cover

Dansbare Takras og Andre Lekkerbiskener

Diverse artister

CD (2005) - A Rose For Emily

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Countryrock / Hardrock / Emo / Lo-fi / Elektropop / Metal / Punk / Prog / Hip-Hop

Spor:
Nebulous Termini All Equal, All Doomed
Synthesize My DNA
Dark horse
Neon
The Eternal Phase of Self-Destruction
Clumsy
Shockwave
Dead end
Celebrity face (to All the Sell-out Posers)
Marching Out
Low Tide
Fresh Ground
Interior Landscapes
Fountainhead
A death in Blundertown


Toxic Green Fields
Don't Hide Your Face
Accordion From Hell
Fading Away
My Favourite Fool
Summerbaby
På drift
I Feel Alright
Småbybrud
På Vingersmarken
Sweet Dreams
Come On
Börds
Velvet Morning
Sleep

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Huset i Kongsvinger

Ein dobbel dokumentasjon av undergrunnen i Kongsvinger.

Det finst eit hus i Kongsvinger der mang ein ungdom har tynt fram sine første akkordar.

Alle har dei kanskje bore på ein draum om å komme ut til ein større hop med tonane sine. Nokre få av dei har også vunne ein viss åtgaum utover huset sine vegger og nærmiljøet si samkjensle, men dei fleste må nok før eller sidan gravleggje ambisjonane sine på ein ukjent stad. Begge kategoriar er representert på ein 32 låtar fyldig og dobbel samleplate som i desse dagar har dukka opp ved Glomma sine breidder, og hos ein og annan musikkskribent.

Ein føler på eit vis at ein har atskilleg kilo med formildande omstende tyngande på akslene når ein gjer seg i kast med å skrive nokre ord om ei slik utgjeving. Her er lite som kan kallast direkte dårlig, men enda mindre som fortener karakteristikken storveges. Nærast opp til det siste trur eg forfattaren Levi Henriksen kjem. I samarbeid med gitaristen Thomas Mårud kom han i fjor ut med CDen/lydboka Herfra til Rockaway Beach. Ein personlig og ufullstendig, men absolutt fengslande gjennomgang av rockehistoria. Undertittelen "En musikalsk rundreise frå Lapp-Lisa til Ramones" skulle vel seie sitt. Frå denne har dei ansvarlege bak Dansbare Takras tatt med Henriksen sin barske gjendikting av Louvin Brothers sin klassiske Knoxville Girl (også gjort av mellom andre Nick Cave og Lemonheads), kalla Småbybrud. Resiterande og styggsyngande fortel han ein skånsellaus mordhistorie som absolutt setter spor etter seg.

Same Henriksen var på åtti-talet bassist i bandet Heart of Mary. Eit band som låg og vaka i kjømda av ei viss berømming. I 1988 vann dei ei rockemønstring i regi av Ungdommens radioavis (eit av NRK sine få tilbod til oss som var unge den gongen). Året etter gav dei ut debutalbumet Greetings From Stuckville på sin eigen A Rose for Emily records label (den same labelen som gjer ut denne samlinga). Ei plate som henta inspirasjonen frå den same psykedeliske kornåker som der Dream Syndicate og Green On Red hadde harva rundt. Dei var slett ikkje grensesprengande, men eit absolutt høyrverdig band. Kort tid etter debutplata vart dei imidlertid oppløyst. A Death In Blundertown som dei er representert med her er ein høgelektrisk og melodisk dugande sak som absolutt fortel historia om soundet deira på eit respektabelt vis.

Vokalisten i Heart of Mary var Denis Decay. Han har vore aktiv på musikkfronten heile tida etter Mary-dagane også, og i tillegg til at han er hovudansvarleg for denne samlinga (under sitt eigentlige namn Denis Kamphaug), er han i ulike roller med på fleire av spora på Dansbare Takras. Songar og gitarist i hardtslåande Hutte Tu og straight rockande The Siren Clouds, bassist i 70-tals tungrock-inspirerte Molefunkers. Andre namn som går igjen i fleire samanhengar her er Even Finsrud (mest kjent som trommis i Home Groan), og for meg mindre kjente namn som Thomas Selvaag, Roger Græsberg og Kjetil Foseid.

Dings nummer 1 ber tittelen Takras, og er den tunge og frenetiske. I hovudsak består den av noko som etterkvart fortonar seg som ein litt for kraftig dose middelmåtig hardrock av forskjellige sortar. Death metal, trash, stoner, tradisjonell metal og ting som tenderar meir mot hard core, punk eller prog, pluss litt hip-hop. I tillegg til nemnte Heart of Mary kan eg ane ein viss oppegåande vitalitet i det maniske biletet til Red Harvest, og endå litt meir i det progpsykedeliske til The Apple Falls. Ellers er her lite eg har merka meg.

Dings nummer 2 ber tittelen Lekkerbiskener, og famnar om alt frå viser og country til trip hop og fuzzpop. Eg nemnte Henriksen og Mårud. Vidare dukkar Roy Lønhøiden (som gav ut den fine norskspråklige folk- og countryrock skiva Det Ensomme Landet i 2004) opp med ein ny låt. På Drift heiter den, og er ei enkel og melodisk likandes vise, ikkje så fjernt frå noko Stein Ove Berg kunne komme opp mot i si glanstid. Sånn ellers; The Ethnobabes serverer lettbeinte og godkjente poptonar medan Pale Orange dvelar i eit eterisk Velvet-landskap.

Samlinga dokumenterer vel at Vinger-området ikkje akkurat gror over av dei spektakulære og innovative musikarane. Det er sjølvsagt likevel viktig (av mange årsaker) at ein stad som Huset finst (både i Kongsvinger og andre stader). Så har ein nokre kroner til overs kan ein avgjort gjere dummare ting enn å bruke snaue 200 av dei på ei slik utgjeving.

comments powered by Disqus

 



Voggis
2006-02-01Kjetil Foseid

"og for meg mindre kjente namn som Thomas Selvaag, Roger Græsberg og Kjetil Foseid"
Som kjent ble Kjetil Foseid i dag presentert som Vazelinas nye vokalist etter Viggo Sandvik. Plutselig ble denne en ettertraktet objekt for Vazelina fans...kanskje?

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo