cover

All That Floats Will Rain

Highasakite

CD (2012) - Riot Factory / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Indiepop / Elektropop

Spor:
Son of a Bitch
Winners Don't Come Easy
Indian Summer
When You Have Gone
In and Out of Weeks
God Is a Banquet
My Soldier
Whatever That Means
Everything Sank in You
The Heron

Referanser:
Your Headlights Are On
Lykke Li
The Raveonettes
Feist
Eleanor Friedberger
Belly

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Popregn

Eit debutalbum som tar hovudvegen mot høgder der den oppvakte poptonen rår.

Raffinert popmusikk er ikkje det dummaste eg veit om. Sånn du veit med dynamiske temposkift, vital rytmikk og fengande melodiske vendingar. Om du vil prøve å få det til så kall gjerne låta for Son Of A Bitch, avslutt verset med ei underfundig strofe av typen "take the highway to the ceiling", legg inn nokre luftige "la-la-la", og kast deg så uti eit frydefullt energisk refreng. Då skal du ha ein sikker vinnar for hand. Highasakite har fleire.

Highasakite, ein trio av folk som har vore her før i andre konstellasjonar. I band som på ulikt vis har hatt ein tilknyting til jazzlinja på Musikkonservatoriet i Trondheim. Med namn som Your Headlights Are On, Pelbo og Sacred Harp. Band som har søkt rockemusikken med ein jazzfot og eit avantgardistisk hjerte. Highasakite er ei litt anna greie.

Highasakite lagar musikk som dansar med lettare steg i eit luftigare lag. Trommis Trond Bersu er ein spelande og idérik rytmefyr. Øystein Skar skaper både rein og urein lyd med sine ulike tangentinstrument. Og eit par innhyra strengetraktørar frå same miljøet gjer sitt. Like fullt, utan Ingrid Helene Håvik hadde dette ikkje blitt noko (eller i alle fall blitt noko heilt anna). Ho har laga låtane (saman med Bersu), og ho syng dei. Ho er eigar av ei markant røyst. Ei med både autoritet og nøkterne drag, ei som både held kjølig distanse og gjer frå seg varme. I tillegg spelar ho på harpeleik og autoharpe, og bidrar med det til å gje sakene eit snev av folkloristisk verdsklang.

Det er bramfritt og det er intrikat. Det er pop med ein skygge av postpunk. Ein viss melankoli seglar av garde på bølgjer fødd av pasjon og draumar. Her er ting som treff i første forsøk, her er ting som treng lengre tid. Dei spelar ut det forrykande kortet Son Of A Bitch med det same. Det skal vise seg at det ikkje er ein taktisk bom. Stoffet som fylgjer etter har ikkje antiklimaks malt over seg. Det består i høg grad av låtar som på litt forskjelligarta vis grip tak.

"I broke my bones, I broke some hearts, I broke some promises" erkjenner songaren til forførande poptonar i Winner's Don't Come Easy. "There are women that came thru your door", kva nå det måtte tyde på, vert det fleirstemt proklamert i Whatever That Means. Indian Summer dansar lettbeint over hustak og ut i sjøen, med mektige fredsrop i ryggen. Medan When You Have Gone lener seg mot nokre countryliknande tonar, ser haust og vinter komme, medan den fortel om ein som går sin veg: "when you have gone, all that floats will rain". Vemodstemt.

Bandet opptrer i si mest sakteflytande og balladeorienterte form i God Is A Banquet. Der dei med ein bra dose austerlandske tildragingar skaper eit bilde av ein gud i ferd med å visne hen. Heilt til stades i denne verda er ikkje hovudpersonen i vakre Everybody Sank In You heller. Stort sett i si eiga verd verkar det som, naken, ustanselig mumlande om indianarar.

På eit debutalbum som ustanselig treff den gode poptonen.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #61: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, Del 5

Filmindustrien befant seg i syttiåra i ei hard klemme. Skulle den satse på tidsriktig sosial ’relevans’ eller peise på med det den alltid har vært best på, pur eskapisme? Svaret, og de store pengene, lå i en mellomløsning: Tidstilpasset og trendriden

Podium

Hovedsiden / Siste:

Til Vigdis av Jan Garbarek
06.04.14 - 17:56

Indie band i Oslo søker trom...
23.03.14 - 15:52

Bassist sökes till osloband
17.03.14 - 22:40

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo