cover

Post-War

M. Ward

CD (2006) - 4AD / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Poprock / Countryrock

Spor:
Poison Cup
To Go Home
Right in the Head
Post-War
Requiem
Chinese Translation
Eyes on the Prize
Magic Trick
Neptune's Net
Rollercoaster
Today's Undertaking
Afterword / Rag

Referanser:
Howe Gelb
Calexico
Norfolk & Western
Iron & Wine
Sparklehorse
Bonnie Prince Billy

Vis flere data

Se også:
End of Amnesia - M. Ward (2001)
Transfiguration of Vincent - M. Ward (2003)
Transistor Radio - M. Ward (2005)
Hold Time - M. Ward (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Etter ein krig

Ein tanke meir rettvendt pop-preg over M Ward i år. Det er ikkje øydeleggjande, det.

Det kan kanskje virke som eit noko underleg påfunn å titulere ei plate Post-War, sånn midt i vår nokså krigerske tidsalder. Det M. Ward etter seiande har hatt i tankane er å rette eit ikkje altfor fokusert blikk på kva som kan skje når soldatane kjem heim. Intakte, øydelagde eller i ein bag. Så då er det kanskje ikkje så underlig likevel.

Ein annan innfallsvinkel kan kanskje vere å forstå Post-War som eit lite ordspel i forhold til hans eige namn. M. Ward oppleves i alle fall litt post sin tidlegare soniske framtoning på denne si femte plate. Sjølv har han kalla den si første band-innspeling. Og det er avgjort eit fyldigare og meir kraftfullt lydbilde han opererer i denne gongen, utan at han har lagt til sides sine gode gamle countryblues- og folkfakter av den grunn.

Alle tonane frå gitarar og keyboards er det M. Ward som har ansvaret for. Han drar imidlertid i mindre grad enn på tidlegare album ut på Fahey/Reinhardt/Marr-inspirerte gitarutflukter. Hans kanskje flittigaste medhjelpar Mike Coykendall er med her også, som bassist, trommis, korist og medprodusent. Mike Mogis (Bright Eyes, Jason Molina) står for subtile lydinnspel. The Thermals trommis Jordan Hudson har spelt på tidlegare album, og er på plass igjen. Ved sida av han på fleire av spora sit Descemberists sin nyleg avgåtte stikkesvingar Rachel Blumberg. Saman med desse fokuserer Ward denne gongen litt sterkare på eit dynamisk og rettvendt samspel, og mindre på lo-fi estetikk og snodige soniske sidesprang.

Det finst vel kanskje dei som ikkje er heilt fortruleg med det, og derfor vil hevde at han har flytta seg nokre uønska steg nærare eit meir regulært uttrykk. Dei om det. Så lenge han kjem opp med ei låtrekkje med få svake punkt ser eg ingen som helst grunn for å komme med beiske utsegn.

Det eg kunne ønskt meg er at nokre av låtane, og dermed også albumet, var litt lengre. Det heile er unnagjort på drygt 37 minuttar, så ei handfull gitarutflukter hadde eg meir enn gjerne blitt med på.

Skal vi ta på alvor måten låttitlane reint visuelt er ordna på coveret si bakside, kan det synast som om M. Ward ser for seg Post-War som tre avsnitt og ein epilog. Den nemnte post-krig tematikken kjem tydeligast fram i dei tre låtane som utgjer andre avsnitt.

Dei tre låtane i første avsnitt handlar på si side mest om kjærleiken. Poison Cup er ei lengtande og umåtelig vakker "hymne om å ikkje ville nøye seg med litt; a sip or a spoonful won't do, no, I want it all”. I hælane på denne tar M. Ward tak i Daniel Johnston-låta To Go Home, og syng om evig truskap i eit popdrivande mønster. Å ha med seg Neko Case som harmonipartnar i eit slikt tilfelle er jo aldri ein dårlig idé. Første avsnitt sluttar med den ramlande og noko anonyme poprockaren Right in the Head.

Andre avsnitt er stort. I det smygande tittelkuttet fortel den ru røysta til Ward om tider som var (pre-krig) kontra tider som er (post-krig). Det er vel ingen tvil om at det er notida som "feels wrong". Og Ward hevdar å ha "some hard, hard proof in this song". Det er nok berre minna som kjennes gode i Requiem også. I eit sonisk veksande bilete fortel Ward om mannen som "stormed with his feet. clapped with his hand" og "summoned all of his joy when he laughed". No er han død. For at all tvil skal dunste vekk hentar Ward fram si mest kraftfulle stemme i den konkluderande linja "he was a good man and now he’s gone". Chinese Translation er den tredje låta i dette avsnittet, og har nok meir diffuse skjeringspunkt med postkrig-tematikken. I ein folksy, luftig og rytmisk vital struktur fortel Ward (med litt samsyngande hjelp frå My Morning Jacket vokalisten Jim James) ein historie med klart slektskap til den mytiske forteljartradisjonen. Ein villfaren ung mann søker råd hos ein gammal mann høgt oppe i fjellet, og blir gitt sjansen til å stille tre spørsmål. Dette er kva han spør om;

"What do you do with the pieces of a broken heart?
and how can a man like me remain in the light?
and if life is really as short as they say,
then why is the night so long?"

Så går sola ned og den gamle mannen kjem med sitt svar. Det kan godt tenkast at det er ein ex-soldat som har klatra til fjellet sin topp, men det kan like så godt vere ein som ber på ei stor kjærleikssorg.

Det tredje avsnittet har fem songar som ikkje blir bunden saman av nokon felles tematikk. Eit litt lausare og meir karakterskiftande avsnitt altså. Både i ord og tone. Eyes on the Prize og Rollercoaster swingar seg makelig frå sittande stilling. Den første i ganske så elegante vendingar, den siste i ei litt meir rufsete form. Jim James dukkar opp for andre gong og stemmer i på den feststemte sing-a-long piruetten Magic Trick. Som igjen sklir over i Neptune's Net, ein instrumental dominert av bølgjande surf-gitar. Kanskje ikkje av dei aller mest ruvande låtane i Ward-katalogen nokon av desse fire, men definitivt dugande saker. Today's Undertaking derimot plasserer eg høgt. Ein saktegåande sjelsokkupant som startar i varlege former men gradvis blir omringa av meir og meir lyd, mellom anna eit par intoksikerte strykarar. Skal vi tru Ward (og det er ikkje sikkert vi skal) kom befalinga om å lage denne songen frå ei mektig stemme ”high above”.

Epilogen heiter passande nok Afterwords og glir over i ein nennsam Rag. Slik får Ward inn nokre Fahey-inspirerte tonar heilt til slutt. Samla sett viser han seg nok ikkje heilt i Transfiguration of Vincent form, det gjer han ikkje. Dermed ikkje sagt at ein av den grunn kan gå forbi M. Ward denne gongen, slett ikkje.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo