cover

Rust Never Sleeps

Neil Young & Crazy Horse

LP (1979) - Reprise / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Offensive meldingar, rustfrie tonar og krut i fingrane

Ei plate ein absolutt ikkje bør prøve å klare seg utan.

Om det midt under punkoffensiven på slutten av 70-talet skulle ha vore nokon som var i tvil, ja så burde dei i alle fall ikkje vere det etter å ha lytta til Rust Never Sleeps. For med dette albumet stadfesta Neil Young ganske så ettertrykkelig at han nok var ute på eit heilt anna oppdrag enn dei fleste av sine samtidige. Her viser han seg nok ein gong fram som den visjonære og rastlaust søkjande rock'n'roll sjela med skarpsindige låtskrivar-evner. Litt tragisk er det då å tenke på at det neste tiåret skulle han stort sett bruke til å motbevise nettopp det. Ja, først når 80-talet tok sine aller siste andedrag fant Neil Young det passande på ny å ta vegen "down the timeless gorge of changes where sleeplessness awaits". Men det er ein annan historie. Denne skal handle om tre av rockehistoria sine største låtar samt nokre klarsynte programerklæringar.

Dei to sidene på LPen Rust Never Sleeps kan vel knapt seiast å vere to sider av same sak. I alle fall ikkje same soniske sak. Dei fem låtane på side 1 står fram i ei spartansk form. I all hovudsak betyr det Neil Young og hans akustiske gitar. Dei fire på side 2 kjem mot ein i ein heilt annan fasong. Her har Young fått Crazy Horse ved si side, og saman leverer dei fire ein til tider høgelektrisk seanse.

Tematisk er låtane her også kanskje inne på eit litt anna spor, bortsett frå sistelåta, då. Den er, slik Young har gjort det av og til, ein ny vri på opningssporet. I denne samanheng ein hamrande hyperfrenetisk utgåve versus ei visesong-utgåve. My My, Hey Hey (Out of the Blue) versus Hey Hey, My My (Into the Black). Den elektriske versjonen brenn kraftigast og står rocken sitt desperate vesen nærast, og er derfor best. Eit beint fram varmblodig manifest over tilstanden til rockemusikken: "The King is gone but he's not forgotten, this is the story of a Johnny Rotten." Rocken vil nok leve vidare, men skal den klare det er den avhengig av både hamskifte, vitamininnsprøytingar og vågale ballespark. For den som ein gong har vore ung og fryktlaus har ein stygg tendens til å verte eldre og tannlaus. Om ikkje vedkomande då skulle ha merka seg at det er "better to burn out than to fade away". Ein 27 åring frå Seattle feiltolka denne erklæringa på skjebnesvangert vis. Neil Young og Bob Dylan har vist at sjølv om kreativiteten av og til har virka å vere sterkt falmande, og rusten sterkt truande, så kan ein finne fornya glød og dermed stadig halde liv i flammen.

Neil Young avsluttar Hey Hey, My My med å konstatere at "there's more to the picture than meets the eye". Ei stadfesting som også kan vere ganske illustrerande for den tekstlige delen av Rust Never Sleeps. For kva handlar eigentlig den vekselvis hyperaktive og seige Sedan Delivery om? Kva er tanken bak ei linje som (bortsett frå at den er ganske så elskelig absurd) "I'm gonna ride my llama from Peru to Texarkana" i den psykedeliske visa Ride My Llama? Og kor går eigentlig vegen i den vakre, og Nicolette Larsson harmoniserte, countrylåta Sail Away, sånn bortsett frå at det synes å vere ei fin ferd? Ei fin ferd kan ein vel ikkje seie at Welfare Mothers er. Den verkar nok heller å vere eit noko ufint angrep på aleinemødrer som er avhengig av sosialstønad. Eller har Billy Talbot gode hensikter i sitt tilbakevendande mantra; "welfare mothers make better lovers"? Det er vel uansett ei låt ein kanskje kunne klart seg utan. Men det er den einaste, resten er henta frå øvste hylle, og tre er i tillegg kledd i gull.

"Aurora borealis, the icy sky at night", nordlyset på den kalde vinterhimmelen. Slik startar songen om den modige indianarkvinna Pocahontas. Vidare syng Neil om den store massakren av indianarkulturen, samstundes som han drøymer om å vere ein pelsjeger for då skulle han ha gjeve "a thousand pelts, to sleep with Pocahontas, and find out how she felt". Etterpå skulle dei sitte rundt leirbålet saman med den store indianarelskaren Marlon Brando. Ei vakker kjærleikserklæring til det amerikanske urfolket, trygt planta blant sterkt vanedannande tonar som Neil Young driv fram med å bruke gitaren både melodisk og perkussivt.

"They were hiding behind hay bales, they were planting in the full moon". Med "they" i den enkle men usedvanlig melodisk velskapte Thrasher meinar Young Crosby, Stills & Nash. Og no er han inne på litt av den same tematikken som i Hey Hey, My My. Med utsøkt metafor-bruk syng han om korleis han opplever at kameratane har gått seg vill ("I've searched out my companions, they were lost in crystal canyons"), så han sjølv berre må bryte banda for å komme seg vidare ("So I got bored and left them there, they were just dead weight to me, it's better on the road without that load"). Young avleverer desse linjene meir som vemodsfulle konstateringar enn spydige utfall. Til slutt uttrykker han eit håp om at viss han sjølv ein gong skulle bli "stuck in the sun like dinosaurs in shrines" skal ha forstand til å sjå at tida hans er ute.

"Look out, Mama, there's a white boat comin' up the river". Den unge karen i Powderfinger står nærast handlingslamma og ser på at døden kjem mot han oppover elva. I eit melodisk forførande og krutsterkt snitt, supplert med korte melodiøse og feedback-frie gitarturar, og med eit tekstlig innhald som set merke etter seg, stemplar Young inn ein av sine verkelige klassikarar. Kva den unge mannen og hans familie har gjort kjem ikkje fram av teksten. Kanskje noko kriminelt, kanskje er dei opprørarar, kanskje er det krig (Vietnam-krigen?)? Utgangen for vår helt er i alle fall frykteleg; "then I saw black and my face splashed in the sky". Frå eit etter-døden perspektiv snakkar han så om tristessen i å "fade away so young, with so much left undone". Det er sårt, det er sterkt. Det er ein song ein ikkje kan unnvere.

Det er ei plate ein absolutt ikkje bør prøve å klare seg utan.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo