cover

Once Upon a Time in the West

Hard-Fi

CD (2007) - Necessary / Atlantic / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Britpop

Spor:
Suburban Knights
I Shall Overcome
Tonight
Watch Me Fall Apart
I Close My Eyes
Television
Help Me Please
Can't Get Along (Without You)
We Need Love
Little Angel
The King

Referanser:
Coldplay
Keane
Blur
The Libertines
Arctic Monkeys
Kaiser Chiefs
Bloc Party
Doves
Franz Ferdinand

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


...og med det fjerde skal det skje

Vendingar som er høyrt før av eit band som sporer til noko stort.

Som sjølverklært anglofil og massivt interessert i det som rører seg i musikklivet på øyriket var det ei sjokkarta oppleving å innsjå at Hard-Fi hadde gått meg hus forbi, dette til tross for at dei tydelegvis har gjort kometkarriere i sitt heimland, dersom ein skal tru ulike kjelder på Internett.

Det var difor med særs høge forventningar eg såg fram i mot å stifte nærare kjennskap til bandet. Etter ei veke med høg rotasjon må eg nok innsjå at gutane frå Staines i Surrey ikkje innfrir slik som eg hadde håpa. Men alle ingrediensane er til stades.

Her er det store ambisjonar musikalsk, tekstar om grått og trøsteslaust forstadsliv og om uforløyste draumar. Men Hard-Fi greier liksom ikkje å gripe fatt i ein på same måte som kollegaer i same genre, til dømes Kaiser Chiefs og Franz Ferdinand. Gruppa manglar prikken over i'en, den rette karismaen som trengs for å levere musikk av denne typa. Det blir i det heile teke litt for sytete og lyaren blir sitjande å irritere seg i staden for å nyte låtane etterkvart. Det er nok av musikk av forstadsungdom som klagar om ein ikkje skal ha endå eit nytt skot på stamma. Difor håpar eg Hard-Fi opnar tekstuniverset sitt ein smule neste gong og kikkar utanfor kommunegrensa og ser kva som skjer der.

La oss legge det lyriske til side. Etter mi oppfatning er det dei som er ankepunktet på albumet. Musikalsk sett står det mykje betre til. Her er det tilløp til grandiose stryke- og blåsararrangement, godt hjulpe av drevne gromgutar som Wil Malone, Kick Horns og Roddy Lorimer. Dette grepet gjer sitt til at spor som førstesinglen Suburban Knights, Tonight, Watch Me Fall Apart og The King som kuler. Richard Archer har også ei særegen stemme som er lett å kjenne att og gjer sitt til at gruppa innehar eit tonn av potensiale til verkeleg å bli store overalt, ikkje berre heime i England.

Skal ein kritisere noko musikalsk sett, så er det at det manglar på originale løysingar i komposijonane. Ein har høyrt desse vendingane før. Dette problemet deler Hard-Fi med mange av sine kontemporære. Korleis vere kommersiell og samstundes original? Den balansegangen meistrar ikkje bandet enno. Dei vel å halde seg til formelen, og som lyar blir ein absolutt ikkje utfordra.

Når så det er sagt, så gjer det sitt til at dette blir ei plate som mange kan like, og det skal ein slett ikkje kimse av. Originalitet berre for særheita si skuld er så visst ikkje noko å trakte etter. Problemet er berre at ein anar at Richard Archer har noko endå større i seg og at Once Upon a Time in the West var tenkt å bli større, men har enda opp som eit uforløyst meisterverk.

Men for all del, her ligg det sporer til noko stort. Og med tre utgjevingar bak seg er det jo berre å håpe at det går som i ordtaket: Alle gode ting er tre, og med det fjerde skal det skje!
Dette er eit album eg trygt anbefalar til alle som likar melankolsk, britisk rock. Men ikkje forvent deg at blir slått i bakken av Hard-Fi. Så gode har dei ikkje blitt endå. H

øgdepunkta fins der, men det er for mykje fyllstoff til å verkeleg påkalle dei store superlativa.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Core & Nils Olav Johansen - Blue Sky

(Jazzaway)

groove har bedt to av våre jazzskribenter se nærmere på The Cores andre album. Audun Reithaug Rasmussens analyse følger her.

Flere:

The Pains of Being Pure at Heart - Belong
Leonard Cohen - Live at the Isle of Wight 1970