cover

Tiny Voices

Joe Henry

CD (2003) - Anti / Epitaph / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Soul / Poprock / Americana / Singer/songwriter / Jazzpop

Spor:
This Afternoon
Animal Skin
Tiny Voices
Sold
Dirty Magazine
Flag
Loves You Madly
Lighthouse
Widows of the Revolution
Leaning
Flesh and Blood
Your Side of My World

Referanser:
Tom Waits
John Hiatt
Van Morrison
Jim White
Elvis Costello

Vis flere data

Se også:
Scar - Joe Henry (2001)
Invisible Hour - Joe Henry (2014)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ei sterk og eigenarta stemme

Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.

Eg har ei stor synd å erkjenne: Eg har sannsynlegvis gjort Joe Henry ein grov urett. Det har seg nemlig slik at eg i 1999 etter nokre timar i samvær med Fuse konkluderte med at Joe Henry sin musikk var for så vidt grei nok den, men faktisk litt kjedelig også. Fem år tidlegare hadde eg rett nok funnet ein del fine ting på den country-infiserte Kindness of the World, men likevel uten at den var i nærleiken av å ta pusten frå meg på nokon som helst måte. Når så Scar dukka opp for eit par år sidan, og fekk omtalar som burde ført meg rett til nærmaste platesjappe for å handle inn, møtte eg den istaden med ei kald skulder: "Joe Henry, pøøhh!" Dette er truleg ein av dei største feilvurderingane eg har gjort i mitt platekjøpande liv.

Plata eg har levd saman med den siste tida, Joe Henry sitt siste verk døypt Tiny Voices, er nemlig ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.

Til sitt vesle sjangerblandande univers har Joe Henry fått med seg ein brokete gjeng musikantar. Frå den mykje brukte tangentspelande Patrick Warren (Michael Penn, Macy Gray, Aimee Mann) til den frilynte klarinettisten Don Byron. Før innspelingane skulle ta til gav han desse musikarane, i frisk stil, kun skissene av låtane. Han ville nemlig ikkje at dei skulle møte med for mange fastlåste overtydingar om korleis dette skulle låte. I løpet av fem dagar improviserer og spelar dei så inn dei tolv spora som utgjer Tiny Voices.

Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

Sjølv om Joe Henry sitt uttrykk absolutt kan få karakteristikken originalt, har han i likhet med alle andre også latt seg påvirke av nær og fjern musikalsk historie. Nå har ikkje eg den voldsomme kjennskapen til mannen sine favorittkjelder, men ynskjer likevel å peike på fire album som eg personleg synest har eit visst slektskap med Tiny Voices:

Det første albumet eg vil trekkje fram er i mange sine auger eit av rockehistoriens største, vi snakkar om Van Morrison sitt stilblandande verk Astral Weeks. Eg føler nemlig at Joe Henry er ute i noko av det samme ærendet her, der han blandar rock, folk, soul, blues og jazz på den mest naturlige måte.
Dei to neste albuma er John Hiatt sitt Bring the Family og Graham Parkers Howlin' Wind. I tillegg til ein viss stemmelikhet med desse to, er det låtar på Tiny Voices som melodimessig held til i samme soulinfiserte landskap som det Hiatt og Parker opererer i på deler av sine utgjevingar.
Den fjerde plata er Kind Of Blue. Ja, du leste heilt rett, Miles Davis sitt mesterverk frå 1959. Eg er ingen jazz-kjennar, hadde eg vore det kunne eg sikkert funnet eit meir opplagt valg. Men det er likevel noko med den leikande, fabulerande og improviserande framferda som gjer at Tiny Voices har mykje av det samme vinnande vesenet som jazzklassikaren.

Vel vel, nå skal eg ikkje dra dette lenger ut på viddene, men heller prøve å bringe oss tilbake til det det egentlig skulle handle om, låtane på Tiny Voices. Det åpnar med This Afternoon, ein sak der Joe sine fraseringar ikkje er så ulikt ein viss Sting, men med langt meir substans enn kva engelskmannen har å vise til. Vi får og servert små friske utblåsingar frå både nevnte Byron og trompetisten Ron Miles. Ja, låta markerer seg som ein særdeles velsmakande og kvalifisert smaksprøve på kva vi har i vente. Tekstmessig slår han også an tonen her, stikkord er ubehag, maktmisbruk, svik, unge prostituerte, forretningsmenn, revolusjon og ein oransje kopp. Og det er som regel her i dette temmelig dunkle og mistrøstige lendet han opererer. Han gjer det imidlertid som oftast på eit surrealistisk og absurd vis. Slik at dei sterke, svette, desperate, mørke, skitne, blodige, lidenskapelige, dirrande og kryptiske bildene han teiknar får eit ikkje så lite burlesk preg.

Sånn, då får eg kanskje prøve meg på ein liten karakteristikk av dei resterande spora. Og då tenkjer eg vi startar nærast jazz-territoriet og bevegar oss gradvis mot soul- og pop-riket. Dei mest jazzinspirerte tilfella har sine representantar i dei seige og ulmande låtane Animal Skin og Flesh and Blood. Sistnevnte var for øvrig også eit av høgdepunkta på Joe Henry-produserte Solomon Burke comeback frå i fjor. Jazz er vel også kanskje den viktigaste dosen i dei Tom Waits-liknande Loves You Madly, ikkje så reint lite sprelsk og karnevalsk, og Widows of the Revolution, som nærmast kunne vore henta rett ut av Small Change. Joe Henry er nå for øvrig å finne på samme label som Waits, Anti/Epitaph.

Dampande om skam og mismot er balladen Sold; "Please don't speak another truth out loud, whatever else you do". Mens Byron sin klarinett truar med å sette fyr på nydelige Leaning, som handlar om rastlausa og dei fortvila minnene som ikkje slepper taket når den klaustrofobiske einsemda truar. I frå samme melodiske kjelde har Henry også henta inn dynamiske og stridslystne Flag. Tittelkuttet er ein enkel rockelåt, laust joggande, funky og med eit deilig luftig groove. Tilstandar som og kan være ganske så beskrivande for den litt barskare Dirty Magazine.

Albumet sine kanskje mest iøyrefallande stunder er å oppleve i selskap med det duvande soulpop-eventyret Lighthouse, og avsluttande Your Side of My World som etterkvart smyg seg inn i mektig harmonisang. Ein sjølvransakande illusjon, eit surrealistisk opptog; "coming in as big as life, from your side of my world". Grundig vakkert.

Så ta dykk tid og råd til ein tur inn i Joe Henry sin musikalske verden. Det er nemlig slett ingen god idé å ignorere denne akrobatiske og innovative artisten, eg talar av erfaring. Men no skal det rettast opp att; Fuse har alt fått sin oppreisning, og ved sida av meg ligg eit nyinnkjøpt og jomfruelig eksemplar av Scar. Eg gler meg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

...
17.10.17 - 17:35

god jobb, har lurt etter informasjon...
15.10.17 - 22:49

glad for å bli med i...
15.10.17 - 22:48

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo