cover

White Wilderness

John Vanderslice

CD (2011) - Dead Oceans / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Kammerpop / Folk

Spor:
Sea Salt
Convict Lake
White Wilderness
The Piano Lesson
After It Ends
Overcoat
Alemany Gap
English Vines
20K

Referanser:
Jason Falkner
Andrew Bird
Lambchop
Belle & Sebastian
Bon Iver

Vis flere data

Se også:
Cellar Door - John Vanderslice (2004)
Five Years: Selected Recordings 2000-2005 - John Vanderslice (2005)
Pixel Revolt - John Vanderslice (2005)
Romanian Names - John Vanderslice (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pop for orkester

Den smygande popfyren Vanderslice finn tonen med eit fabulerande og allsidig orkester.

Ei ny plate frå John Vanderslice har for vane å komme smygande litt på sida av der praten utspelar seg. I over ti år har det vore slik. Men kjem gjer dei nå likevel desse platene hans. Og godt utrusta med gjennomarbeida popmusikk er dei. Som den studioeigaren og produsenten han er har det blitt til at han tar seg tid og gjer seg føre med platene sine. Utan at hans nøye uttenkte soniske løysingane tar livet av tonane. Tvert om har vel platene heller vore kjenneteikna av ein varm og underfundig musikalitet som har gjort dei til kjære lytteobjekt. Slik også med årets plate. Sjølv om den har blitt til på eit noko anna vis, og i eit heilt anna tempo, enn kva standard Vanderslice-prosedyre har vore.

Minna Choi heiter ei dame som ein dag kontakta Vanderslice og lurte på om han kunne tenke seg å nytte hennar orkester med klassisk trena strykarar og blåsarar (og litt anna) som faste lydtilbydarar i studioet sitt. Ja kanskje det, tenkte Vanderslice, når han fekk tenkt seg om litt. Det er jo mange studio her i San Fransisco og omliggande område, tenkte han, men ikkje så veldig mange som kan freiste med eit eige orkester. I alle fall ikkje Magik*Magik Orchestra. Så dermed vart dei ein del av studioet Tiny Telephone sitt tilbod.

Og når tida var kommen at han skulle lage ei ny plate sjølv, var lite meir opplagt enn at Magik*Magik Orchestra måtte bli med. Så det vart dei. På den halvtimen-lange plata White Wilderness. Spelt inn på litt over halvtimen, men ikkje så veldig mykje meir. Tre dagar tok det, og så var den ferdig. Ei nesten sensasjonell rekordforbetring for vår mann.

Men frykt ikkje, Vanderslice lukkast på dette viset også. Og Magik*Magik Orchestra har ei sentral rolle. Ikkje ei smektande og symfonisk rolle. Dei kan ta på seg ei svirvlande og litt fyndig rolle, og gjere god plass til luskande pianoakkordar, som i sårsalte Sea Salt. Eller dei kan vere viltre og uroskapande, og ha ein knurrande saksofon i ermet, som i fripopsaken The Piano Lesson. Det er laust og ledig, innhaldsrikt og pretensjonslaust. Det er Vanderslice.

"Sun shines on the Gaza Strip, smiles on the back alleys of Madrid" er det aller første John Vanderlice syng. Det blir raskt mørkare, det blir natt, litt hutrete, og det blir snø, nok av snø. I tittelsporet. Eit dvelande tittelspor, vandrande i reservert sonisk motstand, og omhandlande kvit nedbør som dekker til alle spor.

I Convict Lake, den mest fengande låta på plata, er det vinden som har ei rolle. Utan at den skal bli tildelt skulda for at hovudpersonens campingtur endar i tåka. Og derifrå over i ei sjukehusseng, "bound down like Gulliver tied up in thread", før ein noko miserabel konklusjon set punktum: "You can't take back what you put in your head".

Han har alltid laga interesseskapande tekstar til songane sine Vanderslice. Svarte, dunkle, litt skrudde, og ikkje alltid heilt opplagte tekstar. Tematisk ofte med eit litt anna fokus enn den gjengse songtekst. English Vines er ein av desse. Eg har funne den vakker, skjør, og litt Lambchopsk. Høyrt dens svale klarinett-tonar, tungsindige steelgitar, og blåe pianotårer. Og fundert litt over den. Sånn tilsynelatande handlar den om ein fyr som slit tungt med naboen sine slyngplanter. Dei er ilskne og angrepslystne, og har "roots to deep to kill". Meir enn han kan takle, så til slutt endar han opp i evig skjul bak markisene sine. Kanskje har songen ingen djupare meining enn nett det den fortel, og det er heilt greitt det. Eller kanskje er det eit forsøk på å seie noko om frykt, om mistru, eller maktesløyse. Kanskje? Den sterkaste songen på plata er eg derimot ganske så sikker på at den er.

Sånn mot slutten av ein halvtime eg tenker det kan vere meiningsfullt å søke selskap med, ein gong i blant.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo