cover

Untied States of Elephant Micah

Elephant Micah

CD (2002) - BlueSanct / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Americana / Folk / Countryrock

Spor:
Vet Sounds
Grace of St. Cristopher
Rides Away Again
Ohio Arch
%%%%%%%%%%%
April 32nd
Unairconditioned Instrumental
Two TV Sets
Everything Is Good
###########
Ohio Arch (reprise)
Old Song On New Love

Referanser:
Neil Young
Wilco
Hayden
Will Oldham

Vis flere data

Se også:
Elephant Micah, Your Dreams Are Feeding Back - Elephant Micah (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Blant draumar og skakke tonar

Usymmetriske viser og forsiktig støy, skjør sang og vimsete tonar.

I 2002 gav einmannsbandet Elephant Micah frå Indiana ut ein CD med innspelingar gjort dei to føregåande åra, ved hjelp av ein 4-spors opptakar heime på soverommet. Dette albumet kom i eit svært begrensa opplag, tilsaman 52 eksemplar vart trykt opp. Nå i 2004 har Joe O'Connell, som er mannen bak signaturen, bestemt seg for at The Untied States of Elephant Micah, som plata heitte, skal bli tilgjengelig for fleire. Derfor kjem den ut på nytt, på samme label (BlueSanct), der fjorårets Your Dreams Are Feeding Back såg dagens lys.

Albumet er ein av desse platene som verkelig gjev meining til uttrykket lo-fi. Usymmetriske viser og forsiktig støy, skjør sang og vimsete tonar. Veldig lite produsert, veldig sjanglete lyd, veldig upretensiøst og veldig kjekt å ha ei henslegt ettermiddagsøkt i selskap med. Ei økt som byr ein på melankolske bilder frå tåkelagte landskap bygd opp av fragmenter frå underlege draumar. Slik tilfellet er i albumet sitt kanskje mest sentrale spor Ohio Arch (den kjem to ganger, i ein akustisk versjon og i ein rikare instrumentert utgåve), ein enkel melodi der både Neil Young og Wilco (anno Being There) kan stå som treffpunkt, om staden mellom "the two greatest states in the union", ein stad hovedpersonen ser heilt klart for seg, i søvne. Eller i den uortodokse og sju minuttar lange visa Two TV Sets, der ein først blir møtt av feedbacket frå i går som kjem tilbake i tåkete form, før Joe trer inn og fortel ein surrealistisk historie akkompagnert av akustisk gitar og banjo. Med sitt rytmemønster litt ute på sida av det konvensjonelle, og sine rastlause støy innslag oppå ein vemodig og håpefull tone, framstår Old Song On New Love som albumet sitt tredje høgdepunkt. Tilsaman utgjer desse tre (fire) meir enn halvparten av speletida. Blant dei resterande er det mange spor som klokkar inn på drøyt minuttet. Nokon med vokal, nokon utan, nokon ålreite, nokon litt fargelause.

Eg nevnte Neil Young, og hans akustiske periode på tidleg 70-tal går det avgjort an å finne skyggar av her. Men levert i ei noko meir medtatt og vindskeiv form. Ellers er både Will Oldham og canadiske Hayden naturlige referansepunkter.

Så sjølv om han på ingen måte revolusjonerer musikkverden med sine enkle låtar og smårare påfunn, hentar mannen meir enn nok frigjort sjarm frå sin vesle 4-spors hybel til at det heile kan honorerast med eit vemodig smil og i alle fall fire fingrar i været.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo