyrast gjennom heile låta, noko som gjev eit koselig lydbilete samstundes som det gir det heile eit heimesnekra preg. Den enkle og repeterande gitaren er stabil motvekt mot hordar av sampla strykerar, sjølv når det stormar som verst. Tidleg blir vi introdusert for eit ganske så merkelig tekstunivers som ved første gjennomlytting (eller tiande for den saks skuld) ikkje synast å gje særlig meining. Det opnar med det heller kryptiske spørsmålet "Did you take Tram #7 to Heaven? - Did you eat your banana from 7-eleven?" Dette blir heller aldri besvart, men her ligg heller ikkje poenget i Lekman si utforming av tekstane. Enkelte av låtane på albumet bulmar over av språklige metaforar samt språkrim som synast å ha blitt plassert mest på grunn av mogeligheita for å gjere nettopp dette. I andre tilfeller kan derimot Lekman nærme seg den "enkle" historia, til dømes når han i den pompøse Grand Prix-liknande radiosingelen You Are the Light erklærer sin kjærleik til sin elskede medan han sit inne bak lås og slå. Absolutt inga vanleg setting for ein kjærleikslåt, men med ei usedvanleg vakker historie.

Ser ein bort frå tekstane eit lite sekund, er det verdt å påpeike at musikken er krydra med allslags finurlege element ein sjelden høyrer side om side. Her finn vi både fuglekvitter, bjeller, plystring, knipsing og klapping. Her kombinerast gjerne lavmælte plukkegitarer og bongotrommer, med storslagne orkesterlyder utan at ein av det skal trekke vekslar til til dømes ein artist som Håkan Hellstrøm. Jens Lekman står på eigne bein, og fungerar like godt når han "crooner" seg gjennom a capella-låta Do you Remember the Riots?, som når han omfavnar bossanova sjangeren på Happy Birthday, Dear Friend Lisa.

Stemmemessig befinn Lekman seg på same gatehjørne som blant andre Morrissey frå The Smiths, Scott Walker og Stephen Merritt frå The Magnetic Fields - ein glimrande line-up av inspirasjonskjelder spør du meg. Sidan storparten av låtane er rolege og drøymande i forma, medfører det for meg som sagt ein stor fokus på det tekstlige materialet, eit materiale som ofte er spekkfullt med små humoristiske anekdoter. I den gitarorienterte The Cold Swedish Winter hører vi Cliff Richard omtale Sverige som "just porn and gonorrhoea" medan Lekman kjem med følgande gullkorn i låta Psychogirl "She sent me an SMS but it felt more like an SOS". Når hørte du sist slike linjer i ein poplåt?

When I Said I Wanted to Be Your Dog er eit strålande bidrag til musikkåret 2004, og unge Jens Lekman - i likheit med den litt eldre svensken Nicolai Dunger - fortenar utvilsamt ei stor lyttarskare, noko både mp3-entusiastar og andre bør bite seg merke i.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Joe Henry - Tiny Voices

(Anti / Epitaph)

Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.

Flere:

Le Corbeau - Moth on the Headlight
Orchestra Baobab - Pirates Choice