cover

Tin Can Head

The Looking

CD (2005) - Astraea Records

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / New Wave / Folkrock

Spor:
Lily Mansions
Revolt, I Do
I'm Your Labyrinth
Lele
Come Heal My Mind
The Colors Of Fall
Spinoza
The Silver
Tin Can Head
Love From The Moon
Breathing Ethers Dream

Referanser:
The Cure
The Smiths
Simple Minds
Echo & the Bunnymen
R.E.M.

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Stusselig band, stusselig presseskriv

Ein ung amerikanar med stor sjølvtillit og musikalsk fokus retta mot engelsk åttital, kjem opp med ingenting.

Ifylgje overskrifta i presseskrivet som fylgde med denne plata så er opplegget til New York-bandet The Looking å finne "love in the abstract places of the heart". Hmm, den treng eg litt hjelp til gitt, tenkte eg. Eller kanskje ikkje. For er det ikkje berre ei pompøs presisering av at kjenslene ikkje er å finne i sjølve materien, men i dei meir abstrakte områder som sjølv ikkje røntgenstråler klarer å fange inn? Vel, dei kunne gjerne ha fått sleppt unna med den. Men dette er berre byrjinga. Heile presseskrivet er på to tekstfulle sider. Teksten er lagt opp som ei veksling mellom ytringar frå The Looking sin frontfigur Todd Carter og refleksjonar frå den namnlause tekstforfattaren til det vesle plateselskapet Astraea. Eit plateselskap eigd og drive av same Carter.

Det er store ord. Her vert det hevda at "The Looking blandar utfordrande tekstar og ettertenksam filosofi med ein fargerik britisk new wave og amerikansk folkrock-påverknad". Vidare heiter det at "desse eklektiske og ultra-poetiske låtane er forskjellige frå alle kjærleikssongar du nokon gong har høyrt". Før Carter midtvegs i teksten kjem med fylgjande uttale: "Det er sannsynlegvis ikkje så vanskelig å skjønne at eg alltid har skrive poesi, og at eg har studert filosofi". Når eg så held desse skriveria opp mot tekstane og det musikalske innhaldet på Tin Can Head, då kjem den store Aune Sand-kjensla noko alldeles voldsamt over meg. Og eg likar den ikkje.

Utan presseskrivet hadde eg sikkert berre sett på det tekstlige innhaldet som rimelig trøyttande saker, med lite oppfinnsam metaforbruk, riming på det jamne og ein litt for blomstrande språkbruk. Med presseskrivet som bakteppe blir det heile pretensiøst langt utover alle smakfulle normer. Så då får eg i tillegg lyst til å seie noko slikt som at språket her av og til nesten er latterlig høgpoetisk og oppstyltra, og at det er kvasi-intellektuelt og omtrent like ufordrande som Postmann Pat. Men eigentlig kan det være det same med heile poesi-vaset, for dette hadde aldri komme ståande i mål, sjølv med tekstlinjer i nærleiken av Walt Whitman-nivå.

Todd har ei rein lys og tonetreffande stemme, og bandet hans spelar reint, pyntelig og ganske så plettfritt. Og påstanden om at det er påverka av britisk new wave er ein av dei få tinga som stemmer i presseskrivet. Her er plenty av tonar plukka opp i fotspora til The Smiths, The Cure og Echo & The Bunnymen. Problemet er berre at gjengjevinga til The Looking er utan eigenart, utan spenning, utan uro, utan sjel, utan liv og utan meining. Den er like innhaldsrik som baksida av ein spegel, og like viktig som eit blankt ark. Melodiane er åndlause og hule duplikat av ein tradisjon som på sitt beste syda av sveitt nervøsitet, kåtskap, galskap og klamme depresjonar.

Meininga var å nøye meg med å gje ein einslig groove-g til Tin Can Head, men så kom eg til å høyre på eit anna prosjekt som Todd Carter er mannen bak. Parmidian One kallar han det, og er i hovudsak Carter aleine med elektroniske og synthetiske lydkjelder. Instrumentelt og ... ja kva skal eg seie... bortsett frå at det er totalt meiningslaust. Mannen kan sikkert noter, kan sikkert komponere og kan sikkert spele. Men den plata, Can I Read You? heiter den, er femti minuttar med retningslaust og uuthaldelig gnål. Fullt så håplaus er nok ikkje Tin Can Head.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo