cover

Rock 'n' Roll Pony

Gina Villalobos

CD (2005) - Laughing Outlaw

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folk / Americana

Spor:
California
Not Enough
Why
What I'd Give
We Got It Slow
Foolin' Around
Put the Message in the Box
I'm Alright
So Much For Dying
Faded
I'm Trying to Find You
Can't Come Down

Referanser:
Lucinda Williams
Mary Gauthier
Kathleen Edwards
Oh Susanna

Vis flere data

Se også:
Miles Away - Gina Villalobos (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ei sterk dame

Mange fine countryrockande låtar frå ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum.

Villalobos, smak på namnet! Vakkert, ikkje sant? Men det er ikkje det einaste som er vakkert her. California. Det er heimstaten til Gina. Det er også første song på hennes andre soloalbum. Det er ein enkel song i medium tempo, heilt utan fikse påfunn. Det er ein countrysong med rock i nervane. Det er ein song som lever av sine sterke tonar, og sine skarpe ord; "I got California crying outside my window." Det er ein song som blir.

Det er mange fine songar på Rock 'n' Roll Pony. Ingen brenn seg like fast som åpningssporet, men fleire kitlar der ein god song skal kitle. I den der gyldne tråden mellom ryggrada, magen og hjarta.

Gina Villalobos miksar country og rock. Ho skriv låtane sjølv, produserer sjølv. Ho har ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum. Ho er ei dame å merke seg.

Gina har drive med musikk sidan tidleg på 90-talet. Har spelt i mindre kjente band som Liquid Sunshine og The Mades. Førstnemnde har tre album på samvitet, sistnemnde har gjort oppvarmingsjobbar for mellom andre Frank Black, Weezer og The Breeders. I 2002 debuterte ho som soloartist med albumet Beg From Me. Rock 'n' Roll Pony tok nesten eit og eit halvt år å fullføre. Årsaka til det var at Gina rett etter at innspelingane starta, var ute for ei ulykke der ho mista synet på sitt høgre auge.

Det er imidlertid ei musikalsk klarsynt og moden dame som står fram på Rock 'n' Roll Pony. Uttrykket hennar kjem frå dei same kjeldene Lucinda Williams, Mary Gauthier, Kathleen Edwards og Suzie Ungerleider (Oh Susanna) har drukke av. Utan at det gjer henne til ei i mengda av den grunn. For sjølv om ho aldri tyr til originale vinklingar utstrålar ho eigenart berre i kraft av å presentere gode låtar på eit ærleg vis. Nesten berre gode låtar i alle fall, for eit par-tre er nok av litt anonym karakter, utan at vi skal la dei stå i vegen for inntrykket av eit støvande flott toneritt. Not Enough og Can't Come Down svingar seg i boogie-twang-lende. So Much For Dying er svartsyn i melodivakre omgjevnader. Why brenn og held igjen i verset før den forløyser og sprutar eld i refrenget. Medan Tryin' to Find You er ei fin lita countryvise i tonelandskap Steve Earle har vitja i nokre av sine meir nennsame stunder. Alle låtane utanom ein har ho komponert sjølv. Den eine er World Party sin fabelaktige Put the Message In The Box. Gina flyttar den litt lengre over i countrylende, og friskar til med ein stjerneversjon. I ein beskjed lagt ut på Gina si heimeside ser eg at Karl Wallinger er heilt einig.

Vil ikkje overraske meg om både Wallinger og den countryrock-fikserte hop der ute også omfamnar mange av dei andre tonane Gina byr på. Det ville i tilfelle vere fullt fortent.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo