cover

A Piece of What You Need

Teddy Thompson

CD (2008) - Verve / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Rock'n'Roll / Folkrock

Spor:
The Things I Do
What's This?!!
In My Arms
Where To Go From Here
Don't Know What I Was Thinking
Can't Sing Straight
Slippery Slope (Easier)
Jonathan's Book
One Of These Days
Turning The Gun On Myself
A Piece Of What You Need

Referanser:
Roy Orbison
Buddy Holly
The Everly Brothers
George Harrison
Nick Lowe
Marshall Crenshaw
Chris Isaak
Crowded House

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pop perfekt

Det er meir Orbison og Lowe enn det er årgangs-Thompson å spore i opplegget til Teddy. Det er i grunn veldig så greitt.

Gjennom to album med haustfarga og folkprega popmusikk, samt eitt med coverversjonar av countrylåtar, har Teddy Thompson vist at han har noko meir enn berre namnet å fare med. Han har synt fram ei varm og flott røyst og låtskrivarevner av det godt dugande slaget. Her på sitt fjerde album er det mindre folkpreg over sakene. Tonane han vartar opp med er like fullt som oftast godt eldre enn han sjølv, utan at det hindrar han i å få det til å låte purt, friskt og flott.

Til å produsere sakene har Teddy fått med seg Marius de Vries, ein mann som har hatt den same rolla for folk som Björk, Madonna og Rufus Wainwright. Hans knotteskruing har heilt klart gjort sitt til at A Piece of What You Need er blitt eit endå meir raffinert og velsmurt album enn Teddy sine tidlegare. Dansande pop'n'roll i eit Orbison/Holly-møter-vårt-årtusen-via-Lowe/Isaak lune, med effektfulle brassinnslag og andre små subtile påfunn. Ja albumet er så smart og så riktig at ein av og til lurer på om det kanskje blir for perfekt.

Men det blir med luringa, for unge Thompson, de Vries og resten av bidragsytarane veit kva popdynamikk er. Dei veit at luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og dei veit at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så dei gjennomfører det så godt som heile plata igjennom. På utsøkt vis. Men ein stad meir utsøkt enn nokon annan stad. Den heiter In My Arms, og er eit enkelt og fabelaktige lite popbyggverk, som når sitt toppunkt midtvegs idet de Vries startar pumpe ut fyrrige orgeltonar frå keyboardet sitt. Ein lysande hit (i alle fall i stova mi).

I Wanna See the Bright Lights Tonight song foreldra hans eit par år før han vart født. Eit noko klarare lys enn kva han har operert under tidlegare kan det òg virke som at Teddy har prøvd å finne fram til denne gongen. Eit meir sorglaust uttrykk. "This is a happy record" uttalar han sjølv. Før han modererer seg noko. "Well, maybe not happy, but upbeat. Actually, maybe not upbeat, but it does have some up-tempo songs". Heilt korrekt det Teddy, heilt korrekt.

For ein kan vel neppe kalle det skildring av lykke når han i The Things I Do fortel om eit psykiatrisk kasus som har store problem med å leve med seg sjøl og det han driv med. Og det er verken fryd eller sonisk tempo som dominerer den slepande balladen Where To Go From Here, der hovudpersonen står rimelig paralysert og ventar "at the edge of life". Einsemda som vandraren i den cinematiske balladen Slippery Slope (Easier) kjenner på er vel heller ikkje av det godgjerande slaget. Medan fyren som vaknar opp til ein New York-morgon "bright as Rapper's Delight" i den snedige smygaren Turning the Gun On Myself, byrjar etterkvart som smerta melder seg og storbybråket tiltar å fundere på om han ikkje bør rette pistolen mot seg sjølv, og få ei slutt på lidinga.

Nå blir den siste der levert med ein god dose Thompsonsk svart humor mellom linjene, og håpløysa er vel sånn generelt sett sjeldan større enn at den ikkje kan legast på eit eller anna vis. Samstundes som dei fleste teikn på medgang og gode tider ofte blir mistenkeliggjorte. Sånn i eit Thompsonsk småsarkastisk ordelag. Utan at ein lykkelig slutt nødvendigvis blir slukt av nattemørket av den grunn.

"Oh shit, oh shit, am I happy or something" oppdagar han nærast sjokkert i What's This?!!. Ei dame er i ferd med å flytte inn. Kva gjer ein då. Spolerer det, eller applauderer det? "Funny that I seem to care, usually I'm running scared, and I would, but it's all to good".

Det avsluttande tittelkuttet (det vil seie, det som kjem før den etterkvart obligatoriske "hemmelige" coverversjonen av ei Everly Brothers-låt, The Price of Love heiter den denne gongen) er ei brasspynta og spretten ode til musikk med substans. Substans kontra det lettvinte og kortlevde. Thompson si oppfordring er som fylgjer; "Stop getting everything you want, and get a piece of what you need". Eg tippar at Thompson har eit sterkt håp om å vere leverandør av den sistnemnte sorten. Det er han vel også. For sjølv om ein heilt sikkert kan leve eit fullverdig og godt liv utan tonane til Thompson, er dei absolutt med og krydrar det litt om ein skulle vere så smart å plukke dei opp. Så gjer det.

Så får vi heller tilgje han, denne gongen, for at han (og plateselskapet) har vore særdeles knipne og lite smarte i si coverutforming. Det er tynt, og så godt som fritt for informasjon. Songtekstar, krediteringar og slikt er i staden å finne i fine former på heimesida hans på nettet. Det er neppe slik ein får selt ferdiginnspelte CDer framfor å bli utsett for fildelt nedlasting. I ein kommentar på den nemnte heimesida les eg at dette faktum har gått opp for Teddy også. Han beklagar påfunnet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: