cover

Christmas in Fallujah

Jefferson Pepper

CD (2006) - American Fallout

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Heartland rock / Americana

Spor:
Christmas in Fallujah
M-16
Bethlehem PA
Interstate Highway
Stranded
Back to 1999
Christmas Tree
Deceived
Soldier's Joy
Why
Armageddon For Sale
This Land Is Your Land
Plastic Illuminated Snowman

Referanser:
Steve Earle
Dave Alvin
Havalinas
Jason Ringenberg
Webb Wilder

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Jul, krig og eit manipulert folk

Pepper ladar tidvis med slåande tekstlige bilde, men fyrer stort sett av med middelmåtige tonar.

"That's not the sound of reindeer up on your roof at night,
We're coming down your chimney with guns and blinding lights..."

No er eg litt usikker på innbyggarane i Fallujah sitt forhold til julefeiring generelt og flygande reinsdyr spesielt. Likevel, eg synst Jefferson Pepper signerer eit verknadsfullt bilde her. Det gjer han faktisk fleire gonger på denne litt uortodokse juleplata. Både krigsbildet og eit par andre bilde. Det han ikkje er like treffsikker i forhold til er å kreere interesseskapande tonar.

Kva som er viktigast av orda og tonane i ein song herskar det vel ikkje den store kanoniserte semje omkring. Eg skal ikkje her komme med eit innlegg i den debatten, men konstaterer at det ikkje heilt uefne tekstlige opplegget til Pepper på nokre unntak nær slår litt i lause lufta på grunn av det nokså identitetslause melodiske formularet det er omgitt av.

Formularet er countryrock med trykk på rock. Der den elektriske gitaren spelar hovudrolla, men får tett hjelp av diverse andre strengeinstrument, helst av typen ikkje straumførande (akustisk gitar, fele, banjo, mandolin, steel gitar). Men dei skapar for lite nyanserikdom i si samhandling. Dei rir helst midt i vegen i eit udifferensiert og lite interesseskapande flokkmønster.

I fylgje eit fyldig presseskriv er ikkje Pepper ein fersking på låtskrivar-fronten (han har visst halde det gåande i 20 år), men Christmas In Fallujah er hans debut i innspelte former. Gnisten til å gjere denne plata vart tent i han då naboguten David Maples blei sendt av garde til krigssona i Irak. Maples hadde, akkurat som mange andre, verva seg i militæret for å skaffe seg pengar til ei framtidig utdanning. I dei 13 låtane på plata plasserer han ulike menneske med den same blue-collar bakgrunnen som Maples i hovudrollene.

I tittelkuttet, der han countrygitarrockar i velutprøvde men absolutt dynamisk dugande former, gjev han ordet til ein amerikansk soldat som prøver å rettferdiggjere sitt virke i Irak; "we came to help the people, it's not about the oil". Han trur ikkje heilt på det. Det tyngste og minst subtile angrepet sitt legg Pepper inn i dystre men meloditomme Armageddon For Sale; "manipulate the people, manipulate the facts, use the farce of freedom to justify your acts, send in all your weapons and your contractors too, that's democracy in action, the joke is we'll still vote for you".

På vegne av ein familie som har mista ein ung son og bror spør han Why? til sentimentale countrytonar. I eit rimelig dugande organisk tonebilde fortel han i Back to 1999 om den ærlige arbeidarane som blir lurt opp i stry av finansakrobatar, og taper pengane, jobben og familien. Og han kastar seg over Guthrie-klassikaren This Land Is Your Land som om han skulle ha sjølvaste Shane McGowan i hælane. Meir heseblesande enn sjarmerande.

Litt ironisk er det kanskje at låta eg finn størst hugnad i er den som ikkje snakkar med ei politisk tunge. Den som skildrar ei bortkommen sjel som ser tilbake på ei håplaus affære med ei Mary i Betleham PA; "in her second floor apartment there would be no virgin birth, so I rode across the desert, a falling star to light my way".

Resten av plata kan vi kanskje få la vere i fred, det er jo snart jul.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo