cover

Live a Little

Pernice Brothers

CD (2006) - Ashmont / One Little Indian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Rock / Kammerpop

Spor:
Automaton
Somerville
Cruelty to Animals
Zero Refills
Microscopic View
How Can I Compare
B.S. Johnson
PCH One
Conscience Clean (I Went to Spain)
Lightheaded
High as a Kite
Grudge Fuck

Referanser:
Brian Wilson
Burt Bacharach
Elvis Costello
The Jam
The Cure
The Smiths

Vis flere data

Se også:
Yours, Mine and Ours - Pernice Brothers (2003)
Discover a Lovelier You - Pernice Brothers (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Poptriumfen

Hey Joe, where you goin' with those tunes in your head? - I'm ridin' down PCH One to Somerville to get High as a Kite. Ein god idé Joe, ein god idé.

Då Joe Pernice og hans venner i Pernice Brothers gav ut ei liveplata tidleg i 2005 bar den tittelen Nobody's Watching/Nobody's Listening. Eit fornøyelig sjølvironisk grep frå eit band som slett ikkje har nådd ut til eit så stort publikum som dei strengt tatt har fortent.

No er dei klar med sitt femte studioalbum. Dei ventar seg sikkert ikkje dei store oppslaga eller salstala denne gongen heller. Så å gøyme bort den vesle unnselige tittelen Live a Little mellom femten enkle potet-trykk, slik "brørne" har gjort det på årets cover, kan kanskje vere ein rett så passande manøver. Men det er då du skal vite at bakom dette lite prangande ytre vil du finne nokre av dei staseligaste poptonane og den snedigast formulerte poplyrikken som har blitt til i 2006.

Det første steget tok Joe Pernice ein eller annan gong i 1997, då han luska vekk frå den lutrande flotte countryrock-gjengen Scud Mountain Boys, oppsøkte broder Bob og fekk han med på ideen om å stifte eit lite brødrelag. Bob har seinare vore litt til og frå i bandet. Noko ein vel også kan seie om alle dei andre som har spelt i Pernice Brothers samanheng. Utanom om Joe då. Han er konstellajonen si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde.

Innimellom Pernice Brothers utgjevingane har Joe også gitt ut eit album under eige namn (Big Tobacco) og eit under den fabelaktige signaturen Chappaquiddick Skyline. Han er mykje av den same mannen uansett kva han finn på å kalle seg og sine medsamansvorne. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn, der namn som The Smiths, The Cure, The Jam og Big Country skulle vere dugande referansar, serverer han sine tonar i eit raffinert popsnitt. Eit snitt som også viser at Joe opp gjennom åra har sett av rikelig med tid til å ande inn tonane til karar som Burt Bacharach, Brian Wilson og Scott Walker.

Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Pianoet kling av og til einsamt, av og til som ein del av eit større bilde. Strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Og lyden frå ein synthesizer får lov å sveve innom i ny og ne. Saman med gunstig rytmikk og ei og anna lydfinte frå anna instrumentalt hald plasserer alt dette Joe sine melodiar i eit lysande sonisk bilde. Inni dette bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.

Kanskje var det fordi fjorårets utgjeving Discover a Lovelier You var eit lite nummer stivare i draget enn sin forgjengar. Og den igjen var tilsvarande små lott mindre interessant enn dei to første albuma i Pernice Brothers-katalogen. Kanskje var det fordi at statistisk sett byrjar eit band som regel å bli litt mindre interessant når det har nådd si femte utgjeving. Eller kanskje var det fordi Joe Pernice har nytta dei same triksa ganske så lenge no. I alle fall, det var med ei kjensle av at eg sannsynlegvis hadde nådd eit slags mettingspunkt i mitt forhold til Pernice-lyden at eg smått likegyldig plasserte Live A Little i spelaren.

Eg skal ikkje her og no hevde at Live A Little sto fram i salig drakt allereie i første runde, og refrelste tvilaren. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar eg å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen eit faktum. Eg er fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, men likevel så herlig naturlige og utvungne, poptonar. Eg ser ingen som helst grunn til å prøve å kave meg ut her i frå.

"Who isn't worse or better than they seem? The chaste, the slutty and the in-between, him and her and she and her and him and she will answer to whomever when they die alone. But it feels too good to stop and find a stone to David at an ersatz giant in a party dress"

Det er få spor av det klisjefylte og poptekst-alminnelige i låtane til Pernice. Sitatet over er henta frå How Can I Compare, og alt er slett ikkje slik det kan virke (eller ikkje virke). Så "where's the beef, my brother? I just want a quiet life". Eg skal ikkje hardnakka hevde at eg alltid skjønar kor Pernice vil, eller ikkje vil, med orda sine. Men eg hevdar hardnakka at eg stortrivst i mine forsøk på å prøve å skjønne det. Eller ikkje skjønne det.

For å søke lærdom og inspirasjon har Pernice også grove fram litteratar dei færraste kjenner til. Ein av dei har han tatt med ein song om her. På 60- og 70-talet skreiv engelskmannen B.S. Johnson nokre romanar av eksperimentell karakter, om "debt everyone must pay" og "exact revenge in a grotesque way", før han tok livet sitt i ein alder av 42 år. Pernice komprimærer stoffet ned til 2 1/2 minutt vakker popmusikk som skaper eit inntrykk av ein visjonær, misforstått Van Gogh-slekta skikkelse.

For eit par år sidan skreiv forresten Joe Pernice ei bok sjølv. Med utgangspunkt i The Smiths sitt Meat Is Murder album forfatta han ein liten halvfiktiv historie. Boka er ein del av ein større serie (kalla 33 1/3), der kjente og mindre kjente skrivelystne får i oppdrag å legge ut om rennomerte rockealbum. Pernice sin venn musikkskribenten John Niven skreiv i fjor ein svært så frittståande historie kring The Band sitt legendariske Music From the Big Pink album. Same Niven har Pernice dedikert den friske og pop-perfekte High As a Kite til. Her går minna tilbake til den gongen bilde av Joe Strummer trona frå sentral veggplass og "London calling, strike up the contraband".

Du synst kanskje det held med avstikkarar inn i litteraturen sitt minefelt no? Vel, ...eg trur eg tek ein til. For to år sidan kom den prisheidra forfattaren Nick Flynn med ei bok om sin alkoholiserte og heimlause far, titulert Another Bullshit Night In Suck City. Sjølv om det er heilt andre utfordringar hovudpersonen i fantastiske Somerville møter, har eg ein mistanke om at det er same Suck City Pernice syng om her. Det er imidlertid ingenting som sucks med den melodiske utforminga av Somerville. Absolutt ingenting. Kalla eg ei anna låt her pop-perfekt, ja så er denne dobbel. Noko som minnar veldig sterkt om årets refreng har den også:

"I'm gonna take a lover. Gonna take her back to Somerville. Show her around the neighborhood, re-case the place and settle down. Gonna take a lover. Gonna take her back to Somerville. Don't care if she's pretty as we leave Suck City."

Eit anna forrykande poptriumferande refreng dukkar opp nokre nummer seinare:

"Play the one, it works out for the best. And the best is always yet to come. PCH One might be a catalyst, our panacea. Play the one where no one's really gone. Every answer's buried in a song. PCH One might be a mending kit. I need some mending."

Hooks-rik, spretten og uimotståelig. Det er PCH One det. Den beste låta om ein tur langs Pacific Coast Highway sidan Sonic Youth tok ruta for snart tjue år sidan. Om enn med eit noko anna sonisk utslag på lydmålaren.

Så kunne eg ha nemnt at Grudge Fuck er ein fyldiggjerande og flott gjenvisitt inn i ei låt frå Scud Mountain Boys tida, og at opningssporet Automaton er ein stram og tett Jam møter Shins sak der Peyton Pinkerton manar fram eit og anna grumt frå gitaren sin. Noko han, broder Bob og James Walbourne gjer ved fleire høve forresten. Utan at vi på nokon som helst måte snakkar power-pop her. Grasiøs, stikkande og vaken, veldig vaken, pop-musikk. Det er det det er.

Eg er ufattelig glad for at eg ikkje er blant dei som går glipp av dette her.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo