cover

Seasoned Eyes Were Beamed

Sarah Lov

CD (2009) - Nettwerk / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Singer/songwriter

Spor:
Just Beneath the Chords
Frankie
A Thousand Bees
New York
Old Friends
Seasoned Eyes Were Beaming
Animals
Touched
Tell Me How
Fountain

Referanser:
Devics
Carole King
Laura Nyro
Janis Ian
Marty Jones
Mary Lorson
Cat Power
Beth Orton

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Joviale tonar

Folkpop i eit velstelt, sjarmerande og tradisjonelt landskap.

Det er ikkje så heilt enkelt å seie noko om Sara Lov som ikkje allereie er sagt om ein del andre. Andre som driv og syslar med folkrelaterte tonar i eit organisk popbilde. For ho signerer ikkje med musikalske strekar som skil seg særlig ut frå tonar vi har høyrt før. Eller utmerkar seg med eksentriske krumspring eller unotar av noko slag. Men eg har lite imot måten ho signerer på likevel, eg. For den er fin den. Uproblematisk, jovial og fin.

Seasoned Eyes Were Beaming er Sara Lov sitt debutalbum under eige namn, men ho har spelt og songe på plater før. Sånn cirka sidan midten av nittitalet. Som ein viktig del av drøymepopbandet Devics. Om det bandet har drøymt sin siste draum og spelt si siste note veit eg ikkje, men songaren har i alle fall tatt nokre solide steg bort frå det atmosfæriske landskapet dei var i, og inn i ei nøysammare og meir jordnær form. Ei folkpopform, der pianoet og den akustiske gitaren vekslar på å vere det berande instrumentet. Berande i eit yndefullt og melodisk/dynamisk velstelt bilde. Eit bilde den klare og lite tilgjorte røysta til Sara Lov på sympatisk vis dominerer.

Eit pastellblomstrande plateomslag gjer sine hint om at det ikkje er dei mørkaste og vanskeligaste av emosjonar fokuset kjem til å bli retta mot. Og ganske så riktig, måten Sara Lov tonar fram på fortel at ho nok ynskjer meir å halde til på den håpefulle og lettona sida av skalaen, enn på den duknakka og introspektive sida. Utan at dei mellommenneskelige tilhøva ho reflekterer over er heilt utan problem av den grunn. Absolutt ikkje.

Men i staden for å snakke om hemn og djup fortviling, spør ho seg; "How sweet is the revenge, when you don't want it anymore?". Det gjer ho i låta A Thousand Bees. Ei pianodriven og melodisk tiltalande låt. Det siste kan ein vel seie om dei fleste spora her. Men sterkast kan ein seie det om Animals. Ei oppbrotsvise, der ho syng duett med Alex Brown Church (frå Sea Wolf). Om eit brot som slett ikkje kjennes heilt godt ut, derfor spørsmålet; "What kind of animal are we?". Men også eit brot som, trass sitt smertande aspekt, har ein viss lærdom i seg; "I never, never learned to swim, until you came around and pushed me in".

Animals er forresten ein av tre songar Sara Lov har skrive i kompaniskap med Devics-kompadre Dustin O'Halloran. Med unntak av Paul Simon-låta Old Friends er dama eineansvarleg for resten av materialet. Og viser at det har ho eit dugande grep om. Aller best viser ho det med Fountain. Cellodraperte og grasiøse Fountain. Der ho fører ein dialog med ønskebrønnen, og stiller den det sentrale spørsmålet; "Don't you wish you could throw your pennies back at them?".

Sara Lov debuterer ikkje med ei plate som vil få ein sentral plass i den store vrimmelen av folkrelaterte plater. Men ein plass vil den få. Ein ganske bra plass.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo